cover

Electric Reverie

Emmerhoff & The Melancholy Babies

CD (2005) - Bauta / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Prog / Psykedelia / Ørkenrock

Spor:
Meltdown
Sticks & Stones
Afterglow
Black Mark
Cowboys
Into the Black, Towards the Within
New Silence
Juggernaut
Major/Minor
In Reverie

Referanser:
King Crimson
Led Zeppelin
The Grateful Dead
16 Horsepower
The Mars Volta

Vis flere data

Se også:
Loosebox - Emmerhoff & The Melancholy Babies (2002)
If This Darkness Lingers - Emmerhoff & The Melancholy Babies (2003)
If This Darkness Lingers - Emmerhoff & The Melancholy Babies (2003)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Elektriske draumetokter

Litt hardare, men og litt meir dvelande. Har sine spreke stunder, men er kanskje noko meir ujamn enn tidlegare album.

Eg trur ikkje det har vore skrive ein einaste omtale av Emmerhoff & The Melancholy Babies utan at Sixteen Horsepower har blitt helde fram som referanse. Det er det ikkje like opplagt å gjere denne gongen. Emmerhoff og kameratane har nemlig på store deler av Electric Reverie fjerna seg eit lite stykke unna dei intense markene til Denver-bandet. I staden kan det virke som om dei i endå sterkare grad enn tidlegare har teke innover seg ein del lyd- og toneinnfall frå overgangen mellom 60- og 70-talet. Resultatet blir at dei søker rundt i ein slags uavklart grenseoppgang mellom Grateful Dead, Pink Floyd, King Crimson og Led Zeppelin. Eller kanskje vi heller skal kalle det for progrock møter psykedelia med ørkensus og coloradiske fjellvindar som bakteppe. Eit anna kjenneteikn ved Electric Reverie er at når karane trør til gjer dei det hardare, og når dei velgjer å dvele ved ein tone eller to gjer dei det lengre.

Med tre album bak seg, der kaktusdans, slangeleik og fandenivoldsk melankoli har prega mønsteret, er det sikkert på tide å søke ut i litt andre lender. Det sterkaste beviset på nett det er at låtane med tydeligast slektskap mot tidlegare merittar (Meltdown, Sticks & Stones og Black Mark) er albumet sine minst givande affærer. Der liknande låtar tidlegare har søkt mot sjela full av galskap og uro, er det noko litt melodisk grått og trøyttande over dei denne gongen. Grå er derimot ikkje den sabbatiserte tolkinga av Portishead-låta Cowboys, sjølv om den røffe handsaminga den får gjer at den må gje avkall på originalen sine meir raffinerte kvalitetar. Når vi først er inne på Ozzy og gjengen lyt kanskje også hardtrockande, riffsterke og melodisk vitale Juggernaut nemnast. Over i eit heilt anna bilde finn vi plata si vakraste stund, Afterglow. I denne særdeles melodifine saken blandar Emmerhoff saman folkrock og psykedelia, lengsel og håp, medan den gneg varleg og gitartrillar med eleganse.

Ellers er det tre kutt på godt over seks minuttar som fangar ein god del interesse. Into the Black, Towards the Within er smygande og dramatisk. Major/Minor er ein langsom syremikstur som omfattast av eit par vanedannande melodilinjer, hengslete western-stemningar og raslande uhygge. Medan laidbacke In Reverie som dei fleste draumar fungerer best med augene attletne. Då manar den til gjengjeld fram surrealistiske bilder av langsom soldans, dyster månegalskap og sporlaus stjerneflukt. Sjølv om gitar-maestro Emmerhoff og hans medsamansvorne sjeldan kastar seg ut i dei villaste av elektriske strengeåtak på nokon av desse tre, er her ein kombinasjon av leik og forvridd vemod i utfluktene som absolutt er tiltalande.

Skal vi legge saman inntrykka for så i neste omgang prøve å finne den gjennomsnittlege oppfatningen går nok konklusjonen denne gong i retning av at dei fem melankolikarane har levert sterkare saker før. Likevel skulle det vere fleire grunnar til å ynskje Electric Reverie velkomen innomhus enn til å skyve den ut i kulden.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo