cover

Third / Sister Lovers

Big Star

CD (1978) - Rykodisc

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Rock'n'Roll

Spor:
Kizza Me
Thank You Friends
Big Black Car
Jesus Christ
Femme Fatale
O, Dana
Holocaust
Kangaroo
Stroke It Noel
For You
You Can't Have Me
Nightime
Blue Moon
Take Care
Nature Boy
Till the End of the Day
Dream Lover
Downs
Whole Lotta Shakin' Goin' On'

Referanser:
The Kinks
The Velvet Underground
The Posies
Teenage Fanclub
Jeff Buckley
The Box Tops

Vis flere data

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Nervesenter

Det tredje og siste albumet til det legendariske Memphis-bandet Big Star.

Alex Chilton - vokalist, gitarist og fremste kreative drivkraft i Big Star hadde i tenåra smakt på suksess. Som sangar i Box Tops, eit band som hadde fleire plasseringar høgt på hitlistene, sangen The Letter var sågar nr. 1 i heimlandet. Alex sang soul med ei stemme som var han ein vaksen mann med livserfaring i fleng. Bandet blei imidlertid i stor grad styrt av folka i plateselskapet, som hyrte inn låtskrivarar for å få hits.
Det tok ikkje så lang tid før Alex var misfornøyd med denne situasjonen, og forlot prosjektet.

Tilbake i Memphis slo han seg saman med eit band som kalte seg Ice Water, dei besto ellers av Chris Bell (sang og gitar), Andy Hummel (bass) og Jody Stephens (trommer). To herrer med navn John Fry og Terry Manning dreiv platestudioet Ardent i Memphis på denne tida. Her spela bandet (som no hadde bytta navn til Big Star, etter supermakedet på andre sida av gata) inn sitt første album, det fekk tittelen No. 1 Record (1972). Eit flott popalbum med eit overbevisande driv, influert av britisk 60-tals pop og amerikanske band som The Byrds. Full av sterke låtar som den er, burde den ha mulighet til å nå eit større publikum. Men slik gjekk det ikkje. Ardent studio hadde og blitt til plateselskap labelen Ardent, og skaffa seg ein distribusjonsavtale med Stax. Det heile svikta, og plata blei fullstendig oversett. Den fekk berre ein bunke gode kritikkar (har me høyrt det før...?)

Uenigheter og spenningar oppstod i bandet. Chris Bell forsvant ut. Bandet blei nesten heilt oppløyst, men kom etterkvart tilbake som ein trio og spelte inn det som blei den andre plata Radio City (1974). Her var dei endå meir overbevisande enn på debuten. I tillegg til heftige popharmoniar blir det heile jaga fram av ein skarp og rå energi, og det kan merkast at dei kjem frå soulbyen Memphis. Det blei imidlertid ikkje noko vidare platesalg av det denne gangen heller. Sjølv om omtalane nok ein gong var strålande, var det ingen ansvarlege i salgsleddet som viste interesse, eller hadde tru på plata. Denne gangen var det bassisten Andy Hummel som forsvant.

Vi skriv 1975, Big Star er igjen i studio, men nå altså redusert til ein duo. Ja kanskje ikkje det eingong, Jody Stephen har sjølv uttalt i ettertid at han nærmast betraktar Big Stars tredje (altså Sister Lovers) som eit Alex Chilton soloprosjekt. Og for eit prosjekt. Alex Chilton er desillusjonert, forbanna og føler seg svikta, lurt og aleine mot alle. Folk innan for plateindustrien er ikkje til å stole på (dei er både visjonslause og inkompetente), derfor; nå skal alle gjere det slik Alex ser det og vil det. Her skal det ikkje inngås kompromissar.

Etter dei første gjennomlyttingane kan Sister Lovers høyrast ut som ei merkelig plate, som ikkje på nokon som helst måte heng saman. Både retningslaus, underprodusert og feilprodusert. Det kan godt være den er det også, men då burde fleire gjort det på dette viset, for etterkvart dukkar det fram av rotet ein overbevisande juvel av ei rockeplate.
Powerpopen som vart utvikla på dei første platene er så godt som forlatt. For sjølv om den har sitt knippe av frenetiske rockelåtar, rå og brutale som ein sjelden høyrer det. Er dette først og fremst ei plate med dystre og angstfulle balladar gjort med inderlig glød og med eit usedvanlig variert lydbilde.

Ta for eksempel Kangaroo (som Jeff Buckley seinare har gjort ein fin versjon av), Alex Chilton tok med seg kjæresten Lesa Aldredge (Jody Stephen var kjæreste med søstera hennes, derav platetittelen Sister Lovers) i studio. Ho styrte lyden, Alex spelte tolvstrengsgitar med full feedback, og sang, alt på samme spor, slik at ein ikkje kunne fjerne nokon av gitarkaskadene utan at sangen og blei fjerna. Han gav opptaket til produsenten Jim Dickinson (den tidligare produsenten John Fry hadde Alex komme heilt på kant med) med beskjed om at vil du være produsent, ja så for du klare å gjere noko ut av dette. Dickinson la på trommer, litt akustisk gitar og mellotron. Låten har fått eit "preg av østen", og er eit uforedla og vakkert stykke musikk, eit av høgdepunktene (på eit album av nesten berre høgdepunkter). Faktisk blei Chilton også fornøyd, og begynte for første gang under innspelingane å få respekt for produsenten.

Som før nevnt var forholdet mellom Alex Chilton og John Fry ikkje det beste. Når så mr. Fry kommenterer overfor Alex at låten Downs er fengande og har hitpotensiale, responderer Alex med å lage ein mildt sagt ukonvensjonell versjon av låta. Der blant anna ei basketballkorg spelar ei viktig rolle. Låta hadde vel neppe blitt ein hit uansett, med ein tekst som handlar om alt anna enn sunn amerikansk livsstil. Korleis det funkar? Eg trur ikkje sangen kunne fått eit betre arrangement. Den er berre så maksimalt snerrande og udanna.

Det blei tilsaman spelt inn 19 låtar under innspelingane. Herav er 14 Alex Chilton komposisjonar, ein er komponert av Jody Stephens, og fire er coverlåtar. Den flottaste av desse fire er versjonen av Velvet Underground klassikaren Femme Fatale, som til og med overgår originalen. Først og fremst fordi Alex med sin sang klarar å tilføre låten endå meir energi og spenning enn det Nico gjorde. Dei andre coverlåtane er Nat King Cole sin Nature Boy, The Kinks låta Till The End of the Day, begge i kompetente versjonar, platas einaste svake spor er Jerry Lee Lewis klassikaren Whole Lotta Shakin' Goin On som på ingen måte matchar originalen.

Jody Stephen sitt bidrag For You, er ein fin poplåt, med eit lekkert
strykararrangement. I det heile blir det brukt mykje strykarar på Sister Lovers, noko som definitivt er medvirkande til å gjere opplegget både ekstra intenst og dunkelt.

Resten er Chilton originalar. Kizza Me, eit primalskrik av ein låt, som er rett så fengande i all sin hensynslause prakt. O, Dana er i samme gata, men er kanskje litt meir harmonisk. Aller best av desse desperate rockelåtane er You Can't Have Me, refrenget på denne avspeglar sjølve essensen på plata; "You can't have me, not for free". Ein fantastisk låt, som ein heile tida har på følelsen skal ramle saman, men som utfører ein febrilsk dans på knivseggen heilt til den er i mål. Meir likefram er Thank You Friends, der ein tilsynelatande audmjuk Alex står fram og takkar; "Wouldn't be here if it wasn't for you", men kanskje det heller bør tolkast som eit ironisk spark på leggen til alle som Alex føler har svikta han i denne bransjen.

Big Black Car er ein langsom nesten messande ballade, der den skisserer korleis ein lyt beskytte seg mot skuffelsar og nederlag. Mens den absolutte undergangsstemningen blir skildra Holocaust, her er det ingen nåde, noko som blir fullkomment understreka av seige monotone strykarar. Sangen sluttar slik;
"You're a wasted face, you're a sad-eyed lie, you're a holocaust".
Treng eg sei meir? Sikkert ikkje. Såleis er ikkje dette musikk å danse til, ikkje av typen konvensjonelle danseformer i alle fall. Alex Chilton byr imidlertid opp til dans i sangen Stroke It Noel. Den opprinnelige tittelen var Do Ya Wanna Dance, og er ein vakker draum av eit musikkstykke, der strykarar igjen spelar ei viktig rolle.

Med nydelige Jesus Christ har dei prestert å skape verdens flottaste julesang (sic). Og så har vi Nightime, Blue Moon og Take Care, alt musikk som i sin tristhet klarar å varme og røre ein, men eg trur eg har brukt altfor mange adjektiver allerede, så det for halde. Vel kanskje ikkje heilt, for sjølvsagt skal vi ikkje gløyme Dream Lover, ein saktegåande psykedelisk fantasi, med eit deilig langsomt gyng som ein berre blir sugd inn i. Det var den siste låten dei spelte inn. Så der ender soga om Big Star.

Sister Lovers er kanskje mest ein dokumentasjon av ein tilstand (eller snarare fleire tilstandar). Noko som i seg sjølv gjer plata interessant, men det som til slutt gjer det til den gysaren det er, er sjølvsagt melodiane. Utan så mange ekstraordinære og geniale komposisjonar kunne og ville dette naturligvis stått i fare for å ende som eit ganske vimsete tiltak. Slik Alex Chilton sine plater etter dette verket dessverre i stor grad fortonar seg.

Dette er imidlertid albumet som treff sjølve nervesenteret i Rock'n'roll. Her er det ikkje på liksom, eller nokon som forestiller seg, eller leikar eksentrisk berre for å være det. Nei, dette er alvor. Sånn gjer vi det, sånn blir det, for sånn var det akkurat då. Ingen flikking og pynting på resultatet for å gjere det meir lyttarvennlig. Slik blir det ei plate som er voldsomt levande, og heilt utan holdbarhetsdato. For i motsetning til korleis det er i matverden, der ein oppnår lenger holdbarhet ved å tilsette og fikse (sunnhetsgehalten blir ein annan debatt), så er det den blodferske materien som held lengst i Rock'n'roll.

comments powered by Disqus

 



Molle
2004-11-25En åpenbaring!

FANTASTISK!
Desillusjonert, rasende, skranglete, sår, rusten, EKTE musikk!
En plate å leve til.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo