cover

Elias Jung

Elias Jung

CD-EP (2005) - Guano Recordings

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Americana

Spor:
Struck By Lightning
From the Sharp Edge of the Wave
Silence, Come Please Me
Outspoken Spenser Sonnet

Referanser:
Madrugada
Muzzlewhite
Nick Cave
Neil Young

Vis flere data

Se også:
Interstate - Elias Jung (2007)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


I kjente spor

Nordnorsk kvartett som prøver å finne seg sjølv i fotspora til Madrugada.

Første gong eg såg namnet Elias Jung fekk eg to namneassosiasjonar. Ein gjekk i retning den nordnorske salmediktaren Elias Blix, den andre i retning den vidgjetne psykoterapeuten Carl G. Jung. Nå er det ikkje salmesong Elias Jung har på tapetet, men det er til tider ei viss sakral kjensle i uttrykket. Det er heller ikkje psykoterapi som står på programmet, men menneskesinnet er likevel ofte i fokus i tekstane. Så då var kanskje ikkje assosiasjonen heilt i det blå?

Låtskrivar, gitarist og vokalist Stian Grønbeck frå Lofoten tok for nokre år sidan artistnamnet Elias Jung. Det siste året har han fått med seg fleire faste musikarar, så no er Elias Jung også blitt namnet på eit band. I vinter tok dei vegen til Kai Ø. Andersen sitt Athletic Sound studio i Halden. Resultatet her frå er i desse dagar ute på ein firespors EP.

På denne debututgjevinga presenterer dei seg som eit band på søk etter eit personleg uttrykk. Søket deira føregår i terreng både Johnny Cash, Nick Cave, Neil Young, Jason Molina og ikkje minst den nordnorske storebroren Madrugada har frekventert.

Nå skapar slett ikkje Elias Jung musikk som er i nærleiken av kva Høyem og kompani mana fram på si første vitjing i Athletic Sound. Den godaste Jung har likevel såpass til låtskrivarevner at ein ikkje skal sjå bort ifrå at han også finn ein liten personleg plett snart. Denne gongen vert det med tre låtar av dugande, men ikkje så veldig original karakter, og ein noko haltande (From the Sharp Edge of The Wave).

Med Jung si baritonrøyst som det sentrale element prøver Struck By the Light å finne vegen ut av eit dystert landskap. På Neil Young-influerte Silence, Come Please Me er røysta til dama i bandet, Guro Kristin Gjøsdal, med og løftar låta. Noko som og er faktum på den Madrugada-farga Outspoken Spenser Sonnet. Eg trur det er her, i Guro og Elias sitt vokale tospann, at framtida til dette bandet ligg.

Arkiverast under: Har sannsynlegvis potensiale.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo