cover

Ghost Town

The .357 String Band

CD (2007) - Rosa / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Bluegrass / Folkrock

Spor:
Pig in a Pen
High Lonesome Blues
Thank You
Shotdown
Wishin' I'd Die
Here Comes Hell
Only Going Where I've Gone
Up Jump the Devil
Stillest Hour
Riot Act
Evil on My Mind
Raise the Moon
Hard Times

Referanser:
The Hackensaw Boys
The Legendary Shack Shakers
The Skinner Family Band

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Lovlaust

Dei kastar deg inn i bluegrassen som om dei skulle vere punkarar, eller høge på adrenalin.

I takkelista si startar Milwaukee-kvartetten The .357 String Band med å takke Gud, for så å avslutte med å takke Satan. På coveret si bakside siterer dei Matteus 12.32; "but whosoever speaketh against the holy ghost, it shall not be forgiven him". I det morderiske og sinnsforvirra kuttet Evil on My Mind syng dei om å vere besatt av djevelen, og å vere full av ein trong til å drepe alt som kjem i eins veg.

Væpna med banjo, mandolin, akustisk gitar, fele, kontrabass, eit vaskebrett og eit par skeier tar dei eit frenetisk oppgjer med livet, synda, frelsa og ikkje minst sviren og bakrusen. Dei er høge på adrenalin, fulle av faen, dynka i blues og framfødd på blått gras og honky tonk. Dei er bluegrasgjengen som kom ned frå fjellet og stanga hovudet i asfalten. Dei er Soggy Bottom Boys sine blodtørstige og punka etterkommarar. Dei er definitivt ikkje ein firarbande du skal vere trygg på.

Websida si kallar dei passande nok streetgrass.com. Og ein kan vel seie at dei gjer omtrent det same med bluegrass-musikken som Texasbanden Gordy gjer med bluesen og The Legendary Shack*Shakers gjer med det meste som luktar av roots-musikk. Dei aukar tempoet, skrur opp volumet og setter fyr på eit par konvensjonar.

Dei har skaffa seg eit rykte som eit frenetisk live-band. Publikum på konsertane deira er etter seiande ei salig blanding av "hippies, streetpunks, bikers and cowboys". Ghost Town er deira første plate. Eit par brødre i ånda har blanda seg inn i produksjonen av den. J.D. Wilkes frå nemnte Shack*Shakers og Lonesome Wyatt frå det ikkje heilt stabile country-goth laget Those Poor Bastards. Det har sikkert ikkje vore til skade.

Reint speleteknisk høyrer dei nok ikkje med til meistrane i klassen, utan at det er noko å bry seg med. Ein kjem som kjent langt med glød og pågangsmot. Litt verre er det nok at det vokale må seiast å vere noko karaktersvakt. Medan det nok vil vere eit meir divergerande syn på om kor vidt det er eit problem at dei har eit noko limitert register å uttrykke seg på, både melodisk og tekstlig.

Det er sprett i tonane og fest i takten, men når det kjem til kva dei har å melde er desperasjonen stort sett mørkare og meir uhandterlig enn ein stormfull hausthimmel. Då er det heimlengsel og High Lonesome Blues ute frå landevegen. Det er bakrus frå rennesteinen, anger og Wishin' I'd Die. Det er bordet fullt av "cigarette butts and empty cups" og ventinga på den der Stillest Hour. Eller det er ei morgonstund der angsten brenn og sjela er til salgs, så Up Jump the Devil og kjem med eit bod ein ikkje kan stå imot.

Dei er kanskje ikkje det beste bluegrass-bandet der ute, men eg vil trur dei er det tøffaste.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo