cover

Population: Me

Dwight Yoakam

CD (2003) - Audium / KOCH / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Countryrock / Honky Tonk

Spor:
The Late Great Golden State
No Such Thing
Fair to Midland
An Exception to the Rule
Population Me
Stayin Up Late (Thinkin About It)
Trains Boats and Planes
It Teardrops Were Diamonds
I'd Avoid Me Too
The Back of Your Hand

Referanser:
Buck Owens
Merle Haggard
Willie Nelson
Lyle Lovett

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Svikefulle kvinner, seine kveldar og bitre tårer

Endå eit respektabelt verk frå mannen med hatten.

Det er blitt hevda med stor overbevisning at 80-talet var eit heller skralt tiår for pop og rock-relatert musikk. Det er noko eg personleg finn vanskelig å kunne støtte fullt ut, det gav oss jo tross alt navn som R.E.M., Pixies, The Replacements, Dream Syndicate, Violent Femmes, Prince og Nick Cave, berre for å nevne ein handfull. Og i det herrens år 1986 steig det fram ikkje mindre enn tre lovande debutantar innan countryrock-sjangeren. Steve Earle med sitt mesterverk Guitar Town, Lyle Lovett med sin flotte sjølvtitulerte debut, og Dwight Yoakam.

I ein alder av nær 30 år platedebuterte Dwight Yoakam med det briljant titulerte albumet Guitars, Cadillacs etc etc (skal ein være heilt nøyaktig, så er albumet ein utvida utgave av EPen med samme navn som blei gitt ut på eit uavhengig selskap to år tidligare). Denne karen henta sin inspirasjon direkte frå eldre kjelder som Lefty Frizzell, Buck Owens og Merle Haggard. Og med ei uforfalska overtyding samt eit raffinert grep om fortida, framførte han tradisjonell countrymusikk i fersk tapning. Dermed gjorde han definitivt sitt til at denne musikkformen skulle bli akseptert i vidare kretsar. Med grandiose nummer som blant andre Johnny Hortons Honky Tonk Man, samt Yoakam sine eigne It Won't Hurt, South of Cincinnati og tittelkuttet framstår albumet fortsatt som ein klassikar innan country-sjangeren.

Han har vel aldri heilt klart å matche dette albumet i ettertid. Men fleire fine plater har det blitt, og nå er han framme med sin femtande utgjeving i fullformat. Population Me, som er Yoakam sin første på labelen Audium, plasserer seg også greit inn som eit respektabelt verk frå mannen si hand. Likevel er det nokre skritt unna friskheten og gløden han viste fram i 1986.

Det startar ut i ein slags west-coast retning. For som tittelen ber bud om, dreier sangen The Late Great Golden State seg om California, og då er det jo kanskje ikkje så dumt med harmonisang i beste Eagles-stil. Best er likevel Yoakam i meir spartanske og eksistensielle tilfeller, som balladen Fair to Midland (om lengsel, anger og skam) og Gregg Lee Henry sin komposisjon The Back of Your Hand, ein sparsom men like fullt spenstig arrangert vemodig affære om kvilelaus resignasjon. Willie Nelson dukkar også opp på plata, og med låta If Teardrops Were Diamonds gjennomfører han og Yoakam ein duett som nesten når Streets of Bakersfield høgder. For nyankomne; sistnevnte låt er ein duett Yoakam gjorde saman med sin kanskje største inspirasjonskjelde Buck Owens, på plata Buenas Noches From a Lonely Room.

Nevnast må også tittellåta, ein hudlaus sak der fortvilelse og følelsen av den ultimate einsemd har grepe tak i hovedpersonen; "she's no longer here, the population's me". Pete Anderson er som vanleg Yoakam si høgre hand, og bidrar med både stødig gitarspel og produksjon. Og sjølv om ikkje alle låtane kallar på like stor interesse, viser Dwight at han framleis kan gje elskarar av ærlig countrymusikk litt å bite i.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo