cover

Tall Hours In The Glowstream

Cotton Jones

CD (2010) - Suicide Squeeze / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folk / Country / Lo-fi / Poprock

Spor:
Sail Of The Silver Morning
Somehow To Keep It Going
Glorylight And Christie
Man Climbs Out Of The Winter
Song In Numbers
Soft Mountain Shake
Place At The End Of The Street
More Songs For Margaret
Goethe Nayburs
Dream On Columbia Street
No Things I Need (Like Some Time Ago)

Referanser:
Page France
My Morning Jacket
Fleet Foxes
Great Lake Swimmers
M. Ward
Damien Jurado

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Tonar som var, og er

Nostalgiske, milde og godt førlige tonar i eit enkelt men romslig bilde.

Heime, bak eit keyboard, med ein akustisk gitar i fanget, med rytmikk av ulik kraft og tempo i ryggen, panorerer dei inn ei anna tid. Ei falma tid, ei langsamare tid. Ein åtte-spors opptakar fangar lyden. Ein mjuk og flytande lyd. Men det skurrar også litt, det er ikkje perfekt, det er ikkje konturlaust. Det er lo-fipop laga av country- og folktonar henta frå eit gammalt bilde. Av desse lagar dei sitt bilde. Dei lagar det ikkje trongt, dei lagar det romslig.

Cotton Jones er først og fremst Michael Nau og Whitney McGraw. For ikkje så lenge sidan kamperte dei saman i kvartetten Page France. Venner av dei frå den tida stikk også innom og spelar litt på Tall Hours In the Glowstream, deira andre album som Cotton Jones. Eit album der sentimentalt tona betraktningar omkring heimlige tomter, minner og halvferdige draumar står sentralt.

"C'mon baby let the river roll on". Michael Nau er midt i elva, midt i the Glowstream. Ikkje ei elv av truande stryk, men ein sakteflytande flod tvers gjennom oppvekst og hugnad. Takten er lettbeint, dama harmonerer i felles forståing, og songen heiter Somehow To Keep It Going. Den er ikkje utan vemod heller.

Lite er utan vemod på Tall Hours In The Glowstream. Og definitivt ikkje Man Climbs Out Of the Winter. Ein countrysong født i dunkel belysning, fora på lengsel og motgang, kledd i klang og nostalgi, og med eit uttalt behov for å samle livets erkjenningar i nummerert orden.

I number the flowers at the foot of the mountain

I number the mountains I never did climb

I number the days I get up in the morning

all of these numbers are numbers of mine

Michael Nau syng, og han syng mest. Med ei stemme i det lysare skiktet (har den ikkje litt spor av Jim James frå My Morning Jacket i seg tru?). Whitney McGraw har stort sett ei harmonerande rolle. Ei rolle ho handterer bra, passe nennsamt, alltid tilstades. I opningskuttet Sail Of The Silver Morning har ho imidlertid ei rolle som duetterande partnar. Hadde den songen eksistert i 1967 (noko den veldig gjerne kunne ha gjort) hadde den sannsynlegvis hatt kort veg til ei plate med Lee Hazlewood og Nancy Sinatra. Cotton Jones finn forma på den dei også.

Noko dei i grunn gjer på mykje av det dei har føre seg. I den dvelande folkballaden More Songs For Margaret. I temposkiftande og smått intrikate Dream On Columbia Street. Og i Place At The End Of The Street. Ein countrysong med litt støy på linja, men med eit mjukt ganglag og eit vent tonelag, og med det særs essensielle spørsmålet "how wide goes your love?" som sitt mantra.

Når så er sagt, plata har sine anonyme flater også, og har tidvis eit noko nølande lettvektarpreg over seg. Hovudinntrykket handlar like fullt om slikt som sjarm, vemod, romklang og gode tonar. Så gje dei gjerne ein sjanse, eller to.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo