cover

Fair & Square

John Prine

CD (2005) - Oh Boy / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Singer/songwriter / Americana / Folk

Spor:
Glory of True Love
Crazy As a Loon
Long Monday
Taking a Walk
Some Humans Ain't Human
My Darlin' Hometown
Morning Train
The Moon Is Down
Clay Pigeons
She Is My Everything
I Hate It When That Happens to Me
Bear Creek Blues
Other Side of Town
Safety Joe

Referanser:
Bob Dylan
Kris Kristofferson
Steve Goodman
Johnny Cash
Guy Clark

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ein likandes kar

Nok ein time med John Prine i kjent og kjært landskap.

Det har gått 35 år sidan John Prine for første gong spaserte inn i eit platestudio. Med seg den gongen hadde han framtidige klassikarar som Sam Stone, Hello In There og Angel of Montgomery. Seinare skulle det følgje fleire (Souvenirs, Please Don't Bury Me, Christmas In Prison, All The Best etc. etc.). Fair & Square er ein heil time med låtar plukka i det same velkjente Prine-landskap. Eit landskap der countryfarga viser dukkar fram med melodisk soliditet og tekstlig bonitet. På coveret si framside ser vi mannen vandrande i lett gange på ein avsides landeveg. På baksida ser vi også at han har eit fornøgd glis om munnen. Det har han sikkert mange grunnar for å ha, ikkje minst fordi han for nokre år sidan kom utav ein krefthistorie med livet inntakt. Om enn med ei røyst som er blitt eit hakk djupare og litt meir merka.

På syttitalet kom det ein jamn flom med plater frå fyren, etter den tid har platekarrieren hans gått litt meir i rykk og napp. Åttitalet var vel av noko meir haltande karakter. Dette blei til gjengjeld solid revansjert med den smart titulerte og særdeles sterke "comeback" plata The Missing Years i 1991. Fire år seinare kom han med den litt meir ujamne Lost Dogs and Mixed Blessing, fram til no den siste plata med nyskrivne låtar frå mannen.

Kjenneteiknet hans har alltid vore skildringar av kvardagsheltar og -situasjonar, folk som slit, elskar og andar under kjennelige og stridige tilhøve. Han skildrar persongalleriet sitt med innsikt, respekt og varme, men trør innimellom til med både humor og sarkasme. Det siste nyttar han helst når det er makta som skal karakteriserast. "Your flag decal won't get you into Heaven anymore, we're already overcrowded from your dirty little war" lydde det i 1970. I år heiter låta Some Humans Ain't Human og kven som får gjennomgå i følgjande utsagn skulle det vel vere liten tvil om:

"When you're feeling really good / There's always a pigeon / That'll come shit on your hood / Or you're feeling your freedom / And the world's off your back / Some cowboy from Texas / Starts his own war in Iraq"

Mest er det likevel dei nære og dagligdagse ting som er i fokus. Den sanne kjærleiken i optimistiske Glory of True Love. Ein grenselaus hyllest til den perfekte dama i She Is My Everything. Saknet tilbake til ei helg full av musikk og elskov i Long Monday. Og kjærleik som kanskje har dratt sin veg for godt i The Moon Is Down. Arrangementa er av det enkle og smakfulle slaget. Avslappa strengeflukt og stødig rytmikk, kolorert med velgjerande trekkspeltonar og kanskje litt hammondorgel, samt harmonisk hjelp frå folk som Alison Krauss, Mindy Smith og medkomponist og multi-instrumentalist Pat McLaughlin.

Prine står ikkje aleine bak alle spora på plata. Fleire av låtane har han gjort i samarbeid med andre, og to har han ikkje noko som helst komponerande ansvar for. Det er den gamle Carter Family låta Bear Creek Blues, og det er Blaze Foley sin Clay Pigeons. Sistnemnte er ei gripande skildring av ei raustlaus og sliten sjel som lengtar mot eit meir handfast tilvære; "I could build me a castle of memories, just to have somewhere to go."

Lakonisk og i eit Dylansk melodi-territorium ruslar han i resolutt gangfart bort frå uønska gjester og brysame damer, i sterke Taking a Walk. Medan han er inne på sjølvbiografiske områder når han i den melodisk vinnande og tekstlig desperate Crazy As a Loon fortel om fyren som møter mykje motgang i si ferd frå Hollywood via Nashville og til New York. Tilslutt ser vi han for oss med luta nakke, der han sit og "eat fish to pass the time away, 'neath this blue Canadian moon". Meir trøbbel, men denne gong med ein humoristisk vri serverer Prine i Other Side of Town. I konsertopptak aleine med gitaren sin fortel Prine med eit glis om munnen, om fyren som har evna til å kunne "travel in his minds", spesielt når kona masar for mykje om ting han skulle ha gjort.

Jo da, dette er Prine slik vi kjenner han, likar han, og helst vil ha han.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo