cover

Greendale

Neil Young & Crazy Horse

CD (2003) - Reprise / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Singer/songwriter / Folkrock / Heartland rock

Spor:
Falling From Above
Double E
Devil's Sidewalk
Leave the Driving
Carmichael
Bandit
Grandpa's Interview
Bringin' Down Dinner
Sun Green
Be the Rain

Referanser:
Buffalo Springfield
The Band
Bob Dylan

Vis flere data

Se også:
Everybody Knows This Is Nowhere - Neil Young & Crazy Horse (1969)
Everybody Knows This Is Nowhere - Neil Young & Crazy Horse (1969)
Zuma - Neil Young & Crazy Horse (1975)
Zuma - Neil Young & Crazy Horse (1975)
Rust Never Sleeps - Neil Young & Crazy Horse (1979)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Heime hos familien Green

Seem like that guy singin' this song, been doing it for a long time. Is there anything he knows, that he ain't said?

Med omkring 40 album bak seg (som soloartist og saman med Buffalo Springfield og Crosby, Stills & Nash), og derav meir enn ein håndfull klassikarar, går det vel an å seie at Neil Young har vore med å sette sitt preg på rocken dei siste fem decenniene. Ein kan vel og slå fast at det har vore ein berg- og dalbanetur både når det gjeld stilsprang og kvalitet. For det har vore slik at for kvart mesterverk av typen Everybody Knows This Is Nowhere og On the Beach, finn vi og heller semre album som Everybody's Rockin og Re-ac-tor.

Albumet som nå ligg føre, Greendale, har hatt ein litt spesiell forhistorie i og med at Neil har reist rundt og presentert innhaldet i forkant, til eit meir eller mindre uforberedt publikum. Og ein kan vel trygt seie at låtane fekk ein heller blanda mottaking. Noko som også er blitt fulgt opp nå når det heile er ute i album-format. Den viktigaste forskjellen frå live-presentasjonen er for øvrig å finne i det faktum at på albumet gjer Young elektriske versjonar av låtane, og har fått med seg 2/3 av Crazy Horse (gitarist Frank Sampedro deltek ikkje).

Stilmessig følger Greendale i ein del av dei samme spora som vitale Ragged Glory frå 1990 gjorde, sjølv om fråværet av Frank Sampedro gjer at den framstår mindre frenetisk enn denne. Greendale er nok heller ikkje heilt på høgde med Ragged Glory kvalitetsmessig, men er likevel langt betre enn sitt rykte, og eit kvantesprang i rett retning sett i forhold til fjorårets magre Are You Passionate?

Greendale er ein fiktiv by i nord-California, der vi blant innbyggarane finn fleire ledd av familien Green. Det er stort sett denne familien sitt etterkvart dramatiske liv som blir skildra i dei 10 låtane på albumet. Slik kan Greendale minne om eit "godt" gammalt konseptalbum. Likevel er det ikkje pretensiøse vibber som styrer dette prosjektet, snarare nyttar den godeste Neil ein heller uformell og ikkje så lite tvetydig tilnærmingsmåte. Og fleire av uttalelsane han legg i munnen på sine karakterar ber nok fram Neil sine eigne meiningar om dette og hint. Slik handlar denne plata som dei fleste av mannens plater ein god del om Neil Young også.

Falling From Above som dreg det heile i gang er klassisk Young, med mange av dei kjente og kjære country/folk tonane som mannen brukar å trylle fram, sjølvsagt tilsatt den ulmande og rå gitarlyden, slett ikkje så fjernt frå Ragged Glory sitt åpningsnummer Country Home. I første vers kjem han for øvrig med eit noko sarkastisk spark til seg sjølv; "Seem like that guy singin' this song, been doing it for a long time. Is there anything he knows, that he ain't said?". Og det er jo eit utsagn ein kan komme med mange "festlige" kommentarar i høve til.

Andre høgdepunkter er låtane som har sitt utgangspunkt i tildragelsen som skal få slike skjebnesvangre konsekvensar for dei fleste i Green-familien. Leave the Driving handlar om unge Jeb Green, som for å unngå å bli hekta for marihuana-besittelse drep ein politimann. Intenst, tett og dramatisk, drapert med effektfulle munnspeltonar. Carmichael er historien om den drepte politimannen, der han blir både hylla og avkledd. Den er tilført vemodige gitarfigurar som blir barskare etterkvart som enka sin bitterhet kjem til uttrykk.

I Bandit gjer han eit lite hopp ut av historien, og til akustisk akkompagnement og med ei stemme i Lou Reed-leie, syng han ein sang om anger og håp. Den er unnagjort på fem minutt og er saman med den orgel-kledde countryhymna Bringing Down Dinner albumets kortaste spor. For han drar det - i ikkje ukjent Neil Young stil - ut i lengden ved dei fleste høve her, og fyller opp CDen til maksimal tålelengde (over 78 minuttar).

Historien vidare når sitt Waterloo når Grandpa Green fell død om som følger av at heimen hans blir invadert av nyhetskåte journalistar, i Grandpa's Interview. Barnebarnet Sun Green gjer så opprør mot FBI, forurensande industri og Amerika generelt i låta av samme navn. Før det heile tonar ut i albumets einaste skikkelig flaue sak, den klisjefylte og allsangdominerte hippie-dvaske Be the Rain. Men ein kan jo berre trykke på stopp-knappen før den tar til, og dermed bevarer ein følelsen av å ha opplevd Neil Young sitt beste album sidan Sleeps With Angels.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo