cover

Songs From The Black Mountain Music Project

Mirah & Ginger Brooks Takahashi

CD (2003) - K Records / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folk / Folkpop / Indiepop / Singer/songwriter

Spor:
Lil' Bit
The Red Curtain
The Knife Thrower
The Party
Life You Love
Pure
You Were Crying For Love
While We Have the Sun
Rock of Ages
Oh! September

Referanser:
The Microphones
Little Wings

Vis flere data

Se også:
C'mon Miracle - Mirah (2004)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Hyttetur

Hyttetur, idyll, 4-spors recorder, musisering. Her er resultatet.

To damer frå den meir uavhengige delen av kunstverden har vore på hyttetur, og bringer med seg tilbake ein snau halvtimes dokumentasjon over kva dei foretok seg av musikalske øvelsar den månaden dei tilbrakte på Black Mountain.

Mirah Yom Tov Zeitlyn tilhøyrer det frisinna miljøet rundt K Records i Olympia, Washington. The Microphones' Phil Elvrum oppdaga dama, og fekk ho med seg på nokre av sine utgjevingar. Dei seinare åra har ho også gitt ut to CDar under eige navn. Ginger Brooks Takahashi har ei fortid i ein duo kalt Boys of Now, og driv ellers med meir litteratur og tidsskrift relaterte ting i New York.

Sammen med venner har desse to altså tilbrakt nokre veker på ei hytte i North Carolina, der tida mellom anna har godt med til sang, musisering og generell hygge medan innspelingsmaskina har vore igang. Resultatet ber tittelen Songs From the Black Mountain Project, og presenteres nå for publikum. Og det blir litt sånn som når kollegaen din kjem tilbake med 40 bilder frå sin siste ferieutflukt. Du skjønar at han har hatt det kjekt, men klarar ikkje heilt å opparbeide den store entusiasmen over å bli fortald i detalj kva han foretok seg der og der og der.

18 spor. Derav 8 såkalla interludes, som i beste fall kan karakteriserast som uinteressante (egentlig er dei ganske irriterande). Fire akustisk-gitar dominerte instrumentalar, som er heller ordinære. Dei resterande 6 spora er sangar i relativt tradisjonell folkpop tradisjon. Frå den flotte cabaret/Kurt Weill/irsk-inspirerte The Knife Thrower, til den spenstige Oh! September (innspelingane blei gjort i september 2002), med sine "doo-wop-do-aah" og friske rytmar. Innimellom desse får vi servert ein Iris de Ment liknande sak kalt Life You Love, Suzanne Vega tonar i While We Have the Sun, og stillestående a capella i Rock of Ages. "Hypnotize, hypnotize" blir gjentatt fleire ganger i starten av Pure, og det er i grunnen heilt greit sidan dette definitivt er låta på albumet som kjem nærmast ein slik beskrivelse.

Men dessverre sitt eg like fullt igjen med ein følelse av at det ordinære er langt meir dominerande enn det hypnotiske på Songs From the Black Mountain Music Project.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo