cover

Workbench Songs

Guy Clark

CD (2006) - Dualtone / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Folk / Countryrock / Americana

Spor:
Walkin' Man
Magdalene
Tornado Time in Texas
Funny Bone
Exposé
Out in the Parking Lot
No Lonesome Tune
Cinco de Mayo in Memphis
Analog Girl
Worry B Gone
Diamond Joe

Referanser:
Townes Van Zandt
Joe Ely
Rodney Crowell

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Frå arbeidsbenken

Ein og annan fin låt har Texas-trubaduren mekka saman på benken sin denne gongen også.

Enkelte er så produktive og kjappe at dei knapt har tid å snu seg før dei har ei ny plate på trappene. Andre tek seg god tid, dei tenker, flikkar og høvlar. Guy Clark høyrer med blant dei sistnemnte. Workbench Songs er mannen sitt ellevte album. Noko ein neppe kan karakterisere som eit høgt tal når ein veit at han platedebuterte for over 30 år sidan. Det gjorde han like så godt med eit meisterverk, Old No. 1. Eit album som kan skilte med evige countryklassikarar som Desperados Waiting For a Train, L.A Freeway, She Ain't Goin' Nowhere og Like a Coat From the Cold.

Slikt skapar forventningar. Forventningar Clark nok aldri heilt har klart å leve opp til. No har ikkje underteikna høyrt rett alle av mannen sine post-1975 album. Trur likevel eg har rimelig brukbar dekning for å hevde at han har komme opp med fleire bra låtar desse åra, men ingen album av storveges art. Det blir nok ikkje Workbench Songs heller.

Albumet har sine to-tre spor som maktar å få fram ei viss sitring i nakkeregionen. Det har ein litt større lott av det ein kan karakterisere som greitt dugande saker. Og det har sin vesle avdeling av daffe ting.

Clark har med seg ein rutinert liten gjeng til å traktere strengeinstrument av ulike slag, men stort sett av typen "ikkje straumførande". Blant andre Verlon Thompson og Shawn Camp, som også har eigne solokarrierar. Desse to bidrar også med harmonisong, saman med for meg ukjente Morgan Hayes. Ved nokre høve tenderer kanskje dei instrumentale bidraga mot det rutineprega, men stort sett har dei eit friskt og fruktbart preg. Det kan forresten godt vere at Clark sjølv har laga nokre av instrumenta det blir spelt på. Mannen driv nemlig som instrumentmakar når han ikkje spelar musikk. Det vil altså sannsynlegvis seie mesteparten av tida.

Clark var ein god venn av avdøde Townes Van Zandt. Han har gjort versjonar av fleire av hans låtar tidlegare. Denne gongen har han funne plass til vakre No Lonesome Tune. Clark og hans medhjelparar tar korkje låta inn i nye landskap eller gjer den ein magisk touch à la Van Zandt. Habil plankekøyring, kan ein kanskje kalle det.

Dei aller fleste låtane på Workbench Songs står imidlertid Clark bak sjølv. Det vil seie, alle er skrive i kompaniskap med ulike låtskrivarvenner. Den aller beste meinar eg må vere Out in the Parkin' Lot. Ein særdeles melodisk velfundert sak, servert i enkle, dvelande og ektefølte former. Ei skildring av råning, ragging, drikking og elsking som kulminerer i eit rett så inntakande refreng;

"I love to see the neon dancin' on the gravel,
And I love to hear the pick-up trucks come unraveled,
Some have given up, some have given in,
Looks like everybody’s lookin' for a friend,
Out in the parkin' lot"

Opningssporet Walkin' Man har eg også plassert på lista over Guy Clark låtar det er verdt å vende tilbake til. Ein countryblues med eit framoverbøygd driv og sprek strengeleik. Når Clark i tillegg finn det rimelig å nemne både Woody Guthrie, Chuck Berry og Mahatma Ghandi som viktige bidragsytarar for gåinga si historiske utvikling, kan det jo ikkje bli anna enn smått interessant. Det tredje sporet for den nemnte lista er Cinco de Mayo in Memphis. Og her er det tid for å få på seg sine finaste dansesko og bli med på litt upretensiøs texmex-jubel nedover Beale Street.

Sånn elles syng han om tornadotrøbbel, ryktespreiing, cannabis-røyking, ei dame som ikkje finn seg tilrette i den digitale kvardagen og ein trist klovn. Det er for så vidt greitt nok, men melodisk ikkje altfor minneverdig.

Men tre nye låtar til den etterkvart nokså fyldige samlinga av fin-fin Guy Clark-country tar ein sjølvsagt imot med takk.

comments powered by Disqus

 



Navaho-joe
2007-01-04Gi den noen runder til...

Vil anbefale deg å la denne gynge i cd-spilleren noen flere ganger. Det er definitivt en av de beste platene Guy Clark har gjort etter Old.no 1.
Den har virkelig flere enn bare tre "fin-fine" Guy Clark låter...

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo