cover

A Mid-Tempo Frenzy

Sgt. Petter

CD (2006)Granat

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Countryrock / Folk

Spor:
The Elephant Resort
Shut the Lights
One Hit Is Lethal
Geeks R Cool
I See It Clearly Now
Something Went Wrong
Back to NOLA
Pulling Life by the Hair
Gone in a Second
My Grand Friend
Right Back at You
Every Picture

Referanser:
Johnny Hide
Thom Hell
Minor Majority
Sondre Lerche

Vis flere data

Se også:
It's a Record - Sgt. Petter (2003)
It's a Record - Sgt. Petter (2003)
Let's Go Wrestling - Sgt. Petter (2003)
Let's Go Wrestling - Sgt. Petter (2003)
Monkey Tonk Matters - Sgt. Petter (2005)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Pophygge

Kva med litt trivelig sjantis-pop sånn innimellom dei haustlege melankolibygene?

Det kan vere greitt å flytte litt på seg. Ja, for elles står ein jo i fare for å gro fast. Og det er jo nødvendigvis ikkje så altfor lurt. Om ein ikkje har eit brennande ynskje om å bli eit ærverdig tuntre eller noko slikt, då.

No har vel aldri Sergeant Petter stått heilt i ro. På sine to første album bevega han seg med ledige skritt rundt omkring i eit utvida countryrock-uttrykk. Kor som er, på sitt tredje album har han flytta seg 44 museskritt vekk derifrå, og hamna inne på eit ganske så folksamt poprock-territorium. Takten han lear seg etter her varierer frå det avbalanserte til det meir oppjaga, men har eit tydelig hovudfokus på tittelen sin Mid-Tempo påstand. Men så altfor Frenzy er det ikkje. Ganske så hyggelig, vil eg no heller hevde.

Ganske så hyggelig har jo Sergeant Petter i grunnen vore heilt sidan It's a Record sine dagar. Hyggelig, driftig, ledug og upretensiøs, med ei velutvikla evne til å fange gode melodiar. Sånn er han vel berre.

I kompaniskap med Kato Ådland, Yngve Sætre og ein liten gjeng musiserande bergensarar skaper han eit lydrikt bilde. Det er minst to måtar å skape eit slikt bilde på. Ein kan legge lag på lag med lyd for å konstruere eit overdådig bilde, eller ein kan la lydane skride fram meir etappevis og delt, og på det viset forme eit skiftande bilde. Petter og gjengen gjer som vanlig det siste. Ikkje i overpsykedeliserte eller frittflytande former, men meir etter ideen "ein banjo her, litt farfisa der, og så har jo sjeldan ei handfull munnspeltonar eller nokre steelgitar-tårer vore direkte øydeleggande heller". Eg opplever det som livgjevande krydring og næringsrikt tilskot, stort sett.

På sitt aller popfestligaste er albumet når Pulling Life by the Hair kjem i komplett ujålete, falsettsyngande og plystrande skapnad. På sitt kjappaste er det når klapping, spretne orgeltonar og popsmarte "ooh-oooh" jumpar fram i dagen og kallar seg Geeks R Cool. Og på sitt mest twangfulle er det når Petter med knekk i røysta syng I See It Clearly Now. Akustiske instrument dominerer, men det tar seg definitivt bra ut når han pluggar gitaren og skjerper strengene for Gone in a Second også.

Eit lite høgdepunkt er New Orleans-tributten Back to NOLA. Til friske men like fullt vemodsfulle countryfarga poptonar hentar Petter fram igjen eitt år gamle bilder frå "this god given town". Eit jazzy pianodriv kolorerer bakveggen saman med ein nennsam klarinett, Professor Longhair kikkar inn gjennom ein døropning i ei bule i Lake Charles, og trivselsfaktoren er for alvor i ferd med å sette seg.

Det er eit kort album, berre dryge halvtimen langt. Det rokkar ikkje grunnen under ein, eller får fram den store skjelven. Det skaper ikkje ufred, eller har stoff i seg til å bli grunnlag for dei omfattande diskusjonane. Men det skaper altså trivsel. Og av og til er det jo nett det ein treng, er det ikkje?

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo