cover

Soon to Fail

Sainte Chapelle

CD (2004) - Cardboard Sangria

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Instrumental / Ambient / Slowcore

Spor:
Mantra
May 17th
What Do We Call Love?
Soon to Fail
Black is the Color of My True Love's Hair
Poor Lister
In Search of Skip
Cartography
This One Follows Me Around
Big Elephant, Little Elephant
To Crave

Referanser:
Pedal Steel Transmission
Papa M
Gastr Del Sol
The Black Heart Procession

Vis flere data

Se også:
Sainte Chapelle - Sainte Chapelle (2000)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Det salige mørke

Dunkel, stemningsskapande og moderat påkledd folk med få ord.

Å oppleve fargedansen på glasmaleria i Sainte Chapelle-katedralen ein solskinsdag i Paris skal visst være ei fargesprakande og fager oppleving. Like rik på fargar er nok ikkje tonedansen til Chicago-duoen som har tatt namnet sitt etter den gotiske katedralen. Ekspedisjonen dei legg ut på her på sin første full-lengdar er av meir dunklare karakter. Sjølv om den aldri er i nærleiken av å nærme seg redslene og uhyggen som gjekk føre seg i katedralen under den franske revolusjonen, då den var omgjort til fengsel for folk som skulle i giljotinen.

Dan Schneider (gitarar og litt vokal) og Gary Pyskacek (trommer og andre rytmesaker) vil kanskje nokon kjenne igjen som dei drivande kreftene bak bandet Pedal Steel Transmission. Eit fargerikt og sjangerblandande band som overbeviste underteikna ettertrykkelig med fjorårets album The Angel of the Squared Circle. Sainte Chapelle er tilfluktsstaden dei to søker til når dei vil være meir einsarta og dempa. Då står dei fram som eit folk-band med visse ambiente interesser.

Av Soon to Fail sine elleve kutt er sju reine instrumentalar. Det vanligaste bildet er Schneider i front med ein gitar i fanget og fingrane jagande over strengene. Litt lenger bak sit så eit duplikat av same mann og lagar meir fluktuerande lydar frå ein annan gitar (av typen elektrisk eller pedal steel). Ved sida av han igjen står Pyskacek med sine rytmesaker, som han nyttar enkeltvis og sjeldan høglytt.

Det er søkande og repeterande, og i hovudsak maktar dei to å finne eit dynamisk uttrykk for ferda slik at tonane ikkje svinn avstad ut i det store tomrom. I staden fangar dei interessa, og lagar bilde for det indre filmlerretet. Bilde som alle har dei same grågule fargenyansane av golde landskap, lengsel og sakte rørsler. Like fullt har dei ulike låtane kvar sin personlige innfallsvinkel. In Search of Skip held same gnagande fasong heile vegen, og lever godt på det. Låta med den "velklingande" tittelen May 17th flyttar seg frå einsam strengeplukking og over i grundig el-gitar behandling, før den klimprar svalt mot mål. På Mantra daskar Schneider på strengene i eit gjentakande mønster medan lydkjelder lengre bak skaper både ein melodiøs og ambient verden. På Cartography byter han ut gitaren med pianoet, og slepp Joon He Park til med vemodsfulle fiolintonar.

Ved fire tilfelle bryt Sainte Chapelle ut av sitt ordlause landskap for å synge litt. What Do We Call Love? spør dei første gongen dei prøver seg på det. Vokalen er einstonig og dvelande, frasene er vemodige og gåtefulle. Det same kan seiast om tittellåta sine spådomar om snarlege bommertar. På motsatt side av optimistisk finn duoen seg også i This One Follows Me Around; "day begins again, we don't see light". Aller lengst inne i katedralen sine mørke kjellargangar finn vi likevel den lengtande sørgesongen To Crave, sjølv om den slår til med eit litt lysare Django Reinhardt-aktig parti midtvegs.

Om det ikkje akkurat er det glade bodskap som spring fram gjennom tonane til Sainte Chapelle, er det noko saliggjerande med melankolien på Soon to Fail. Den er i alle fall ein velkomen kompanjong for fredfulle timar rundt midnatt.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo