cover

Skeleton Jar

Youth Group

CD (2005) - Ivy League / Epitaph / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Post-punk / Folkrock

Spor:
Shadowland
Skeleton Jar
Lillian Lies
The Frankston Line
Baby Body
See-Saw
Drowned
Last Quarter
Someone Else's Dream
Why Don't the Buildings Cry?
Piece of Wood

Referanser:
Death Cab for Cutie
Smashing Pumpkins
James
Echo & the Bunnymen

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ungt mismot

Ein ung, viljesterk og habil poprock-kvartett frå Australia.

Skal vi tru Youth Group sin offisielle heimeside-biografi, så er bandet å finne i fremste rekkje i ein spennande ny æra for australsk alternativ musikk. Hmm og hmm, seier eg då. Eg har nok fått med meg at det ikkje akkurat har vore 80-tals farsott "down under" dei siste ti åra, men eg nektar å gå med på at det har vore så skrapa at eit for så vidt bra, men verken spesielt spennande eller alternativt band som Youth Group skal fortene ein såpass gullkanta merkelapp.

Det er, som bandnamnet tyder på, unge folk som fyller dei ulike rollene. Skeleton Jar er deira andre album, og er lyden av ein gjeng som har latt seg påverke frå ulike hald, utan at dei heilt har funne sin eigen signatur, ikkje enno i alle fall. Ein kan høyre litt ekko frå Death Cab For Cutie sin poprock-mikstur, og sanse litt Siamese Dream-æra Smashing Pumpkins. Rettar vi så blikket mot dei britiske øyer finn vi også visse ekvivalensar mot band som James og Echo & the Bunnymen. Dei set saman melodilinjer av habil karakter, ja, av og til av det beint fram velkolorerte slaget, til og med. I sitt forsøk på å bygge låtane inn i spenningsfylte felt nyttar dei det smarte gamle kontrast-trikset. Dei startar oftast låtane forsiktig for så etterkvart å sende dei inn i meir eksplosive parti. Derifrå kan dei så enten berre auke trykket eller roe ned att og køyre ein vekselverknad.

Med ei uforderva og glasklar røyst syng frontfigur Toby Martin om å føle seg framandgjort, miserabel, svikta, forbanna, usikker og lykkeleg nok. Tekstlig kjem han brukbart ifrå det, han har klora ned fleire linjer som vil tåle å stå i sitatlyset, sjølv om den samla framstillinga kanskje kan bli litt i overkant deprimerande. "I was a tourist with no story, lost in this purgatory," syng han med overtydande kraft i den spretne og melodisk vellykka Shadowland.

Eit litt mindre melodisk gangbart tittelkutt startar med den nådelause og uløyselige problemstillinga "I feel like hell, you feel like dancing". Jadå, her er det kollisjonskurs og sjølvforakt så det held, det er nesten så ein mistenker fyren for å ha høyrt på ei Nirvana-plate og to også. The Frankston Line går like resolutt ut; "the day is grey, I don't love you anymore", men tør litt opp etterkvart i eit fint nok refreng; "I won't leave you, the sea's so beautiful". Sterkast er Baby Body, ei låt boren fram på friske tonar og som når sitt klimaks i det Toby Martin går opp i The Shins liknande falsett i refrenget; "you wanted everything to change but you could only change your name". I overkant av heiderlig omtale kan også bli tildelt den lange skimrande balladen See-Saw, og den vekselvis aggressive og melankolske Why Don't the Buildings Cry?

Dei vil mykje, dei får til ein del, men ikkje meir enn at dei berre blir eit dugande band blant mange andre dugande band.

comments powered by Disqus

 



KingKong
2006-02-01kanskje kjedelig

Eneste dumme at du lett kan bli lei plata på de to første gjennomhøringene, da virker den veldig kjedelig, tar liksom aldri helt av. Men jeg vil konstantere meg som punker med et litt videre aspekt, og derfor kjøpte jeg plata etter å ha hørt de to første låtene på plata. Jeg vil kanskje påstå at det er disse to som er det beste de lagde, men det er vel meg. Digger "breakdown'"en på Skeletn Jar, sterk basstromme..

Ellers så er jeg ganske enig i herr berge. De er unge, og da er dette imponerenede. De gjør mye, og kanskje ikke alltid til 20 i stil!

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo