cover

Altamont Diary

Black Cab

CD (2004) - Stickman / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Psykedelia / Alternativ / Drone / Elektronika / Krautrock

Spor:
Summer of Love
It's OK
Angels Arrive
Jerry Sez
Good Drugs
Hey People
New Speedway Boogie
A Killing
1970
Untitled

Referanser:
The Rolling Stones
The Velvet Underground
Neu!
Can
Suicide
Jesus and Mary Chain
Primal Scream
Spiritualized

Vis flere data

Se også:
Jesus East - Black Cab (2007)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


'Flowers grow but then they die'

Australsk duo har laga ei suggererande oppteikning av dagen då 60-talet tok slutt.

1969: Pelé scorar sitt mål nummer 1000. BBC sender den aller første episoden av Monty Python's Flying Circus. Nicholson, Hopper og Fonda køyrer motorsykkel, og slår eit slag og to for fridomen i Easy Rider. Kurt Vonnegut gjer ut sin fabelaktige historie Slaughterhouse-Five. Neil Armstrong stegar ut på månen. Richard Nixon er så vidt byrja å lure på korleis USA skal komme seg utav Vietnam. John Lennon og Yoko Ono oppfordrar om å gje freden ein sjanse.

Og så var det eit fantastisk musikkår: Led Zeppelin debuterer, Neil Young salar opp Crazy Horse og peikar på at Everybody Knows This is Nowhere, Gram Parsons samlar sine Flying Burrito Brothers for eit besøk på The Gilded Palace of Sin, Townes Van Zandt skodar inn i hjarta av Our Mother the Mountain, The Band gjer ut sin sjølvtitulerte, King Crimson møter opp In the Court of the Crimson King og Rolling Stones Let It Bleed.

I midten av august dette året straumar hippiar, yippiar og andre inn på nokre jorder ved Woodstock utafor New York. Peace, Love & Understanding har si blomstringstid. Fire månader seinare inviterer Rolling Stones og ein del andre til gratiskonsert på Altamont speedwaybane utafor San Fransisco. Ideen om Peace, Love & Understanding blir brutalt knust av eit vaktselskap frå helvete utstyrt med biljardkøller, ølboksar og knivar.

Det er dette siste evenementet som har inspirert den australske duoen Black Cab til å platedebutere på eit noko uvanlig vis. Med eit konsept, og eit nyinnspelt soundtrack til ei 25 år gamal hending. Rolling Stones og eit filmteam leverte sin dokumentar, Gimme Shelter, like i etterkant av hendinga. Den fortel neppe den heile og fulle sanninga om kva som skjedde denne dagen. Det gjer sannsynlegvis ingen av dei andre skildringane eller mytane som har dukka opp i åra etter heller. Men det ein kan ha gode grunnar til å tru er korrekt er at fire døde og fire blei født på speedwaybanen denne dagen. 300 000 menneske hadde møtt opp, doptåka låg lavt over forsamlinga, og den lokale avdelinga av Hells Angels var leigt inn til å passe på. Det siste skulle vise seg å vere ein særdeles dårlig idé.

Black Cab er vokalist, musikkmaskinist og produsent Andrew Coates og gitarist James Lee. I lag med ein liten gjeng medmusikantar har dei grepe tak i Stones slik vi kjenner dei i sine beste kutt, Symphathy For the Devil og Gimme Shelter, kikka Primal Scream i korta, latt seg bli Spiritualized, og sendt sakene gjennom ei kvern av Neu og Velvet Underground. Det fungerer. Innafor ei tidsramme på førti minuttar tar dei lyttaren med på ein tur som startar i eit håpefullt modus, og endar i ruinar.

Første scene: "Summer of love" gjentar Andrew Coates i nær fem minuttar oppå eit uforderva komp av akustisk gitar og yppig rytmikk, med lengtande tonar frå ein elektrisk gitar som lindrande ekstraingrediens. Sistnemnte møter ein i eit meir krakilsk humør rundt neste hjørne. "it's ok, things are not ok" er Coates sitt mantra no. Rytmen er Neu!, tonen er noko urovekkande. Den dør ut, og orgeltonar melder frå at Angels Arrive. Gitaren riffar truande og rytmen går tett på. Jerry Garcia slepp til, han er ikkje fornøgd. Han har sett vaktene banka opp Jefferson Airplane-songaren Marty Balin, som blanda seg inn i deira handheving av vakthaldet. Hells Angels er no byrja å bli iltre. Publikum viser ikkje respekt for syklane deira. Paul Kantner (Jefferson Airplane) seier over mikrofonen kva han synest om handlemåten deira. Ting byrja komme utav kontroll. "It's really weird", Sez Jerry. Grateful Dead spelar ikkje.

Eit par instrumentalar fylgjer. Good Drugs. Tabla og sitar. Psykedelia og rus. Stimulerande. Hey People. Synthbølgjer og framdrift. Og så, New Speedway Boogie. Nei, Grateful Dead spelte aldri på Altamont, men dei laga minst ein song om det.

"I spent a little time on the mountain
Spent a little time on the hill
I saw things getting out of hand
I guess they always will"

Black Cab låner den og funkar den opp.

Meredith Hunter heitte ein ung afro-amerikanar som var til stades. Han hamna i krangel med vaktene. Han var påverka av metamfetamin, og han hadde ein revolver. Det er usemje om han drog denne fram før eller etter det første knivstikket. I alle fall, fleire stikk fylgde, og spark. Han døydde. Medan Rolling Stones spelte Under My Thumb.

A Killing, dei mørke tonane har for alvor inntatt arenaen.

Så kjem 1970, ei ti minuttar lang mørk og nådelaus avslutningsscene. Det er etterpå. Etter forhåpningane. Etter nedsablinga. Etter apokalypsen. "I think we fucked it up again, the music's chance to do it again" meinar eg å høyre Andrew Coates synge innimellom brutale gitartonar, kraftfull dynamikk og djupfølt forbanning. Kva nå? Seglar vi motvillig inn i eit nytt tiår på ei røyksky av handlingslamming? Vil tonane igjen reise seg, frå ruinane av knuste blomar og upfucka draumar? Eller er dette å sjå vel mørkt på situasjonen? Du veit kanskje svaret?

Black Cab tilbyr ein tur tilbake til speedwaybanen oppe i åsen, ikkje for å gje oss svaret, men for å gje oss eit glimt av dagen då dei gode intensjonane para seg med djevelskapen og rulla utforbakke, og vart altfor tunge å stoppe. Du kan definitivt gjere dummare ting enn å bli med på deira soniske dagbok-variant av ein tur. Til dømes haike deg tilbake med ei tidsmaskin.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo