cover

Axis of Evol

Pink Mountaintops

CD (2006) - Jagjaguwar / City Slang / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Psykedelia / Blues / Gospel

Spor:
Comas
Cold Criminals
New Drug Queens
Slaves
Plastic Man, You're the Devil
Lord, Let Us Shine
How We Can Get Free

Referanser:
Black Mountain
Jerk With a Bomb
The Velvet Underground
Will Oldham
Mark Kozelek
Sonic Youth
The Grateful Dead

Vis flere data

Se også:
Outside Love - Pink Mountaintops (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Himmel og helvete

Ein fryktlaus fjellvandrar med grumsete godtonar i sekken ser djevelskapen i kvitauga.

"No I'm not headed down the highway to hell,
There's peace in the valley, the blood has been shelved"

Slik opnar Black Mountain sin frontfigur Stephen McBean si andre plate under signaturen Pink Mountaintops. To kjente låttitlar, og eit signal om at han har tatt steget over på andre jaktmarker enn der han var i sitt første Pink Mountaintops utspel. På den sjølvtitulerte debuten (frå 2004) handla det mykje om sex. Direkte og utilslørte sexfikserte proklamasjonar over eit tonemønster som mest av alt minna om eit Stones som vart dratt gjennom Velvetske gater og ført vidare nedover langs Mississippi. Eit skamlaust og absolutt dugande føretak, sjølv om nokre av melodiane hadde eit litt fargelaust vesen, og det tekstlige vel kanskje var meir spenstig enn verkelig substansielt. Eg sensar ein meir levedyktig karakter over stoffet han serverer denne gongen.

Med Bibelen i venstre hand, rock'n roll historia i høgre, og eit frilynt og absurd sinn vandrar han med fryktlause steg langs den smale og svingete stien mellom avgrunn og frelse. Han skimtar ikkje svaret, lyset eller nåden, men stiller sine spørsmål og kjem med sine utfall. Han snur kjærleiken bak fram, og ser rosene blomstra der døden har blitt gammal. Han lar det gnistre og slå om seg med sølete lyd, men kler også lydbileta heilt nakne.

Tittelen Axis of Evol kan ein kanskje sjå på både som ein kommentar til eit velkjent utsegn frå den amerikanske presidenten, og som ei helsing til Sonic Youth. I alle fall kjem McBean med sine framstøyt mot krig og kald kriminell djevelskap, samstundes som eit par av spora har klare soniske linjer til Thurston Moore og kompani. Med si dirrande erklæring om at "the devil got us in his plans", si vandring i "the valley of the dead" og sitt gitargrafsande og støyande vesen oppfattar eg Cold Criminals som låta som femnar begge desse poenga. Medan den korte New Drug Queens handlar om ungdom og lausriving, og gjer det med skurrande gitar- og maskindrivne punkrock-tonar det dunstar New York-asfalt av.

Innramminga av albumet høyrer til på den andre enden av lydskalaen. Dei før nemnte opningslinjene kjem til uttrykk i den gitarplukkande visa Comas. Når McBean i denne vidare syng om å ha slost mot "a dead angry deer, and she is still with me after all of these years" kjem det smygande visse Will Oldhamske referansar. Bakerst og strippa for både soniske forstyrringar og unødige ord sleper How We Can Get Free seg framover. Stemninga er dyster, knoklane klirrar og eit klaustrofobisk og fridomstelande helvete truar. Kven er det som kan vere redninga no tru? "Jesus, do you believe? Sweet Jesus, is this hell that you see? Jesus, we're in a holy rage, won't you tell us how we can get free?"

Axis of Evol er ikkje ei lang plate. Sju låtar, 34 minuttar. Slaves legg beslag på ein fjerdepart av albumet. Eit langsamt inntrengande folkblues-psykedelisk tilfelle. Einsretta og monotont, men også sleskt og suggerande (Velvet Underground konfronterer Grateful Dead, eller noko slikt). Medan det slide-gitar garnerte og satiriske tilfellet Plastic Man, You're the Devil trykker på både blues og psych-rock knappar, samstundes som det kjem med nådelause spark mot Bush-administrasjonen.

Det er litt blues å spore i min personlige favoritt på albumet også, men langt meir enn det er Lord, Let Us Shine eit psykedelisert, droneforfylgt og groovy gospelbeist. Ein ekspanderande kollisjon mellom Polyphonic Spree, Spiritualized og Primal Scream. Ei bøn, eit krav, eit lysande døme på kor bra det kan bli når ein lar alle aversjonar legge seg flate og ser verken på himmel eller helvete som euoverkommelige barrierar. "I've been singing with Jesus in the House of Love, I've been sending dead flowers to the devils son".

Eg trur Stephen McBean skal vere ein kar å fylgje med på dei komande åra, både når han hamrar i det svarte fjellet og når han kryp eller hoppar langs dei rosa toppane. Eller når han skulle finne på noko heilt anna.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo