cover

We Walk the Line: Inside a Norwegian Prison

Diverse artister

CD (2004) - Playground / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Country

Stiler:
Countryrock / Americana / Singer/songwriter / Folk / Blues

Spor:
I Still Miss Someone
Sunday Morning Coming Down
I Walk the Line
Tennessee Flat-Top Box
Give My Love to Rose
Get Rhythm
I Guess Things Happen That Way
Don't Take Your Guns to Town
The First Time I Saw Your Face
Solitary Man
If I Were a Carpenter
It Was Jesus
Big River
Wayfaring Stranger
Folsom Prison Blues
Long Black Veil
The Lucky Old Sun (Just Rolls Around Heaven All Day)

Referanser:
Johnny Cash

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Sterkt fengselsopphald

Fleire av Norge sin beste stemmer bidrar til ein Cash-tribute av det meiningsfulle slaget.

Å framføra sangar den gamle hedersmannen Johnny Cash har hatt på repertoaret er ingen lettvint veg til heder og ære. Ein skal nemlig gjere ein ualminnelig sterk innsats for ikkje å få slengt i seg "hmmm, men det er no ikkje heilt som Cash, då", eller noko slikt. Utan at alle nok lukkast 100% klarar imidlertid dei norske sangarane som var samla til konsert i Oslo kretsfengsel ein desemberdag i 2003 seg overraskande bra i sin tilnærming til sine utvalgte låtar frå Cash sitt repertoar.

Overraska vart også Cash si datter Rosanne Cash, i alle fall viss vi skal tru hennes essay i bookleten på denne utgjevinga. Der beskriv ho korleis ho litt motstrebande og tvilande entra tilskuarplass, for så å bli rørt til tårer. Og konkluderer med at dette var ein av hennes finaste opplevingar i selskap med faren sin musikk. Og ja, det er stunder på dette opptaket der eg skjønar dama sine deklarasjonar veldig godt. For med We Walk the Line: Inside a Norwegian Prison maktar nokon av landet sine mest markante stemmer innanfor rock og country sjangeren å komme opp med den klart beste Johnny Cash-tribute plata underteikna har høyrt.

Med Johnny Cash sine legendariske Folsom Prison og San Quentin innspelingar i tankane er det sjølvsagt ein glimrande idé å gjere ei slik plate som eit konsertopptak frå eit fengsel. Glimrande er og idéen å la overskuddet frå prosjektet gå til inntekt for SOS-barnebyar. Både fordi det er i Cash si ånd (han var the Man In Black som talte dei svake og utstøytte si sak, og var sjølv bidragsytar i forhold til SOS barnebyar), og fordi det er ei sak som fortjener merksemd og støtte uansett.

Nå blir aldri stemningen på Botsen like fortetta som den var i Folsom Prison og San Quentin. Men det inspirerte femmannsbandet og dei 13 sangarane gjer dette til ei fengslande stund likevel. Trass i det, og som nemnt tidlegare, er likevel ikkje alle forsøka like kvalifiserte. Trond Asker (vokalist i Haldenbandet The Squareheads) sin versjon av Folsom Prison Blues er stødig nok, men og litt fargelaus. Steinar Albrigtsen er som vanlig habil, men gjer ikkje så altfor mykje utav verken Don't Take Your Guns to Town eller Long Black Veil. Øystein Greni åleine med sin akustisk-gitar i Solitary Man er grei nok, men når ikkje dei store høgder. Og Paal Flaata si fløyelstemme kjem nok litt til kort på Kris Kristoffersen sitt ultimate evangelium over bakrus, anger og einsemd, Sunday Morning Coming Down. Ein sang så til dei grader udødeliggjort av prosjektet sin avdøde hovedperson. Den godeste Flaata tar imidlertid ein praktfull revansj med sin versjon av Ewan McColl-låta The First Time I Saw Your Face (ein låt både Elvis Presley, Roberta Flack og sjølvsagt Cash har gjort sine tolkingar av ved tidlegare anledningar).

Rita Eriksen og Hilde Heltberg er ofte i elden som kordamer albumet igjennom. Når dei kjem i sentrum for hendingane trør dei til med ein fin versjon av Wayfaring Stranger. Rita åleine nærmar seg Maria McKee-sfærer (anno Lone Justice) i sin tolkning av I Guess Things Happen That Way. Rett så innsmigrande korutøving foretek damene seg på Sondre Bratland si friske utgåve av It Was Jesus, -ein av Cash sine religiøse hymner. Besatt av heilt andre følelsar er fyren på den håplause men intense kjærleiksjakta i Big River, ei låt Sivert Høyem tek eit særdeles overbevisande tak i. Fyrig er også samme mann sin duett med Karen Jo Fields i If I Were a Carpenter. Fields på si side har ingen problemer i sin saftige omgang med Tennessee Flat-Top Box. Med hjelp av solid korinnsats frå Høyem og Asker gjev Vidar Busk gode gamle Get Rhythm ein modernisert blues-medfart. Medan Thomas Dybdahl tar eit ypperlig countrysoul tak i I Still Miss Someone.

Så var det bergenserane då. I si framføring av den tristaste av sangar Give My Love to Rose treff Sgt. Petter hovednerva. Gamle Cash gjorde det mange ganger, men det er slett ikkje kvar dag ein syngande nordbuar evner det. Utan fakter, utan pretensionar kallar den unge bergensar fram klumpen i halsen og våte augekrokar (ikkje sant, Rosanne?). Neste bergensar i sentrum er jammen ikkje dårligare. To forsøk får han, og skyt blink i begge. Magnet. Sitt artistnavn verdig dreg han låtane inn i sin eigen vesle verden, og leverer dei attende i heilt ny drakt. Stemma hans, lap-steelen og eit forsiktig komp krøllar seg sakte rundt den feberheite kjærleikserklæringa I Walk the Line. Dristig å plassere ein av Cash sine signaturlåtar i eit slikt lydbilde, men både smart og effektfullt utført. Mykje av den samme behandlinga blir også Lucky Old Sun (Just Rolls Around Heaven All Day) tildelt. Standardlåta Cash vant ein sangkonkurranse med i ungdommen, men som han først spelte inn på plate på sin tredje American utgjeving. Magnet gjer den til sin, akkurat som Cash gjorde. Vart, vakkert og vemodig.

Skal du berre ha ei Johnny Cash tribute-plate, så ikkje speid mot Amerika, og i alle fall ikkje mot Nashville, det er nemlig We Walk the Line: Inside a Norwegian Prison du skal ha.

comments powered by Disqus

 



Peter Anderl
2005-11-07Airplay

Hi Friends in Country Music,

as a DJ over here in Austria I am interested in giving the CD "We Walk the Line" some airplay. Please, be so kind as to tell me what to do. Thank you!

Peter Anderl
www.countryroad.tk

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo