cover

A Boy Named Sue

A Boy Named Sue

CD-EP (2004)Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Americana

Spor:
Heard This Laughter
The Way It Should
Come Home
Sad Songs
Turn Stay Strong
All That I'm Waiting For

Referanser:
Leonard Cohen
Nick Drake
M. Ward
Adem

Vis flere data

Se også:
Selling Road Maps for the Soul - A Boy Named Sue (2007)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Sad Songs

Fersk vestlandsmelankoli i velkjent tradisjon.

A Boy Named Sue er egentlig ein ung mann med namn Stig Sandbakk. Han lever og bur for tida i den vestlandske hovedstad. Her, mellom dei sju fjella, og til tonane frå ein akustisk gitar, ispedd varlege innslag av elektroniske lydar samt nokre bergenske regndråpar, sit han på sin trange hybel og uttrykkjer seg i melankolske vendingar.

Nå har sannsynlegvis ikkje den unge Sandbakk det særlig tyngre her i livet enn dei fleste andre vestlendingar, men han har nå eingong det tilfelles med mang ein låtskrivar at han tyr til den vemodige delen av tilværet for å finne inspirasjonen til sine ord og tonar. Ja, for det er utan unntak sorgtunge og lengselsfulle skildringar han har føre seg på sin debut-EP.

Stemningsfullt, nedpå og totalt trommelaust byr han oss seks songar i ein folk- og country-tradisjon temmelig mange har forsøkt seg i før. Her kan vi trekkje trådane nesten heilt tilbake til tidenes morgon, for så via kjente melankolikarar som Cohen og Drake gå løypa fram til ferskare slektningar som M. Ward og Adem. Sandbakk gjer ingenting revolusjonerande eller ekstraordinært, men han held seg også langt unna flaue og direkte skrale saker. Slik sklir han trygt inn i den endelause rekkja, men eg er litt usikker på om det blir så lett å finne han igjen der inne. Til det er nok særpreget for vagt. Likevel, det går avgjort an å sysla med dummare ting enn å låne eit øyre (eller to) til songar som den melodifine The Way It Should eller den Chris Eckman'ske All That I'm Waiting For.

Som de no sikkert har skjønt, noko hevntokt à la det hovedpersonen i Shel Silverstein-låta Sandbakk har tatt sitt artistnamn frå er ute på, er dette ikkje. Snarare tvert imot, for inntil vidare i alle fall, vender nok heller den bergenske Sue det andre kinnet til, og gret eit par lydlause tårer som ganske så fort blandar seg med det svale haustregnet.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo