cover

In The Cool Of The Day

Daniel Martin Moore

CD (2011) - Sub Pop / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Gospel / Folk / Blues / Jazz

Spor:
All Ye Tenderhearted
Dark Road
O My Soul
In the Garden
Closer Walk with Thee
Up Above My Head
Softly & Tenderly
In the Cool of the Day
It Is Well with My Soul
Lay Down Your Lonesome Burden
Set Things Aright

Referanser:
M. Ward
Andrew Bird
Cotton Jones
Josh Ritter
David Gray

Vis flere data

Se også:
Stray Age - Daniel Martin Moore (2008)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Åndelig og enkelt

Gamle songar om åndelige saker får ein upretensiøs og vennlegsinna medfart.

Det starta heime i Kentucky. In the Cool of the Day, i fredelige kveldsstunder, eller i kyrkja, i Cold Spring, Kentucky. Det var der Daniel Martin Moore høyrde mange av desse songane første gongen. Og andre gongen. Og lærte dei, sånn nokolunde.

Ein tanke om å fylle opp eit heilt album med desse gospelsongane og religiøse visene har ikkje vore der heilt sidan dess. Men etter at han albumdebuterte med eigne songar på Sub Pop i 2008, har det ligge og ulma der som ein mogelegheit.

Det var eit piano som gjorde utslaget. Eit gammalt Steinway-piano i eit radiostudio i Cincinnati. Han kom dit for eit intervju, og for å synge nokre songar. Han reiste derifrå med tonane frå det gamle pianoet i hovudet, og ein modna tanke om dette albumet, In the Cool of the Day.

Så han samla i hop eit lite lag. Den mest kjente blant dei kallar seg Jim James når han er i My Morning Jacket, men stundom kallar han seg Yim Yames, det gjer han her. Og her spelar han banjo. Andre spelar kontrabass, gitar, mandolin og fiolin. Saman fant dei vegen til eit studio og ei kyrkje i Cincinnati. I løpet av nokre augustdagar var det gjort. Ei semiakustisk plate tufta på varme og ein ukomplisert tankegang var i hamn.

Moore har ikkje leita fram gamle songbøker, eller ringt opp sikre kjelder i Kentucky. Han syng det slik han minnast at det høyrdest ut. "This earth is a garden, the garden of my Lord, and he walks in his garden, in the cool of the day". Eit refreng, frå eit tittelkutt, som folksongaren Jean Ritchie frå heimstaten hans kalla Now Is the Cool of the Day, den gongen ho skreiv det. Ein ode til den grøne moder jord, med ein vemodig undertone. Moore syng den med berre blå pianotonar som sonisk fylgje.

Stundom er plata så spartansk. Og stundom er vemodet der, men meir er det eit smil der. "I really do believe it is joy somewhere" kan det til dømes lyde. Og der er ein fiolin frå eit fransk 30-tals kvarter, og der er jazzblues, Up Above My Head, og då slett ikkje så spartansk i si form.

Det har ikkje vore ei jakt på å få det riktig som pregar albumet. Her er det nok meir kjensla i augeblikket som har vore drivkrafta. Den upretensiøse og smått improviserande forma sakene har fått tyder i alle fall på det. Og blant dei gamle åndelige tonane er det også nokre nye, fire i talet, skrivne av Daniel Martin Moore sjølv. O My Soul er ein slik, med eit godt gospelheng, i eit sakte veksande og klart mønster. Best av hans eigne, og eit høgdepunkt, er avsluttande Set Things Aright. Dei fleste i laget er med på den, og skapar tonar som flettar seg uforderva i hop. I ein song som dveler meir enn den dansar, men som smyg lettbeint, og finn eit mantra, "a long day needs a good night, to set things aright".

Det gjer godt, ikkje motstand, aldri motstand, berre godt.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo