cover

Ragin' Butterflies

The Men They Couldn't Shave

CD (2003) - Rundbrenner

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Poprock / Heartland rock / Ørkenrock

Spor:
Albuquerque
The Baby & the Rifle
Blow Us Out
Angel & the Bubble-knight
Kick the Ragged Man
Doesn't Take Much
Chasing Psalms
Wrestlin' The Eskimos
Hard to Read Your Mind
Ragin' Butterflies
Roadside Warriors
Is Your Journey Over

Referanser:
True West
Green On Red
Bruce Springsteen
Neil Young
Muzzlewhite

Vis flere data

Se også:
It's Just Restlessness - The Men They Couldn't Shave (2010)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Frenetiske sommarfuglar

Ein gjeng unge Romerikingar som leverer musikk inspirert av golde ørkenlandskap og klassisk amerikansk rock.

Eg tar kanskje ikkje så store sjansen når eg velger å tolke
Romerike-bandet The Men They Couldn't Shave (heretter TMTCS) sin takk til "The Only Boss in the US of A" som retta mot ein viss Bruce Springsteen.

For frå første Promised Land-infiserte munnspeltone i Albuquerque til ferda går mot sin ende i Is Your Journey Over, har albumet sin beholdning med Springsteenske fakter. Når dei så også rettar ein takk til "His Bobness" og deler før nevnte låttittel med Neil Young, har vi i alle fall delvis peila inn korleis bandet lyder. Hvis vi så i tillegg lar tankane gå i retning av New Mexico, som dei takkar for "Inspiration and spiritual guidance", og droppar eit par 80-tals favorittar som Green On Red og True West, så skjønar vel alle at vi har å gjere med eit band som lar det skine gjennom i sin musikalske atferd at dei er meir enn gjennomsnittleg opptatt av amerikanske mytar og kultur. Sine norske musikalske slektningar har dei i så måte i band som Muzzlewhite og Cinnamoon, samt i Henning Kvitnes sine ungdomsprosjekter Young Lords og Saturday Cowboys.

TMTCS oppstod etter at vokalist og låtskrivar Øyvind Mo Larsen vendte tilbake frå eit opphald i nevnte New Mexico, med nokre sangar han hadde laga der. Bandet har gradvis utvida seg igjennom dei tre åra dei har eksistert. Det har blitt to 6-spors EPar, som nå ikkje lenger er tilgjengelige. Men i desse dagar er dei altså ute med sin første full-lengdar (52 minuttar og 12 låtar), som har fått tittelen Ragin' Butterflies. Og det er eit rett så energisk bekjentskap, der dei går på med ein beundringsverdig fandenivoldskhet. Eit knippe gode låtar har dei også. Både Albuquerque og Blow Us Out er heftige og melodisikre vinnarar, medan Crazy Horse'ske Kick The Ragged Man er eit massivt, fritt galopperande opptrinn. Av og til roar dei ned tempoet og serverer oss fine saker som Doesn't Take Much med smygande ørkenvind og Ry Cooderske Paris/Texas-tonar. Ørkentemaet er for øvrig noko som går igjen i fleire av sangane her, og virkar å være ein del av heile ideen bak bandet.

Plata er spelt inn i eit av bandmedlemmenes eige studio (Botten Studio) i Ytre Rælingen. Og reint produksjonsmessig er dette litt så som så. Lyden blir noko tynn på deler av innspelinga. Kanskje hadde det også gjort seg med ei litt strammare redigering, ein del av låtane kunne med hell blitt avslutta eit halvminutt før.

Uansett, dette er ting som blir delvis utlikna av bandets oppriktighet og store entusiasme. Ambisjonar om å nå ut i den store verden har dei nok også, sidan all formidlinga blir ført i engelsk språkdrakt. Alt bortsett frå navnet på plateselskapet, som har den morsomme etiketten Rundbrenner records (kan det være ei fornorsking av Roadrunner tru?).

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo