cover

Welcome to the Hiawatha Inn

The Great Crusades

CD (2004) - Glitterhouse / S2 / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Heartland rock / Folk

Spor:
Who Makes the Voices Stop?
Spinnin' Head
God Gave Me
Elizabeth
Pilsen
Hiawatha Inn
November
I Wish (Portland Sun)
St. Christopher Street
Badlands
Drunkard on a Drunkard's Grave
No Lover to Mourn
I'll Be Over Here

Referanser:
John Mellencamp
Marah
Screaming Trees
Danko Jones

Vis flere data

Se også:
Never Go Home - The Great Crusades (2002)

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Baktungt korstog

Mellom badlands og heartlands. Røft, traust og temmelig fattig på gode låtar.

I tillegg til at den tyske labelen Glitterhouse har tatt seg av distribusjonen for fleire norske band (Midnight Choir, Salvatore, Ricochets), er den også heimen til eit lite kobbel av amerikanske artistar frå den meir skyggefulle delen av musikklandskapet (Walkabouts, Willard Grant Conspiracy, 16 Horsepower). Glitterhouse er også ein label som stort sett har vist seg å være garantist for kvalitet. Litt skuffande derfor at nett det ikkje er å finne i særlig grad hos Chicago bandet The Great Crusades. Dei har nok tråla liknande landskap, bakgater og barar som fleire av dei nemnte Glitterhouse-artistane, men varene dei leverer her på sin fjerde utgjeving er ikkje særlig overbevisande.

Det er røffe saker, whiskey-dynka og hardbarka, men veldig mangelfullt når det kjem til melodisk styrke. Framdrifta er til tider fråverande, gitarsoloane virkar stort sett å være fantasilause pliktløp, og særpreg er eit framandord.

Bandet kan plasserast midt i den trauste amerikanske rocketradisjonen. Ein kan finne enkelte spor av country/folk, overspente forsøk på grunge-aktivitet, men mest er det breibeint og meiningslaust. Vokalist Brian Krumm har ei djup raspande røyst i lende Mark Lanegan, Tom Waits. Utan at han og bandet rekk desse karane til skinnleggen ein gong.

Sånn, der fekk eg brukt meg, så då er eg klar for å ta på meg dei gule, positivistiske brillene:

Sjå der ja, alt er faktisk ikkje heilt håplaust. Innimellom dukkar det fram nokre tonar av det dugande slaget, og ved eit par tilfeller maktar kvartetten også å skape litt dynamikk. Som i Pilsen, med sine luftige vers og kraftfulle refreng. Det same kan og seiast om den litt seigare St. Christopher Street, den har i tillegg litt godgjerande cello-tilskot. Den einaste låta med gitartonar som dreg ut på tokt som kan minne om frodige retningar er Spinnin' Head. Muligens kan vi gje godkjent til God Gave Me også, ein straight og totalt syrefri sak, men som likevel har noko Roky Erickson over seg. Den avsluttande pianoballaden I'll Be Over Here har meir enn ein tone henta frå strøka der Tom Waits streifar rundt, og er for så vidt grei nok den også.

Så kanskje kunne det blitt ein fem-låtars EP av det plausible slaget? Kanskje, fordi når eg tek av meg dei gule brillene lyt eg nok innsjå at låtane eg nemnde trulig ikkje hadde vore så veldig mykje meir enn skuldertreknings-kandidatar i dei fleste andre samanhengar. Uansett, avstanden i frå ein slik EP og til dette tretten låtar lange albumet er cirka 30 trøttande minuttar, som i alle fall stiller denne lyttaren sitt tålmod på ein altfor hard prøve.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo