cover

In the World of Him

Sally Timms

CD (2004) - Bloodshot / Touch and Go / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Cabaret / Elektronika

Spor:
Sentimental Marching Song
Corporal Chalkie
God's Eternal Love
High Dosage
139 Hermansler Gurtel
Fools We Are As Men
Bomb
I'm Just a Man
Little Tommy Tucker

Referanser:
Nico
Emmylou Harris
Marianne Faithfull
Carla Torgerson

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ein grim verden

Sally med den fine stemma tek seg ein tur innom mannen sin verden.

Sist gong Sally Timms gav ut plate i eige namn var tittelen Cowboy Sally's Twilight Laments For Lost Buckaroos (1999). Og på mange vis var det vel nett det det var. Varlegt gyngande små, triste, men også koselige sangar for skumringstimen. Country-assosiasjonane tittelen gjev, var og så avgjort tilstades, sjølv om tonane også tok diverse andre retningar. Andre retningar tek dei også på Sally sitt ferske framstøt In the World of Him, definitivt.

Nå har vel aldri Leeds-fødte Sally Timms hengt seg så nøye fast i ein bestemt sjanger. På sin platedebut frå 1980 var det eksperimentell lo-fi som gjaldt. Hangahar var prosjektet sitt namn, og vart gjort i samarbeid med Pete Shelley frå Buzzcocks. Mest kjent er nok likevel dama for sitt samarbeid med det heftige og mangslungne engelske
punkrock-bandet The Mekons, der ho har vore med å sunge sidan midten av 80-talet. Sally har opp igjennom åra lånt bort røysta si i diverse andre samanhengar også. Slik at album gitt ut i eige namn ikkje alltid har komme øverst på prioriterings-lista. In the World of Him er faktisk berre hennes fjerde full-lengdar.

Tittelen lyg ikkje. Dette er Sally i mannen sin verden. Ni sangar, åtte skrevne av menn og ein av Sally sjølv. Vi møter menn som prøver å forklare seg. Nokon ser, andre er blinde, men dei lever, syndar og kjempar, og nokon havnar heilt ute på tilværet si hutrande sidelinje. Det er ei mørk og dyster plate, der det er langt mellom dei optimistiske ytringane. Utvalgt til å stå ved produksjons-roret er den noko uvanleg samanskrudde amerikanaren Johnny Dowd, og han styrer ikkje akkurat musikken inn på tryggare stiar. Låtane gjer seg oftast til kjenne i eit avkledd og reinskore lydbilde, der skiftande og livgjevande elektroniske lydkjelder samt vitale slagverksrytmar er dei berande elementa. Saman med Sally si stemme naturligvis. For den er overalt her. Sensuell, intens, bestemt, nennsom og vakker. Av og til går tankane i retning Emmylou Harris sin Wrecking Ball, andre ganger er det Marianne Faitfull som ligg og lurar i bakhovudet, medan Nico sit på ei grå sky og nikkar tilfreds.

Dei fleste (for ikkje å sei alle) krigane opp igjennom historien er det menn som har fått istand. Då er det vel også rett og rimelig at krigen og dens dystre skuggar blir via ein del merksemd på eit slikt album. Begge dei to låtane ho har henta frå The Mekons sitt repertoar dveler ved krigsliknande tilstander. Den seige men rytmisk virile Corporal Chalkie, og den hastigare men like fullt suggerande Bomb. I sistnemnte syng Sally tankevekkjande linjer om uforstand, uskyld, ungdom og ødelegging; "forgive them, they are young and rich and white... lovely girls slip softly into ruin, boys of summer scattered all around". Krigen er også med i bildet på den 1.35 min. korte Dowd-komposisjonen 139 Hermansler Gurtel. Sjølv om denne spoken word/folk/cabaret affæren nok meir handlar om eksplosive lyster blant transseksuelle; "up uncle Norbert's skirt, the patriotic wind blows, stiffening his mighty sword". Mark Eitzel sin komposisjon God's Eternal Love er ein gnagande og avkledd ballade om overgrep gjort i staten og dei herskande sitt namn og dets mulige konsekvensar, uhyggelig aktuell; "Those you lock away will defeat you, they know all your secrets, they wear your indifference like a boast, and your death is only the key to their future, and your children are just pigs they will roast".

In the World of Him har sjølvsagt også sin dose med mann/kvinne-problem. Frå bonusavdelingen på Ryan Adams sitt Gold-album har ho henta Fools We Are As Men. Ei både sjølvmedlidande og sjølvforaktande bønn. Og så har ho funne fram ei gammal låt av eksentrikaren Kevin Coyne kalt I'm Just a Man. Melodien blir framførd i bortimot konvensjonell countryrock fasong, mens Sally med sofistikert kraft klarer å hente fram kvar einaste dråpe av sveitte, blod og kjærleik som er å finne i denne ærlige, audmjuke og nydelige teksten:

It's not that I want to hold you to ransom with foolish lies,
or lies, lies that tie you down
It's not that, it's not that I even want to marry you
Cause marrying you would mean that I'd have to chain you, not choose you,
Chain you, not choose you
I love you and that alone I want to say
And I've never wanted to say anything any other way, than that way
I am saying it now, this is the way I really feel
And if I sound a little confused, it's because I'm, ...oh, feeling for you
Can you understand?

Ho avsluttar så albumet med sin eigen Little Tommy Tucker, langsomt svevande på ei evig drone. Dermed er ein usminka og ganske variert seanse vel i havn. Og det gjer slett ingenting om du ikkje ventar like lenge til neste solo-framstøt, Sally.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo