cover

Little Honey

Lucinda Williams

CD (2008) - Lost Highway / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Folkrock / Blues / Americana

Spor:
Real Love
Circles and X's
Tears of Joy
Little Rock Star
Honey Bee
Well Well Well
If Wishes Were Horses
Jailhouse Tears
Knowing
Heaven Blues
Rarity
Plan to Marry
It's a Long Way to the Top

Referanser:
Neil Young
Patty Griffin
Mary Chapin Carpenter
Kasey Chambers
Oh Susanna
The Rolling Stones

Vis flere data

Se også:
Car Wheels On a Gravel Road - Lucinda Williams (1998)
World Without Tears - Lucinda Williams (2003)
Sweet Old World - Lucinda Williams (1992)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Ekte kjærleik og potensskrantande tonar

Før i tida hadde Lucinda Williams for å vane å lage meisterlige plater. Men det var før i tida.

West skuffa. Kapitalt. Ei særdeles uvanleg oppleving når det kom til Lucinda Williams. No, etter ein del rundar med Little Honey sitt eg og grunnar over om uinteressante album er den nye stilen til Lucinda. For det er ikkje stort betre enn West dette her heller.

Men Real Love er bra. Opningssporet Real Love. Elektrisk, Stones-groovy og dunstande av openhjartig kjærleik til ein fyr "standing up behind an electric guitar".

Lucinda har visst funne sin store kjærleik. Så seier i alle fall Real Love. Og så seier den raude, men ikkje spesielt glødande, tråden som bender seg albumet igjennom. Lite på Little Honey tyder på at kjærleiken har spora henne til å skape dei meisterlige songane som pleidde dominere platene hennar frå 1988 sin sjølvtitulerte og fram til World Without Tears (2003). Snarare tvert om, dristar eg meg til å tenke. Utan at eg veit det minste vesle grann om kva som er årsaka bak Lucinda sitt fall frå uovervinnelig til høgst middelmåtig.

Men Circles and X's er bra. Med sprukken røyst og i voggande countryskapnad fortel Lucinda om dagleglivets gjentakande hendingar. Det vante, det kjære, det keisame. Og så den vesle viktige x-faktoren. Låta vart skriven heilt tilbake i 1985. Hadde den fått plass på 88-utgjevinga ville den nok ikkje stått fram i fremste rekke. Her skin den. Litt.

Lucinda hadde for vane å lage låtar som sette merke etter seg. Med velartikulerte tekstlinjer i ei lidenskapelig atmosfære. No skrantar det på slikt. Tonane går på tomgang. Tekstane er flate og lettvinte. Og det sjelfulle har vandra heden.

Men If Wishes Was Horses er bra. Best. Den einaste her som bankar på døra til Lucinda sitt skattkammer av klassiske låtar. Passe dvelande, melodisk vinnande, og med ulmande legning. Ei bønn om å få ein ny sjanse, etter at fleire er brukt opp. Og den sentrale metaforen "if wishes were horses, I'd have a ranch" blir veldig greitt godtatt, i alle fall her i garden.

Susanna Hoffs og Matthew Sweet yte harmonisk hjelp på tre av spora. God harmonisk hjelp. På nemnte Real Love, og så er dei med og løfter Little Rock Star frå veldig gjennomsnittleg til ei låt det går an å ha eit høvelig forhold til. På countrytrippande Well Well Well harmonerer legendariske Charlie Louvin. Han har ikkje lenger røysta han hadde den gongen han for alvor hevda at Satan Is Real. Men innsatsen er dugande, og låta likeså. Det same har eg vanskelig for å seie om Elvis Costello sin innsats i Jailhouse Tears. Affektert og patetisk trur eg heller er meir nærliggande å kalle den.

Men ikkje like patetisk som Honey Bee. Ein vammel bluesrockar som lett fortener karakteristikken Lucinda Williams sitt mest håplause augeblikk. Bluesen Tears Of Joy er ikkje stort betre. Plump som den er. Og korleis ho i all verda har fått for seg at AC/DC-klassikaren It's a Long Way to the Top skulle vere noko for henne er ei gåte eg har ingen intensjonar om å finne svaret på.

Eg foldar heller henda og ynskjer meg tilbake til den gongen Lucinda tok seg tid. Så please Lucinda, la det gå seks år no, til neste gong vi høyrer frå deg. Eg lovar å leve i håpet.

comments powered by Disqus

 



Asle
2008-12-01Det er trist...

...å innrømme det, men du har helt rett. Lucinda er i ferd med å bli middelmådig, selv om det nesten er ufattelig med tanke på at hun har gitt ut plater som den selvtitlert, "Car wheels..." og "World withour tears". Trist!

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo