cover

Skinny Grin

Acoustic Ladyland

CD (2007) - V2 / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Jazz

Stiler:
Rock / Post-punk / Avantgarde / Frijazz

Spor:
Road of Bones
New Me
Red Sky
Paris
Your Shame
Skinny Grin
Salt Water
Cuts & Lies
Glass Agenda
That Night
The Rise
The Room
Hitting Home

Referanser:
The Thing
Morphine
Ian Dury
Gang of Four
X-Ray Spex

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Post-jazz?

Ein gjeng som miksar saman tinga litt annleis enn nokon har gjort før.

Jimi Hendrix kunne få gitaren til å snakke, kviskre, frese og skrike som tusen vindar. Ingen stad kom dette tydeligare til uttrykk enn på hans mangslungne og høg-psykedeliske meisterverk Electric Ladyland. Eit band som kallar seg Acoustic Ladyland drar derfor på seg visse forventningar.

Skinny Grin er denne London-kvartetten sitt tredje album. Underteikna har ikkje høyrt dei to første, men etter kva eg forstår er ikkje opplegget himmelstormande annleis der. Dei har eit jazzig og tidvis nokså frittforma utgangspunkt, men søker meir enn gjerne over mot rocken sitt meir stringente vesen. Men der svensk/norske The Thing raidar garasjerocken er det den edgy nerven til postpunk-band som Wire og Gang of Four Acoustic Ladyland kastar seg over.

Frontfigur, litt vokalist, men først og fremst saksofonist i bandet, Paul Wareham, har uttalt at han ynskjer å få hornet sitt til å lyde som ein gitar. I mine øyrer er han vel ikkje heilt i mål med det forsøket, men han har mykje både friskt og neonfarga føre seg. Tangenttraktør Tom Cawley vekslar mellom å produsere pianoklingande tonar og meir flytbaserte og tynnare keyboardstonar. Bassist Tom Herbert går ofte opp eit funky spor. Medan Seb Rochford ikkje akkurat kan seiast å vere varleg i sin omgang med stikker og trommeskinn.

Originalitet er ein eigenskap som ofte blir applaudert der den finst, og etterlyst der den manglar. At den tidvis nokså eklektiske innstillinga til Acoustic Ladyland ofte fører dei inn i soniske samansetningar dei er ganske så aleine om vil vel få som har høyrt dei protestere på. Utan at dei vinn heile hjarta og stort meir enn halve groove-skalaen av den grunn.

For det første. Dei finn vel strengt tatt ikkje opp noko nytt. Dei miksar eigentlig berre i hop noko som har dansa rundt der ute i årevis, om enn på eit litt anna vis enn kva andre har prøvt før. For det andre. Dei skaper ikkje den dampande, substansielle, forknytte og beint fram oppskakande tonen dei kunne ha fått utav denne miksturen. For det tredje. Der det hadde vore på sin plass med melodisk skarpsinn, er det slett ikkje alltid på plass. For det fjerde. Tonen frå Cawley sitt keyboard blir tidvis noko fislete og dårlig åtti-tal. For det femte. Paul Wareham har ikkje ei songstemme av typen som ber ei låt.

Når alt det er sagt. Eg likar mykje av det dei har for seg på Skinny Grin. Eg likar kontrastane som opningssporet er bygd av. Der lyrisk pianoklang og eggande saksofontonar går i eit brutalt møte med ein dissonant vegg av støy. Eg likar dei melodiske saksofontonane og den bass-groovy forma som Red Sky kjem seglande i. Eg likar kombinasjonen av røykfulle Morphine-tendensar og lausslopne forsøk i Your Shame. Og eg likar måten film-noir stemninga må tåle skiftingar i mønsteret og blir gitt skarpe kantar i eit dobbelt saksofonmøte mellom Wareham og James Chance i Salt Water. Ei låt dei forresten har fått Scott Walker til å mikse.

Men eg likar ikkje... nei vent litt. For det er meir eg likar. Dei fire låtane nemnt i førre avsnitt høyrer til i avdelinga for dei vokallause. Ei avdeling som samla sett tel omlag like mange som avdelinga for dei vokalforsynte. Eg sa ein stad noko om at røysta til Wareham er i veikaste laget, godt er det då at dei har hyra inn to damer til å ta seg av dette på to av spora. "If you gave me a dog it would bite me" syng Alice Grant i harmfulle former i den alt anna enn optimistiske, men særdeles kvasse og postpunkfunky, Paris. Medan ei dame pseudonymisert som Coco Electrik får røysta si sentralt plassert i den ertande og dunkelt swingande Cuts & Lies.

Om Acoustic Ladyland i neste omgang er karar for å utvikle dette prosjektet sitt og føre det inn på endå litt meir vågale og dampande spor, og samstundes i større grad gjer songmikrofonen til folk med karakter i røysta (gjerne damer), skulle dei ha dugande sjansar til å klore på plass verkelig minneverdige saker. Trur eg.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo