cover

Songs From a Blue Country

Jan Vardøen

CD (2005) - Beacon Isle / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Americana / Crooner / Folk / Country & western

Spor:
Don't Make My Brown Eyes Blue
Tougher Than the Rest
This Guy's In Love With You
There Stands the Glass
Hallelujah
Song For You
Any Day Now
Little Things In Life
Party Girls
Wild Side of Life
So Much Wine
Walk On By
Raining in Nashville

Referanser:
Randy Travis
Clint Black
Chris Isaak
The Mavericks

Vis flere data

(1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7) (1 / 7)


Ein liksom-cowboy

Ei øving i korleis ein kuttar nerven i gode låtar.

Kva skal vi eigentleg med denne plata? Vardøen har komponert ein av låtane sjølv. Den heiter Raining in Nashville, og er ein grå og kjedelig countryballade. Dei tolv resterande er mannen sine tolkingar av kjente og litt mindre kjente songar, der han utan unntak kjem veldig til kort overfor alle andre versjonar (i alle fall dei som har nådd denne lyttaren sine øyrer).

I musikksamanheng har Vardøen tidlegare gjort sine saker under pseudonymet Ian Senior. Gjennom tre plater har han servert sin mikstur av 50-tals inspirert rock'n roll og meir croonerbasert stoff. Når han nå prøver seg under eige namn er det countrytonar som gjeld. For å spele det inn gjorde han som mange andre med liknande hensikter, han drog til Nashville. Med på lasset var ei handfull norske musikarar. I tillegg fekk han hjelp av kompetente amerikanarar som Fats Kaplin og The Mavericks sin tangentist Jerry Dale McFadden.

Tanken bak opplegget har altså vore å flytte ein del favorittlåtar eit hakk eller ti nærare countrysfærer (viss dei ikkje allereie var i slike sfærer frå før då). Men det er også det einaste Vardøen og gjengen har klart. Alle dei medverkande kan sitt instrument, men arrangementa er håplaust ordinære og spenningslause. Og den godaste Vardøen har ei stemme som treff dei aller fleste tonar, men som har ein veldig overflatisk karakter.

Her finst eigentleg ingenting verdt å bruke tid på. Springsteen sin Tougher Than the Rest har både opphavsmannen og Emmylou Harris gjort sjelfulle versjonar av, det gjer ikkje Vardøen. Countryklassikarane Wild Side of Life og Walk On By finst i eit utal utgåver lysår betre enn dei vi kan høyre her. Verst er det likevel å måtte oppleve to ultimate favorittlåtar, Cohen sin Hallelujah og Parsons sin Song For You, framstå på plate som tafatt og hjelpelaust karaoke-ræl.

Noko positivt? Det var ein smart lukkemekanisme på coveret, patent nr. 5,188,233. Men eigentleg burde det kanskje ha vore ein nøkkellaus hengelås der i staden.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo