cover

Twinklehead

Twinklehead

CD (2006) - Division / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock

Spor:
After
A Memory in Time
Avenue
Get It On
I Won't Go Down
Horizon
Making My Own World
Together
Above the Sky
Forensic Detectives

Referanser:
Jim Stärk
Washington
Delaware

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Heilt ufarlig

Kristiansand-trio presenterer vennligsinna og harmoniske poptonar med visse atmosfæriske element.

Historia fortel det slik at det i Kristiansand på midten av nittitalet var sånn cirka berre tre tenåringar som ikkje ville spele i Heavy Metal-band. Så dei fant i hop og byrja spele popmusikk i staden. Når dei nokre år seinare skulle finne eit namn til bandet, konstaterte dei at både Twinkle Brothers og Radiohead var opptatt, så derfor enda dei opp som Twinklehead i staden. Før dei var komme så langt som til å gje ut sitt debutalbum, hadde allereie ein av dei tre vore ute å gjort seg litt kjent på eigenhand. I Twinklehead kjente dei han som Thomas Helland. Når han lurte seg utav øvingslokalet og inn på Mono (eller noko liknande) prøvde han å skjule identiteten sin ved å kutte bort nokre bokstavar, og kalle seg Thom Hell i staden.

Då Twinklehead omsider albumdebuterte i 2005 følte dei på seg at dei var Made For These Times, og kalla derfor like godt det vesle popverket sitt det. Publikum strøymte vel ikkje akkurat til og stadfesta den kjensla. Men Twinklehead gav ikkje heilt opp av den grunn. Eit år seinare dukkar dei opp med ein oppfylgjar. I det dunkle lyset under ei solformørking står bandnamnet å lese, men her er ingen tittel å sjå.

Litt mindre smålåtne kan ein vel seie at labelen deira, Division records, er i presseskrivet dei har sendt ut. Her blir det nemlig hevda "at det ikke fins maken til dette albumet i pop-Norges historie". Eg veit no ikkje heilt om eg kan seie meg einig i det, for når eg plasserer nokre plater av Jim Stärk, Delaware og Washington ved sida av denne, ja så synst eg ikkje det blir så alldeles ulikt.

Om Paul McCartney hadde vore Roger Waters og David Gilmour hadde vore John Lennon. Om Syd Barrett aldri hadde smaka LSD og George Harrison alltid hadde vore kompis med Jeff Lynne. Om Bee Gees hadde grodd fast i Massachusetts og ingen hadde vist ein Badfinger til REM etter at dei vart tre. Ja då, då hadde musikkverda sannsynlegvis vore annleis, men kanskje ikkje Twinklehead.

Opplegget deira har visse melankolske element, men hyggefaktoren er vel så framtredande. Melodikjensla deira er dugande, lyden sofistikert og harmonisongen er velpleidd og verknadsfull. Akustisk gitar og piano har ei meir dominant rolle enn den elektriske gitar. Dei er mjuke i kantane, om det i det heile kan seiast at dei har kantar. Av desse tre ufarlige fyrane kan vel kanskje Henrik Moy Askildsen seiast å vere ein slags hovudarkitekt, men både Helland og Kjell Nyhuus spelar viktige roller. Eit titals gjester er også med å gjere sitt som både koristar og instrumentalistar av ymse slag.

After heiter, av alle ting, det første sporet på plata. Mellom rennande vatn og fuglekvitter dukkar det opp atmosfæriske Pink Floydske vendingar i eit yndig popskjema som gjerne kunne vore laga av Paul McCartney. Det er i dei omkringliggande traktene av eit slikt uttrykk dei held seg plata igjennom. På sitt mest spretne og lettbeinte i Get It On, og på sitt mest snirklete i Making My Own World, utan at avstanden dei to imellom kan seiast å vere altfor markant.

Reint og fint, og det skulle derfor vere heilt unødvendig å vaske seg etterpå, sjølv om sistesporet handlar om dama som har fortapt seg i Forensic Detectives på Discovery.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo