cover

Out of the Shadow

Rogue Wave

CD (2002) - Sub Pop / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Indiepop / Singer/songwriter / Folkpop / Psykedelia

Spor:
Every Moment
Nourishment Nation
Be Kind & Remind
Seasick On Land
Kicking the Heart Out
Postage Stamp World
Sewn Up
Falcon Settles Me
Endgame
Endless Shovel
Man-Revolutionary!
Perfect

Referanser:
Beach Boys
The Beatles
Elliott Smith
Paul Simon
Beulah
The Shins

Vis flere data

Se også:
Descended Like Vultures - Rogue Wave (2005)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ut av skyggen

Ingenting revolusjonerande, men ein heil del velklingande poptonar frå debuterande Bay Area-kvartett.

Det er veldig lite på debutplata til San Francisco-kvartetten Rogue Wave som ikkje har blitt gjort før. Her får vi oppleve tonar som i alle fall har surfa på eit par av dei same bølgjene Brian Wilson og hans Beach Boys angreip sånn cirka 1966. Det heile hadde sjølvsagt også lydd noko annleis hadde det ikkje vore for fire karar frå Liverpool og det dei hadde føre seg sånn cirka 1966. Ellers er det sånn cirka hundre andre namn som også kunne vore nemnt. Det kan egentlig få vente. Vil i staden hevde at lyden av Rogue Wave slett ikkje er dårlig av den grunn, faktisk er den rett så fin.

Bandet har sitt namn etter frontfigur Zach Rogue, som i veldig stor grad er åleine om resultatet på denne plata. For når han spelte inn desse songane i 2002 var det egentlig ikkje snakk om noko bandprosjekt, berre litt hjelp frå venner. Då den kom ut på ein obskur indie label same år var imidlertid Zach i ferd med å setje saman eit band. Og nå i 2004, når Sub Pop har funne det fornuftig å ta albumet under sine vengjer for å få det ut til ein større hop, er Rogue Wave altså ein kvartett.

Det burde absolutt være rom for Rogue Wave både i platehylla og i hjarta til folk som har blitt gode vener med tonane til labelkompisane deires The Shins. For sjølv om ikkje forsøket deires på å komme seg ut av skyggen er like tettpakka av storflott popkunst som Chutes Too Narrow (2003), så er dette heilt på høgde med The Shins sin debut Oh, Inverted World (2001). Og i haugen av saker og ting som liknar, er det kanskje nett den plata som ligg fremst på tungespissen min. Ellers spøker såpass forskjellige folk som XTC (Nourishment Nation), Wilco (Postage Stamp World) og Paul Simon (Man-Revolutionary) også rundt i kulissane.

Ikkje musikk som prøver seg på uutforska territorier, altså. Men vi blir presentert for eit meir enn habilt kobbel med poptonar det kan være smart å søke kjennskap til. Ofte gjort i eit hovedsakelig akustisk leie, men dei hoppar og over gjerdet og blir ganske så elektriske iblant. Nokre gonger er tonane straighte og lettfordøyelige, andre gonger svingar dei innom psykedeliserte strender og smyg seg rundt på litt rarare underlag. Det kan virke sommarlett og kjekt, men har både ein og to undertonar av melankolsk art.

Mine aller fremste favorittstunder på albumet er det vakre folkpop-eventyret Be Kind & Remind, det er den fint slentrande, akustisk baserte og lett psykedeliserte Endgame, og det er Endless Shovel, som både lener seg til sterke tonar, og som bråkar mest. Så får vi heller tåle at dei avsluttar med ei låt som heiter Perfect, men som er eit stykke unna nett det. Ein plass på solsida av kvalitets-skalaen er uansett sikra.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo