cover

We Shall All Be Healed

The Mountain Goats

CD (2004) - 4AD / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Folk

Spor:
Slow West Vultures
Palmcorder Yajna
Linda Blair Was Born Innocent
Letter From Belgium
The Young Thousands
Your Belgian Things
Mole
Home Again Garden Grove
All Up the Seething Coast
Quito
Cotton
Against Pollution
Pigs That Ran Straightaway Into Water, Triumph Of

Referanser:
Bob Dylan
Roky Erickson
Billy Bragg
Ani DiFranco
Violent Femmes

Vis flere data

Se også:
All Hail West Texas - The Mountain Goats (2002)
Tallahassee - The Mountain Goats (2002)
The Sunset Tree - The Mountain Goats (2005)
Get Lonely - The Mountain Goats (2006)
Heretic Pride - The Mountain Goats (2008)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Fjellgeiter er ikkje som andre geiter

John Darnielle er tilbake, med sin hardt stramma akustiske gitar, sine dystre meldingar, og med hanken full av velskapte melodiar.

Det er ein dyster verden John Darnielle teiknar konturane av på si nye plate. Vel, i grunnen er det forresten meir enn konturar han rispar inn, det er nok heller bilder i svart, brunt og raudt, malt med vannfaste fargar. Intenst, brutalt og med små behov for å pynte på realitetane, serverer mannen tirader med grovkorna meldingar. Ubehagelige situasjonar, vanskelege minner, framandgjering, forurensing (både i jord og sinn) og ein snikande paranoia-tilstand er nokre av stikkorda. Slett ikkje lettfordøyelige saker, med andre ord. Faktisk blir det slik at vi nesten lyt gripe fatt i albumet sin tittel, We Shall All Be Healed, for å få ei forståing av at mannen tross alt ser eit håp.

John Darnielle og hans laust ansatte medhjelperar i Mountain Goats er ute med sitt 12. album sidan debuten i 1995. Ein produktiv mann, altså. Underteikna har på langt nær gjort seg kjent med alle desse utgjevingane. Strengt tatt er det vel berre 2002-albumet Tallahassee eg kan seie å ha besøkt i særlig grad. Den plata var også fjellgeitene si første i litt hi-fi liknande omgjevnader. Utan at verken den eller årets framstøt kan seiast å være smøring av øyregangane til lydentusiastar av den grunn.

Darnielle er væpna med ein til brestepunktet hardt stramma akustisk gitar, som han med frenetiske fakter hamrar tonar utav. Han er også innehavar av ei nasal stemme som innbitt manar fram til tider svært så fint melodi-utstyrte utredningar. Målt mot nevnte Tallahassee varierer han kanskje uttrykket ein aning meir denne gangen. For det er faktisk eit rimelig stort sprang mellom den hardt angripande Stan Ridgway-møter-Dylan (anno 1964) saken Letter From Belgium, og den nesten stilleståande spartanske balladen Mole. Det dei imidlertid har til felles er ein krypande uhygge-stemning. Den første er ein stemningsrapport frå resignasjonen sitt tempel; "We've been past the point of help since early April". Og muldvarp-tilfellet er ein slesk fyr sitt sjukebesøk hos ein hjelpelaus venn, ikkje ein ballade for levande lys og hygge altså. Det er nok heller ikkje "Your Belgian Things", for sjølv om den er dekorert med fine tonar har nok få av dei involverte ført eit veldekorert liv. Det er for øvrig litt Don McLeansk over toneføringa på denne. Noko det absolutt ikkje er over garasjefolk-affæren Home Again Garden Grove. Her er det snarare jaktmarkene til den skrudde texanaren Roky Erickson som blir frekventert. Eit av albumet sine definitive høgdepunkt. Ein tittel den må dele med fortetta og dommedagvarslande Against Pollution. Samt den skurrande og sterkt stryk-infiserte Quito, som dessverre gjer sitt sorti så altfor tidleg (etter to minuttar blank).

Ein blir nok svett både i sinn og øyregangar etter tre kvarter i selskap med herr Darnielle. Det er ordrikt, intenst og litt krevande å forhalde seg til. Men det er så avgjort noko tiltrekkande med hans melodiske ordflaumar, og eg har ei kjensle av at dette kjem eg til å vende attende til ved ujevne mellomrom, slik tilfellet har vore med Tallahassee.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo