cover

Thank You For Your Love

Antony and the Johnsons

CD-EP (2010) - Rough Trade / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Du skjelvande sjel

Antony slik vi kjenner han. Men vil vi ikkje bli kjent med ein litt annan Antony nå?

Eg klarte aldri å fatte den heilt store interessa for Antony and the Johnsons sitt førre album, The Crying Light. Ikkje fordi eg opplevde det som svakt. Stemma hans var like tilstades, heimsøkt, vibrerande og sjelfull inntil det pinefulle som den var på dei to magnifikke albuma som mannen hadde gitt ut tidlegare. Låtane, det vil seie balladane, var forma i den same klagande skjør-versus-drama tonen som tilfellet var på debuten, og på I Am A Bird Now. Og som altså både gav ståpels og varma hjerta den gongen. Men nå, nå var det med eitt blitt litt nok. Eg kjente at eit tredje album av dette slaget, dette nokså eksakt same slaget, med denne stemma, i dette klangbildet, dette bivrande balladebildet, var meir enn eg heilt klarte å fordøye.

Den 11. oktober kjem Antony and the Johnsons med sitt fjerde album. Det essensielle spørsmålet er nå: Har mannen flytta på seg, tatt nokre steg fram, til sides, skifta motor, skifta vinkel, skifta tone? Eller er det meste ved det same? For er det det veit eg ikkje heilt om eg kjem til å ha så mykje med hans fjerde album å gjere.

Eg fryktar det blir slik. Årsaka heiter Thank You For Your Love. Det er namnet på singelen, og forsmaken. Den held til i bildet vi kjenner. Den er ei audmjuk, nakkebøygd og insisterande takk for å ha blitt redda utav "the dark darkness" og inn i famnen til den vilkårslause kjærleiken. Det er mjuke pianotonar, ei stemme som er tilstades, blåsarar som dreg i gospel-leid, og ei tvillaus takksemd. Vakkert. Vakkert? Hadde dette vore mitt første møte med Antony, så ja, hadde konklusjonen sikkert innehelde ordet vakkert (og kanskje blitt skrive med store bokstavar endåtil). Nå klarer eg ikkje heilt å tenke slike tankar om songen. Nå tenker eg den er endå ein Antonysong eg allereie har skåla full nok av.

Det er fire låtar til her. Ein heil EP altså. You Are The Treasure, som med sine to minuttar mest minnar om ei skisse av ein Antonysong eg ikkje treng. My Lord, My Love, som var med som bonuskutt på ei eksklusiv utgåve av The Crying Light. Den er ein song mitt i Crying Light-gjengen. Pressing On, ein av Dylans religiøse låtar, Antony formar den til å passe i sitt bivrande bilde. Og til slutt, Imagine. Imagine? Imagine! Treng vi ein versjon til av Imagine? Nei.

Men det som er verre, eg er veldig usikker på om det trengs ei ny plate med Antony and the Johnsons også eg. Om ein månad kjem svaret. Eg håpar eg tar feil.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo