cover

Creep On Creepin' On

Timber Timbre

CD (2011) - Full Time Hobby / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Folk / Blues

Spor:
Bad Ritual
Obelisk
Creep On Creepin' On
Black Water
Swamp Magic
Woman
Too Old To Die Young
Lonesome Hunter
Do I Have Power
Souvenirs

Referanser:
Jim White
Johnny Dowd
M. Ward
Great Lake Swimmers
Roy Orbison
Morphine

Vis flere data

Se også:
Timber Timbre - Timber Timbre (2009)
Hot Dreams - Timber Timbre (2014)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Skummel folk

Folkrock som kjem snikande som ein labil ulv eit kvarter over midnatt.

Eg kan høyre dei vart skrivne med svart blekk desse songane. Eg høyrer dei knirkar og omgjer seg med lydlause lydar eg finn det vanskelig å stole på, desse songane. Eg høyrer dei lever, men eg er ikkje så sikker på om dei har det heilt bra.

Desse songane, til Timber Timbre. Bandet som fekk sitt namn då opphavsmannen, som til daglig kallar seg Taylor Kirk, for nokre år sidan fant ein avsides plett blant sedertre og skogens tunge pust for å spele inn debutalbumet sitt. Eit einmannsband må ein vel seie han var den gongen. Og neste gong. Då han for tredje gong spelte inn eit album inviterte han imidlertid ei lita handfull medspelarar med seg. Men til eit offisielt band gjorde han dei ikkje. Plata var først og fremst hans. All songs written, performed and recorded by Taylor Kirk stod det å lese inne i coveret. Songar han hadde sveipa inn i eit mørkkledd tonelag, og skjenka eit ordelag dyppa i ein undertrykt og skuggevandrande desperasjonen. Songar det vel skulle gå an å kalle noko slikt som gothfolk, eller kanskje horrorfolk. Alle hadde dei eit dystert bluesblikk, og vart sunge og ført fram i ein langsam og nådelaust suggererande skapnad.

Denne gongen er dei absolutt eit band med meir enn ein. All songs composed, arranged and produced by Timber Timbre står det å lese i coveret. I tillegg til Kirk (som syng, og spelar på litt av kvart) har Simon Trottier (som også spelar på litt av kvart) og Mika Posen (som spelar på fiolin) fått tildelt offisielt bandmedlemskap. Dei har selskap av saksofonisten Colin Stetson, pianisten Mathieu Charbonneau, og Katherine Peacock på trekkspel.

- Dette er då nokre skritt i ei popretning, var ein tanke som slo meg, sånn med ein gong. Idet eg ana at det var noko meir tempo over sakene, litt meir sprett i rytmikken enn kva det var sist. Tanken grodde seg ikkje fast, ein kontratanke tok over og erklærte at dette jo slett ikkje var popmusikk. Langt meir presist må det då vere å kalle det Poemusikk, tenkte eg. Musikk heimsøkt av knokkellydar og demoniske manøvreringar. Songar sunge med ei røyst eg meinar å ha høyrt blåse tvers igjennom mang ein Edgar Allan Poe historie.

Ikkje saker tilpassa den lettskremte altså, og lite å hente for den som helst vil ha sine tonar i trygge og komfortable former. Og heller ikkje så mykje å hente for den som skulle vere allergisk mot alt som kan bli tatt for å vere meir enn femti år gammalt. For det kan nok Timber Timbre, der dei går sine steg saman med Screaming Jay Hawkins, eller croonar i bakgarden til Roy Orbison. Dei har eit slikt femtital i seg. Men berre i seg. Det dominerer på ingen måte. Timber Timbre er først og fremst og framleis dette suspekte folkbandet som samlar nittenførtitalet og morgondagen i same sekk, og deretter kryp inn i natta med ugode rørsler i skallen og kaldslige syner i vente.

I saw your levitating chair

I found your long blonde hairs

I felt your poltergeist present in the frame of the bed


Linjer som er meir typiske enn utypiske for kva som blir presentert på Creep On Creepin' On. Nett desse dukkar opp i Bad Ritual. Men meir enn eit nærvær av bankeånder og synet av svevande stolar tenker eg at songen handlar om eit inderlig sakn, ein djupfølt anger, og (for å låne eit Poe-uttrykk) fantastisk terror. Noko ein vel på tilnærma vis kan seie om dei fleste songane på plata.

Well I've done some truly awful things
And you must be very terrified
Well you have every reason to be frightened
Since you been reading my mind
Who am I to deny this moment
And who am I to even question it?
There is a cross on a mountain baby
There is a cross glowing over your head
Please break this spell you have me under
Every heart is a lonesome hunter


Lonesome Hunter heiter den. Er innehavar av albumets sterkaste melodilinjer, litt bistert fiolinskjelv, og elles ein fornuftig dose attraktiv og urovekkande skurring der bak. Og ikkje minst den der knokkelhule pianolyden som forfølgjer dei fleste låtane på plata. Den er der i tittelsporets stakkato gyng og mismotige refreng, "I buried my head in my hands, I buried my heart there in the sand". Den er der når Kirk rimelig overtydande hevdar at "all I need is some sunshine" i Black Water. Men den er der ikkje i dei tre tekstlause låtane. Instrumentalane. Sjølv om eg opplever at dei stort sett talar same språk dei med. "Ooouoh-oooouoohu".

Kanskje ikkje like inntrengande som det kjentest sist, på den der sjølvtitulerte. Men den evnar å krype innafor hudoverflata denne også. Det gjer den.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Torgeir Waldemar: Natta, tankane og morgondagen

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast...

Groovissimo


Torgeir Waldemar - Torgeir Waldemar

(Vestkyst)

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast.

Tidligere:

Ought - More Than Any Other Day