cover

Are We There

Sharon Van Etten

CD (2014) - Jagjaguwar

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Pop / Psykedelia

Spor:
Afraid of Nothing
Taking Chances
Your Love Is Killing Me
Our Love
Tarifa
I Love You But I'm Lost
You Know Me Well
Break Me
Nothing Will Change
I Know
Every Time the Sun Comes Up

Referanser:
Nina Nastasia
Kristin Hersh
Feist
Marissa Nadler
War on Drugs
Lower Dens
Angel Olsen

Vis flere data

Se også:
Epic - Sharon Van Etten (2010)
Tramp - Sharon Van Etten (2012)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Blomstrande dis

Songar med fleire dimensjonar i seg, som treng tid, som er verdt tida.

Det sluttar med latter. Sharon Van Etten ler, av eit lite feilgrep i studio. Nokre sekund etter at ei djup mannsrøyst har forkynt eit "yes she is" – kanskje som eit svar på spørsmålet i plattetittelen, "are we there" – i enden av den siste songen, Every Time the Sun Comes Up, den lettast tilgjengelige songen på Sharon Van Etten sitt fjerde album. Ein attraktiv popsong, der songaren i refrenget meddelar at "every time the sun comes up I'm in trouble". Ikkje ein spesielt lystelig uttale kanskje, men eg føler ikkje at den tynger. Eg føler den har eit lett vesen, både uttalen og songen, eit godt vesen, eit lite skjelmsk smil om munnen som vil formidle at melankolien ikkje er ugjennomtrengelig. Absolutt ikkje ugjennomtrengelig.

Det kan vere vanskeligare å finne smilet i dei ti songane som kjem før Every Time the Sun Comes Up. Emosjonane som svingar seg gjennom dei talar om kor vanskelig det er å handtere kjærleiken, og stort sett berre det. Your Love Is Killing Me heiter ein av dei mest sentrale. Kjærleikens motsetnadsfulle vesen er tema. Tonen er til tider overveldande – orgelet svellar, gitaren er mørk, og røysta til songaren er tidvis langt inne i elden. Eit bilde av usunn og skadelig kjærleik trer fram. "You like it when I let you walk over me" syng Van Etten, og i refrenget, det desperate refrenget: "Break my legs so I want walk to you, Cut my tongue so I want talk to you, Burn my skin so I can't feel you, Stab my eyes so I can't see you". Brutale metaforar. Og det første som slo meg var at dette handlar om eit valdeleg forhold, skildra frå perspektivet til offeret. Men eg er ikkje lenger så sikker på om det er det songen formidlar. Eg tenker at den kanskje heller handlar om å føle seg bortimot kvelt av ein annan persons veldige og intense kjærleik. At den er ei bøn om pusterom, samstundes som den skildrar ein personleg kamp om å ikkje gje etter, om å ikkje atter ein gong falle for freistinga, og søke det saliggjerande i å bli nærast tilbedd. Sharon Van Etten sine songar er ikkje eindimensjonale, dei er opne for tolking, brei tolking. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere.

Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller, desse songane til Sharon Van Etten. Ho innlemmar ei veksande, sakte blomstrande, kraft i dei. Noko ho for så vidt har gjort frå første album av. Frå det spartanske Because I Was In Love, via det noko meir lydfyldige epic, til det Aaron Dessner produserte albumet Tramp. Denne gongen har ho produsert sakene sjølv, og omgjeve seg med noko færre folk frå indierock-sfæra (men både Adam Granduciel, Jonathan Meiburg og Jana Hunter er innom). Eit gigantskritt bort frå der ho var med Tramp har ho imidlertid ikkje tatt. Ho har innført ein noko meir utstrakt bruk av synthesizerar, det rytmiske er kanskje noko meir markant, og strukturen i låtane har eit meir komplekst vesen. Det siste gjer at ein nok må gå endå fleire rundar enn tidlegare for å byrje å ane rikdomen, ta innover seg rikdomen, og kjenne seg djupt til stades blant songane.

Men det har vore verdt å ta seg den tida det har krevd, denne gongen også. Som nemnt innleiingsvis, gjekk det ganske fort å finne hugnad i avslutningssporet. Deretter fant eg Tarifa. Den varmt flytande Tarifa, der det lettbeinte tidvis glir inn i ein tyngde, skapt av hammondorgel (og andre orgel), motstandslaust. Og tonar frå ein saksofon (som ingen er kreditert for å spele) smyg innom, og klokka er sju, og ting er bra, men natta kjem, og trøbbel med den, og angeren i etterkant, "I wish it was seven all night" syng Sharon Van Etten.

"I need you to be afraid of nothing" syng Van Etten tidleg på plata. I opningssporet, og det handlar om, tenker eg, kor vanskeleg det er å verkeleg kjenne kvarandre, verkeleg kjenne tryggleiken i eit forhold. Formulert i linjer som glir raffinert over i kvarandre, og med estetisk harmonisong som den avgjerande ingrediensen. Slik er det i mange av songane, for ikkje å seie alle. Van Etten har denne glidande måten å synge seg gjennom ord og tonar på. Kjenslevart og nært, med harmoniar som smyg seg varmt inntil. Kanskje aller vakrast i I Love You But I'm Lost. Ein song strippa for det meste utanom dryppande pianotonar og ei tromme, og så song då naturligvis. Sharon Van Etten snor seg gjennom linjene. Heather Woods Broderick harmonerer, som ho gjer på fleire av songane. Igjen handlar det om å elske, men likevel ikkje kjenne den du elskar, og at slikt ikkje akkurat blir lettare når ein stadig er på farten, på turné. Kanskje er det ikkje liv laga dette, kanskje er forholdet komme fram til siste side, kanskje er linja "tear stains on the last page" den som fortel klarast kor vanskelig dette er. Ein tanke sikrare på kor ho står hen virkar songaren å vere i I Know. Åleine med pianoet og med grasiøs autoritet i stemma syng igjen Van Etten om avstand, og om angst, men eit stadig gjentakande "I know" fortel, tenker eg, om ein viss tryggleik. Det siste opplever eg ikkje som eit spesielt omfattande fenomen plata igjennom. Når det er sagt, dette er ikkje songar utan håp i seg. Dette er ikkje beksvart stoff. Sjølv når ho ser seg sjølv "at the bottom of a well, reliving my own hell" i elektronica-songen Our Love dukkar det opp eit håp, i form av ein stige.

Slik er plata. Den er ikkje det eine eller det andre. Derfor får ikkje spørsmålet den har som sin tittel heller noko svar. Og bra er det, for Sharon Van Etten er ikkje framme. Måtte det bli lenge til at ho er det.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo