cover

12 Desperate Straight Lines

Telekinesis

CD (2011) - Morr Music / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Powerpop / Poprock / Post-punk / Indiepop

Spor:
You Turn Clear in the Sun
Please Ask for Help
50 Ways
I Cannot Love You
Dirty Thing
Car Crash
Palm of Your Hand
I Got You
Fever Chill
Country Lane
Patterns
Gotta Get It Right Now

Referanser:
Death Cab for Cutie
Superchunk
Weezer
The Vaselines
Guided By Voices
Buzzcocks
Spoon
Rogue Wave
Nada Surf

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Direktepop

Eit einmannspopband med snert og fuzz og hooks, og slikt vi kjenner.

Det er ikkje fritt for at det har komme ein og annan poptone med fuzz i seg oppe ifrå det der nordvestlige hjørnet av USA dei siste åra. Der kjem også Michael Benjamin Lerner i frå. Fyren som er einmannsbandet Telekinesis. Men, han er altså ikkje så veldig åleine der ute når det kjem til val av popsonisk uttrykk. Det er driv, det er hooks, det er fuzz, det er power, og vi har høyrt det før. Han kan sin pop.

Han kan sin pop, men han slit vel litt med å forme den om til eit spesielt eigenarta uttrykk. Han syr saman vendingar og melodilinjer som eg avgjort kjenner kan fenge meg der og då, men idet dei er over tenker eg i grunn ikkje så veldig mykje meir på dei.

Så, augeblikkspop, over og ut? Tja, kanskje ikkje heilt slik.

For det første, det er noko med bassen her. Den grev djupare, snakkar mørkare, og fremjar eit frontalt groove som ein ikkje finn hos kvar og ein som er ute i den same poptenesta. Det er som om Telekinesis har dratt på seg ein postpunksmitte. Og det finst som kjent verre saker å bli smitta av enn det, avgjort verre.

For det andre, det er noko med Please Ask For Help. Den har ein melodisk snert som sender ilingane eit stykke lenger nedover ryggrada enn kva ein gjennomsnittspoplåt gjer. Det temposterke bassgroovet vrinskar litt ekstra barskt, og Lerner syng om doble kjensler og stridige tilhøve: "You got the salt and I got the wound".

For det tredje, Dirty Thing er ein feiande flott låt. Ein lettbeint og popfiks rakkar med eit mindre framtredande bassgroove enn dei fleste andre i forsamlinga. I staden er den forsynt med ein gitar som kimar på attraktivt vis, og ein songar som syng om å berre vere luft i augo og sinnet til ein tidligare flamme: "Just last week I brushed your shoulder, on the busy street, it's no wonder, you didn't even blink. Oh, what a dirty thing".

12 Desperate Straight Lines. Plata heiter nok ikkje så heilt utan grunn. Songaren ytrar ein viss desperasjon plata igjennom. Om kjærleikstilhøve oppe til vurdering, eller nede for teljing. Stundom angrip han vanskane frå den bitre sida, andre gonger dukkar han ned i det meir audmjuke vemodet. Ikkje så heilt ulikt dei fleste andre med slike saker på programmet altså.

Lerner har forresten fått litt hjelp. Frå Chris Walla. Slik han fekk det då han var her med si debutplate for eit par år sidan. Death Cab For Cutie frontmannen har produsert og vore hovudansvarlig for innspelinga, som fullt og heilt er tatt opp på godt gammalt analogt vis. Eit par stjerner i margen for det, eller? Og nokre til for ein halvtime med dugande popsnert, og eit par skarpskodde.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo