cover

The Ballad of Nora Lee

Helldorado

CD (2005) - CCAP / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Ørkenrock / Folkrock / Americana

Spor:
The Ballad of Nora Lee
Just Like Fire
Helltown
The Black Winds
Down to the Water
Guitar Noir
Rock Your Soul
So Long Ago
Honky Tonk Aliens
A Drinking Song
The Devil's Kiss
Waiting Around to Die

Referanser:
Thin White Rope
Wall of Voodoo
16 Horsepower
Divine Horsemen
Tuco's Lounge
Emmerhoff & The Melancholy Babies

Vis flere data

Se også:
Lost Highway - Helldorado (2002)
Teenage Queen - Helldorado (2004)
Director's Cut - Helldorado (2004)
Director's Cut - Helldorado (2004)
Sinful Soul - Helldorado (2009)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Balladen om det stygt forkvakla sjelelivet

Nye depresjonar frå rocken sitt svar på Louis Masterson.

Det er vel berre å innrømme at visse deleriske tilstander erobra dei øvre kroppslege regionar i februar i fjor då Helldorado kom med sitt debutalbum Director's Cut. Eit album som i si første jomfruelige veke fortona seg som ei heit, urovekkande og vital ferd gjennom golde og ugjestmilde territorium, vart omfamna med lovprising i heftige ordelag. Det ein gløymte litt bort i farta var å køyre grundige nok testar mot kjeldematerialet ein hadde ståande i hylla (les: Thin White Rope, Sixteen Horsepower, Divine Horsemen, Wall of Voodoo og Gun Club). Når det så vart gjort i vekene som fylgde kom Director's Cut kanskje litt til kort. Men ei rett så bra plate var det (og er det) i alle fall.

I desse dagar har Rogalandskvartetten oppfølgjaralbumet klart. Og det er slett ikkje vanskelig å kjenne dei igjen. Surf-gitaren, ørkenvinden, desperasjonen og intensiteten vi har vorte kjent med er stadig dei dominerande faktorane. Den førnemnte deleriske tilstanden har likevel ikkje inntreft denne gongen. Kanskje mest fordi ein var litt betre forberedt, men også fordi det dukkar opp ein del litt matte sekvensar, spesielt i albumet sitt midtparti.

No snyt Helldorado oss absolutt ikkje for sterke augeblikk på The Ballad of Nora Lee heller. Sterkast i så måte er dei to låtane som rammar inn den tre kvarter lange seansen. Det innleiande tittelsporet er sannsynlegvis den beste låta bandet nokon gong har gjort. Ein episk, melodisk durkdriven og dyster ballade. "He swore he'd marry her or else he'd put her in the ground" står det å lese i nedre hjørne på det b-film inspirerte coveret. Sitatet er henta frå nemnte tittelkutt, og vert uttrykt av ein sjukeleg sjalu og hjerterå sheriff. Skånsellaust, og med klare fellestrekk med både Nick Cave, Jim Thompson, gamal western-ånd og det gamle testamentet, fortel Dag Vagle ein klassisk trekanthistorie med eit grufullt utfall.

Som avslutning vågar dei seg på Townes Van Zandt sin klassikar Waiting Around to Die. Og dei maktar faktisk å få fram den skjelvande fortvilinga og overmannande håpløysa som ligg og lurer bak kvar ord og tone. Så sjølv om versjonen ikkje heilt touchar Van Zandt-magi, er deira elektrifiserte utgåva absolutt eit kompetent forsøk.

Helldorado er stadig like djupt rotfesta i denne amerikanske western-, b-film-, pulp fiction- og sørstats-kulturen. Tekstane er ikkje grensesprengande lyrikk, snarare meir eller mindre vellykka omgangar med klisjear. Det er mord, faenskap, galskap og lengsler. Dei gjer det barskt og breibeint, men finn denne gongen også rom for litt mildare stemte tonar. Utan at dei kjem så altfor heldig i frå nett det. Dei strykardraperte balladane The Black Winds og So Long Ago er heller keisame affærar. Litt heldigare kjem dei frå eit forsøk på mariachi-fakter i A Drinking Song. Av det barskt rockande stoffet har singlevalet Helltown eit attraktivt råtass-gemytt. Endå betre er den intensiverande Nick Cave-injiserte hemnakta Down to the Water. Medan den vagt countryduftande og sterkt sci-fi-inspirerte Honky Tonk Aliens har visse melodiske kitle-evner.

Konklusjon: Albumet manglar nok litt av den spritluktande og blodsmakande eimen debut-albumet gav frå seg, men er likefullt ein habil oppfølgjar.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo