cover

The End of History

Fionn Regan

CD (2006) - Bella Union / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Singer/songwriter

Spor:
Be Good or Be Gone
The Underwood Typewriter
Hunters Map
Hey Rabbit
Black Water Child
Put a Penny in the Slot
The Cowshed
Snowy Atlas Mountains
Noah (Ghost in a Sheet)
The End of History
Abacus
Bunker or Basement
Campaign Button

Referanser:
Nick Drake
Elliott Smith
Bob Dylan
Fred Neil
Damien Jurado

Vis flere data

Se også:
The Shadow of an Empire - Fionn Regan (2010)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Skarpe tonar og sjølvdyrka tekstar

Med Drake, Dylan og stor låtskrivarkunst sentralt plassert i ryggmargen, kjem Regan inn frå venstre med eit av årets sterkaste debutalbum under armen.

Eigenskapar som er viktige for at du skal kunne leve evig som singer/songwriter:

1. Du må skrive gode låtar. Med melodilinjer som snik seg på plass i hjernebark, hjertekammer, mageregion eller andre vitale kroppslege kjensleorgan. Ikkje berre skal dei på plass, dei skal bli der også. Lengre enn til neste haust, eller til neste tabloide trubadur kjem ruslande inn døra. Låtane skal også ha noko å melde på det tekstlige plan. Om livet, kjærleiken, saknet, krigen, eller kva fanden som helst. Men så skarpskodd formulert at dei utfordrar og grip tak i lyttaren kvar gong han møter dei. I ei ekte og ikkje påtatt språkdrakt, krydra med smart metaforbruk og med eit minimum av klisjear.

2. Du må kunne spele akustisk gitar. Poetisk, jagande, plukkande og hamrande, ja, men framfor alt livfullt. Skape ein strengelyd som er på parti med låta, men som også yppar til litt strid. Friskt og fokusert og ikkje daft og likegyldig. Du må forresten gjerne spele andre instrument også.

3. Du må kunne synge. Ikkje berre det, du må ha ei røyst som er din, som har særpreg og karakter. Den skal ikkje nødvendigvis vere absolutt rein og tonalt perfekt. Den må ikkje nødvendigvis vere kraftfull og ha autoritet, den kan gjerne vere spak og kjenslevar. Men den skal ha i seg ei tvillaus lyst til å seie det du har å seie, fordi det er viktig for deg å seie det.

Har du ingenting av dette kan du kanskje likevel klare å lure folk ei lita stund. Men det kjem nok ikkje til å gå så bra i lengda, James Blunt. Har du sånn cirka halvparten av dette på plass kan du kanskje vere populær enda nokre år, men du blir definitivt ingen legende, Damien Rice. Har du alt, ja då heiter du sannsynlegvis Bob Dylan, Neil Young, Nick Drake eller Fionn Regan.

Jada, eg veit at eg har utelete eit par sneis med namn i den siste setninga der, men det får vere grenser for namnedropping. Jada, eg veit eg tek kraftig i når eg plasserar ein debuterande jypling ved sida av slike legender. Men det har seg no ein gong slik at eg er blitt fryktelig glad i songane til Fionn Regan, og då er det vel lov å miste gangsynet eit lite augeblikk? Særlig mykje meir enn eit par millimeter unna sanninga er det nå uansett ikkje.

Fionn Regan er 25 år. Han er frå Dublin, men har det siste året visstnok budd i det sørlige England, nærare bestemt Brighton. Spankulerande mellom det litt desillusjonerte og det ganske så vemodsfulle står han fram som ein åndfull og moden låtskrivar. Sannsynlegvis den mest interessante nye stemma eg har høyrt sidan Elliott Smith kom listande fram frå sitt lysskye hjørne på midten av 90-talet.

Så veldig mykje meir enn Regan og hans gitar er det ikkje å høyre på albumet. Det trengst ikkje heller. Han plukkar og jagar rundt på gitarstrengene i beste Nick Drake-ånd, og han syng med ei myndig og varm røyst. Litegrann hjelp får han rett nok. På nokre av spora er det trommer og bass, på nokre litt nennsam støy og sus langt bak, og på nokre ein fiolin, ein bratsj og ein cello. Han nyttar derimot, på eit unntak nær, berre si eige stemme som harmonipartnar. Han har produsert sjølv, og han har sjølvsagt skrive kvar einaste låt sjølv.

Og for nokon låtar. Ein kan sikkert komme drassande med dei fleste namna eg allereie har nemnt, pluss eit dusin til, i eit forsøk på å kartlegge korleis dette låte. Det kan jo for så vidt vere eit poeng det, men det viktigaste er likevel at Fionn Regan skaper sitt vesle personlige rom der berre han bur, og der han instinktivt smeltar saman tonekombinasjonar av stor nåde. I skrivande stund meinar eg å finne dei aller venaste i Put a Penny in the Slot. Den har vel også kanskje den aller spenstigaste teksten. Ein omfangsrik tekst, rik på snodige påfunn, metaforar og såre minner. Slik går dei første linjene:

"I apologise I seem to have arrived home with items in my bag from your house,
there's cutlery, a table cloth, some Hennessy, and a book on presidents deceased,
I'll have them fed-exed to you,
it was a strange thing to do, I hope we can still be friends."

Det ser kanskje ikkje altfor songbart ut der det står, men de skal vite at Regan på sindig vis klistrar nokre strålande tonar til desse orda, og dei som fylgjer, der han mellom anna finn det høveleg å nemne at han ikkje er heilt ukjent med forfatterskapa til Paul Auster og Saul Bellow. Den luringen. Midtvegs får han harmonihjelp over ei vakker bru av ei Laura Murphy.

I den grasiøse og blå The Underwood Typewriter vender han blikket innover og konstaterar rimelig overtydande at;

"...my mind is so confused, I climb back on top of you,
I'm changing the ribbon in this old underwood,
step out of your dress and I'll wear you like a hood,
for a hood is a home,
for someone who lives alone”.

I harmonifine Black Water Child inviterar han lyttaren på ei lita utflukt "down here underneath the microscope". I uimotståelige Hey Rabbit uttrykker han kjensler av både klandrande, audmjuk og lengtande karakter. Spartanske og nådelause The Cowshed startar med eit romantisk barndomsbilde og endar i eit makabert funn. Barndomsminner er også utgangspunktet for vakre Snowy Atlas Mountains. Men dei er nokre år unna, og no har ting byrja å brenne under beina på hovudpersonen, i den evige kampen mellom kjærleik og svik; "...if you pull a hatchet, I'll pull something to match it, how about your wife?"

Fionn Regan kallar altså debutalbumet sitt The End of History, men eg er sikker på at han berre køddar med oss. For denne fyren har ikkje sunge sin siste song, denne fyren må berre ha meir på hjerta, mykje meir.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo