cover

Notes On Sunset

Hobotalk

CD (2006) - Glitterhouse / S2

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Folk / Soul / Softrock

Spor:
Little Light
Half Your Life Away
Letter From a Friend
In The Arms of Love
Book of Life
Give Your Heart
Headstones
Me & My Mountain
Life Amongst These Graves
Who Are You Now
On the Edge of Nowhere

Referanser:
James Taylor
Bread
Tim Hardin
Ron Sexsmith

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Motstandslaust

Sangar om kjærleik, krig og solnedgang, som sjeldan vekker til liv den store gløden.

Eg hadde vel eigentlig tenkt meg noko anna enn dette. Eg hadde tenkt meg eit lite smårufsete lag som på skakt vis fortalte historier frå det ikkje alltid like idylliske og tørrlagte vandrar-livet. Og det er vel ikkje så rart, sidan dei no eingong har valt å kalle seg Hobotalk. Vel, særlige rufsete og skakke er dei ikkje, og skildringar frå det kvilelause livet på loffen er det særdeles skrint med. Dei har derimot eit par ting å seie om krigen, om kjærleiken, om solnedgangen, og litt anna.

Eg kunne ha hatt litt kjennskap til denne Edinburgh-kvartetten om eg i si tid hadde snappa opp debutalbumet deira. Det kom ikkje i går, eller i fjor. Det kom i 2000. Det hadde tittelen Beauty In Madness, og vart visstnok rett så bra motteke blant fleire musikkskribentar. Det vart ikkje omfamna i same grad av det platekjøpande publikum. Hobotalk vart derfor løyst frå kontrakten sin med Virgin Records, og gjekk i limbo. No, seks år seinare, er dei altså tilbake igjen. Tilbakelente, fint kledde, men med få løyndommar i lommene.

Hobotalk er i første rekke Marc Pilley. Han skriv låtane, han syng, og han spelar både gitar og piano. Det er vemod i tonane han lagar, og det er vemod i orda han fyller dei med. Han syng med ei tenor-røyst som av og til søker mot litt mørkare tonar. Dei dominante instrumenta på albumet er akustisk gitar og piano. Desse blir innimellom, men då stort sett forsiktig, backa av bass/trommer, og utfylt av litt forskjelligarta orgeltonar og eit munnspel. I tillegg slepp to av bandmedlemmene, Ali Petrie og Nick Houldsworth, til med vokalharmonering.

I Letter From a Friend syng Pilley sårt og angstfullt om krigen. Han stiller det opportune spørsmålet "is America dying?", og han hevdar bittert at "these California sunsets don't mean a shit when you're upset, inside". Det er ei bra låt, den har driv og er melodisk velfundert. Samstundes plasserar den Hobotalk på den amerikanske vestkysten. Mykje av det bandet har føre seg kunne godt ha skjedd der borte sånn cirka 1970. I selskap med til dømes James Taylor eller Bread, eller kanskje saman med Tim Hardin i Greenwich Village.

Mjukt og nokså fritt for kantar er Hobotalk sitt toneangjevande vesen. Dei har ein dugande dose småfint på programmet, men lite som kallar fram dei heilt store kjenslene. Det næraste dei kjem slikt, i tillegg til nemnte Letter From a Friend, må vere med Me & My Mountain. I enkle og overraskingsfrie men rett så tiltrekkande tone-former syng Pilley om å leite etter svar der spørsmål ennå ikkje er stilt, før hans harmoniske hjelparar dukkar opp og stemmer i; "Me and my mountain we're going to war again".

Resten av låtane er ikkje heilt der. Enten dei er jazzige, soulpåverka, spartanske eller "ooh-oooh"-harmonerte, så glir dei litt for trygt og hyggelig forbi til at ein i særlig grad merkar seg dei. Raudvinsfint ville kanskje nokon sagt. Mulig det, seier eg, med ei aning av tvil i stemma.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo