cover

Please and Thank You

The Broken Family Band

CD (2009) - Cooking Vinyl / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Garasjerock / Poprock / Pubrock

Spor:
Please Yourself
Salivating
St. Albans
You Did a Bad Thing
Cinema vs House
Borrowed Time
Mimi
Dont Bury Us
Stay Friendly
Son of the Man
The Girls in This Town
Old Wounds

Referanser:
The Hives
Reigning Sound
The Walkmen
The Vines
The Len Price 3
The Constantines
Brinsley Schwartz
Slade

Vis flere data

Se også:
Jesus Songs - The Broken Family Band (2004)
Jesus Songs - The Broken Family Band (2004)
Welcome Home Loser - The Broken Family Band (2005)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Rett på sak

Ukomplisert og gitarfiksert rock'n roll, rimelig fri for utfordrande tendensar.

Etter platetittelen å dømme er det eit audmjukt og elskverdig innstilt Broken Family Band som entrar manesjen denne gongen. Realiteten er nok noko annleis. På sitt mest optimistiske handlar Please and Thank You om å ikkje kaste inn handkle sjølv om utsiktene er ganske tilskya. Men vel så ofte blir det trakka rundt i heller desillusjonert sørpe, eller det blir gjort freidige forsøk på ytringar av det meir sarkastiske slaget. Ikkje så heilt ulikt det vi har høyrt frå denne kanten før, altså.

Med ryggen til dei akademiske salane i heimbyen Cambridge har dei forma stoffet i eit ukomplisert og gitarfiksert rock'n roll bilde. Eit lydbilde som har fjerna seg ein god del frå der dei var den gongen dei starta opp, for sju-åtte år sidan.

Då var dei inspirert av ein Texas-tur, skaffa seg banjo og steel-gitar, la om til amerikansk aksent, og lot det stå til. På sitt beste riktig så friskt og sjarmerande. Langs vegen har dei gradvis funne tilbake til den engelske aksenten, tatt i bruk meir elektrisk kraft, og tona ned countryfaktene. Til dei i dag står her heilt utan banjo og steel-gitar, og høyrest ut som om dei nett har komme ut av garasjen.

Men evna til å foreine tonar i eit melodisk sett dugande mønster har dei ikkje lagt av seg. Den viser dei fram i denne forma også. Om enn ikkje heile vegen til endes.

Den er der i det beiske opningssporet. Der songaren, Steven Adams, ber ein livsfjern kompis, med barten full av kokain, om å heller komme seg tilbake til hotellsenga; "and please yourself". Den er der i Salivating, der det velkjente temaet "borte bra men heime best" blir lagt på bordet i rimelig illeluktande og botferdig fylde. Og den er der i Cinema vs House, ei låt der problematikken om kor den beste staden for ein date er, blir tatt opp til vurdering; heime hos deg, heime hos meg, eller kanskje på kino ("but that's two hour without speaking").

På grensa til plumpt blir det i St. Albans, der vi møter ein fyr som har reist nokre mil for å få seg eit knull. "But no one wants to fuck you in this town". Og på grensa til kvinnefiendtlig blir det i The Girls In This Town, der songaren skildrar damene i byen som ansvarslause, promiskuøse og utan framtid.

To elektriske gitarar er ganske så skarpslipte og blir nytta til både effektfull riffing og korte eksplosive orgiar. Bassen pumpar langt framme i bildet, og det blir slått hardt på trommeskinna. Låtane er bygd mykje over same lest, så er du på utkikk etter ein smule utfordring og variasjon er det sjølvsagt ikkje hit du skal.

Men skulle du vere lysten på likefram småkynisk engelsk gitarrock funkar dette ganske så greitt det. I alle fall fram til det blir sunge "don't bury us until we're dead" for n'te gong i spor åtte. Deretter er det vel strengt tatt slutt på sigarane.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo