cover

What the Toll Tells

Two Gallants

CD (2006) - Saddle Creek / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Alternativ / Folkrock / Bluesrock / Americana

Spor:
Las Cruces Jail
Steady Rollin'
Some Slender Rest
Long Summer Day
The Prodigal Sun
Threnody
16th St. Dozens
Age of Assassins
Waves of Grain

Referanser:
Bob Dylan
Violent Femmes
The White Stripes
Bright Eyes
The Black Keys

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


I shot my wife today, dropped her body in the Frisco Bay

Lyden av det tidlege Amerika. Snasen folkrock og slepne mordarballader fra San Franciscos Two Gallants.

Vi tuslar rundt i ein liten stad i Nord-Amerika tidleg i det forrige århundre. Kalde vindkuler trugar med å støvlegge denne for lengst kartfjerna byen. På den lokale saloonen er det som vanleg haraball med pistolduellar, booze-konkurransar og skjøger som deler ut cowboy-kos for ein liten kompensasjon. På kvite verandaer speider late, men skyteglade rancheigarar etter uvedkommande av feil farge. I fengselet Las Cruces ligg den syngande drapsmannen som ventar på at galgen blir klargjort for bruk. Landstrykarar med von om ei betre framtid slenger seg på toget som tøffer ut av stasjonen. Dette er dødens dal, her har eit liv liten verdi. Det er i fantasien om anarkiets og umoralens vugge at Two Gallants har oppstått.

Dei 24 år gamle barndomskompisane Adam Stephens (gitar, vokal, munnspel) og Tyson Vogel (trommer, vokal) kjem frå San Francisco. Navnet låner dei frå ei korthistorie av den irske poeten James Joyce, betre kjent for romanar som Dubliners og Ulysses. Med sin miks av elektrisk visesang, støvete blues og kupønk blei debutskiva The Throes godt motteken i musikkfanzinene når den kom ut i 2004. Den utgjevinga har eg ikkje fått raska til meg endå, men med si nyaste plate ser det i alle fall ut som om Two Gallants freistar å vidareføre sine karakteristika frå den gangen. Her om dagen leste eg at enkelte allereie no brøytar seg fram og utropar What The Toll Tells til ein av årets viktigaste, noko som for meg synast å vere eit klassisk tilfelle av "må være først ute med skrytet-syndromet". Likevel, at det er eit feiande flott album skal eg ikkje protestere mot. Veldig bra er det.

I eit nøtteskal er musikken rotfesta i ein velkjent visetradisjon med storytelling som sitt sentrale element, men her framført i ein elektrifisert, energisk og rufsete utgåve (kan vi høyre Keith Butler skrike Judas?). Adam Stephens sin gitarteknikk baserar seg på plukking heller enn på riff og Tyson Vogel supplerar med taktfaste slag og hardtslåande passasjer. Stakato og tempodreven eller lugnt og kjølig, alt etter som. Det svingar frå stemningsmetta mordarballader til frenetisk folkrock, eller som på finurlege 16th St. Dozens små innslag av ska-punk og støy. Aller best er dei nok på Las Cruces Jail, Steady Rollin' og Long Summer Day, tre låtar som sirklar rundt hyggelege tema som konedrap, kvit rasisme og hoboen si trøysteslause vandring. Unge Stephens har ei karakteristisk røyst som utstrålar engasjement. I likheit med Conor Oberst (som han har ein viss stemmelikheit med) både fresar, brølar, snufsar og vrenger han ut finurlege tekstar i hurtig tempo.

Eimen av uforutsigbarheit svevar som ein tåkedott over dei ni bidraga her. Som duo har dei gallante herrene si fremste styrke i evna til å meisle fram låtar i variabel fasong. Med eit opplegg som kun baserar seg på den stakkarslege komboen el-gitar og slagverk kunne ein sjølvsagt frykte ei gigantisk smørje av monoton bluesrock som aldri ville engasjere på plate. Men på trass av, eller kanskje på grunn av ei slik minimalistiske tilnærming spelar Two Gallants musikk som er så sprelsk levande at det får ein til å koke under topplokket.

Two Gallants står forløpig oppført på programmet under årets Øyafestival, men det ryktast at denne opptredenen står i fare for avlysning. Den som ventar får sjå. Men dei heldige som oppheld seg i hovedstaden kan allereie førstkommande laurdag (25.02) oppleve tospannet i konsert på Garage. Bandet har opparbeida seg eit godt live-renomé i statane og det er store sjanser for at dette blir ein heidundrande fin kveld.

Ein kveld for skitne og umoralske antiheltar.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

sign post
10.10.14 - 12:56

sign post
10.10.14 - 12:53

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK ...
29.08.14 - 10:51

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: