cover

Naked Soul

James MacDonald

CD (2006) - Laughing Outlaw

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Softrock / Singer/songwriter

Spor:
Ordinary Life
Passing Parade
Another Rendezvous
Naked Soul
I Will Be There
Alive
Sometimes I Feel
Surrender
I Know a Place
Smoking Gun
In Her Arms
Where Do the Children Play

Referanser:
Paul McCartney
Neil Diamond
Neil Finn
Tim Finn

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Ein ordinær popfyr

Med 60-talet som spegl stryk han tonane mjukt og lar dei flyte lett og uspennande i tradisjonelle spor.

Kor vidt denne karen frå Sydney har aner tilbake til Old MacDonald har eg ikkje stressa med å finne utav. Det eg derimot ganske så fort oppfatta var at melodiane han diskar opp med har eit fundament som er trygt plassert i deler av den velbrukte poptradisjonen som oppstod på 60-talet. Litt Neil Diamond, litt Paul McCartney, og ei fløyte som, kanskje litt feilaktig, får meg til å tenke på Ian Anderson. Plussar ein så på med ein solid dose av brørne Tim og Neil Finn sine eskapadar, ja så skulle de vel ha ei viss aning av kor dette ber i veg.

Naked Soul er James MacDonald sitt tredje album som soloartist, dei to første har aldri nådd innafor mi rekkevidde. Det gjorde heller ikkje The Woodshedders, bandet han spelte i før han prøvde seg under eige namn. Er denne nyaste plata hans representativ for kva han har pusla med før, ja så sit eg vel ikkje akkurat med ei kjensle av å ha gått glipp av dei heilt geniale popframstøyta. Når det er sagt, fyren har absolutt eit og anna småtrivelig å by på.

MacDonald spelar på mange strengar og tangentar, og har ansvaret for det meste av lyden på albumet sjølv. Ja bortsett frå litt harmonihjelp frå ei Deb Cotton, samt nokre blåsarar på eit par nummer er albumet i all hovudsak gjort i tospann med den aktive, men ikkje altfor kjente, Nicky Bomba. Han har produsert, og sit bak trommene.

På tekstplanet skildrar MacDonald grenselandet mellom det å ha det greitt og det å ha det ugreitt. Om å vere eit lite unnselig vesen i ei hardt prøvd verden. Eit felt han som kjent ikkje er aleine om å utforske. Ein kan vel neppe hevde at han gjer det på grensesprengande vis heller. Det er strengt tatt ikkje ei einaste tekstlinje her eg har notert meg som sitat-aktuell. Dei er der berre, dei kling greitt i hop med tonane, men når dei har passert er dei gløymt.

Det finst like fullt eit par tre melodiar som ikkje har gått heilt i gløymeboka. Ikkje enno i alle fall. Passing Parade med sin livfulle popsnert og sine fløytefriske innspel, løftar ein fatalistisk tekst inn på eit håpefullt spor. Den pop-twangy Sometimes I Feel med sitt XTC-smarte refreng og sine vage Dylanske drag finn avgjort vegen heim. Eit trivelig selskap er også den blåsar-svale og harmoniske I Know A Place. Den ompa og vaudeville-aktige og allsang-påkallande anti-krig og anti-Bush affæren Smoking Gun har vel også vore årsak til eit og anna nynn. Sjølv om den nok meir blir ein trallande parantes, enn eit vektig innspel.

Sånn elles er det mykje pop på det jamne her. Pop som stryk medhårs og er rimelig friksjonsfri. Det går an å like det, men det går veldig godt an å bli døsig og likesæl til det også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo