cover

Static Transmissions

Steve Wynn

CD (2003) - Blue Rose / MNW

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Alternativ / Indierock / Garasjerock / Americana

Spor:
What Comes After
Candy Machine
The Ambassador of Soul
Keep It Clean
Amphetamine
California Style
One Less Shining Star
Maybe Tomorrow
Hollywood
Charcoal Sunset
Fond Farewell
If It Was Easy Everybody Would Do It

Referanser:
The Dream Syndicate
Green On Red
Giant Sand
Neil Young
The Velvet Underground

Vis flere data

Se også:
My Midnight - Steve Wynn (1999)
..tick...tick...tick - Steve Wynn & The Miracle 3 (2005)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Elektrisk kringkasting

Nok ein gong har Wynn & co dratt til Tucson, Arizona for å gjere innspelingane, og nok ein gong returnerer dei med eit ganske så sprekt resultat.

Sentralt i Steve Wynn sin etterkvart rikhaldige katalog av sangar står skildringane av den einsame og skakkjørte skikkelsen sin kamp mot både levande og døde demonar. Som ein låtsmedenes svar på Raymond Chandler eller Ross MacDonald skaper han sine små rock'n'roll noveller, der vi møter ein person i eit dramatisk øyeblikk av livet, i skildringar som ofte utrykker håplaushet og mismot og langt frå treng ende på noko oppløftande vis. Slik var det i Dream Syndicate tida, og slik er det framleis.

Som tekstforfattar har han heilt sidan debuten på tidleg 80-tal vore blant dei mest interessante i rock-verden. Han har imidlertid ikkje alltid hatt det samme gode grepet om å få det inn i ein fengslende melodikontekst. Det fungerte storvegs på 80-talet med The Dream Syndicate. Under solokarrieren hans på 90-talet blei det dessverre lenger mellom dei store låtane. Så med sin forrige utgivelse, den massive dobbelplata Here Come the Miracles, fant vår mann (slik tittelen på plata antyder) endelig tilbake til intensiteten som dreiv han frå skanse til skanse med Dream Syndicate.

På Static Transmission stiller han med dei samme musikarane som bidrog til å gjere Here Come the Miracles til slik ein triumf, noko som innbefattar blant andre Chris Cacavas (tidl. Green On Red) på orgel. Nok ein gong har dei dratt til Tucson, Arizona for å gjere innspelingane, og nok ein gong returnerer dei med eit ganske så sprekt resultat. Plata er ikkje så ulik forgjengaren, men er kanskje ein aning mørkare og ikkje like altomfattende. Den er nok og muligens litt svakare, men kun marginalt.

Aller best er Steve Wynn i det formidable seks minuttar lange gitardrønnet Amphetamine, som er ein apokalyptisk skildring av ein nattlig biltur i einsemd og stor fart "down on the 101", der mannen bak rattet er plaga av ei rekke urovekkande og svette forestillingar. Eit anna høgdepunkt er Candy Machine, nok ei skildring av ein person som opplever eit kaotisk øyeblikk, og der bandet etter beste evne prøver å drukne ein uimotståelig melodi i ein syndeflod av organisk lyd.

Mørkt og inderlig er det i den råbarka blueslåta Keep It Clean, medan skramlande gitarar og herlig koring (og med ei strofe som "gonna take it to the limit, in a New York minute") gjer kraftpoplåta California Style til albumets kanskje mest umiddelbare innslag. Begeistrar gjer og den inderlige balladen Fond Farewell som Steve framfører med ei rusten og nesten kviskrande røyst. Her er som de sikkert forstår mykje å glede seg over, så då får vi heller unnskylde han at det er nokre av melodiane (Maybe Tomorrow, Hollywood og Charcoal Sunset) som blir litt for anonyme og beint fram kjedelige.

Det er rett så trivelig at ein gammal helt framleis kan overbevise med vital rock'n'roll! Nybegynnarar på søk i Steve Wynn-land bør imidlertid gå vegen om Dream Syndicate klassikarar som The Days Of Wine And Roses og Medicine Show, det er her dei verkelig grensesprengande opplevelsane er å hente, men både "Static Transmission" og nokre til av soloplatene hans har mykje heftig musikk å by på.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo