cover

Broken Record

Lloyd Cole

CD (2010) - Tapete Records / Indie

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folk / Countrypop / Poprock

Spor:
Like A Broken Record
Writers Retreat!
The Flipside
Why In The World?
Westchester County Jail
If I Were A Song
That's Alright
Oh Genevieve
Man Overboard
Rhinestones
Double Happiness

Referanser:
Nick Lowe
Matthew Sweet
Don Dixon
Gary Jules
Crash Test Dummies
Barenaked Ladies
Del Amitri

Vis flere data

Se også:
Music in a Foreign Language - Lloyd Cole (2003)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Ein middelaldrande hjerteknusar

Det starta ganske så perfekt for over 25 år sidan, sidan har det blitt meir ordinært.

"Are You Ready To Be Heartbroken?" spurde Lloyd Cole i 1984. "You can call me Mister Heartbreaker" syng Lloyd Cole i 2010. På si nyaste plate Broken Record. Jo, det har handla ein del om knuste hjerter i songane til Lloyd Cole. Enten det er songaren sitt, eller andre sitt. Temaet har ikkje fordunsta. Men tonane han plasserer det i er sjeldan like perfekte.

"Louise is the girl with the perfect skin, she says turn on the light otherwise it can't be seen" song Lloyd Cole i 1984. I låta Perfect Skin. I den sterkt lada, konsist formulerte, og melodisk gåsehudframkallande opningslåta på albumet Rattlesnakes. Glasgow-studenten Lloyd Cole og hans Commotions sitt debutalbum. Ei ru og cool barytonrøyst manifesterte seg, i eit bilde av folkinspirert gitarrock, sterke låtar, og tekstar som refererte til Greta Garbo, Leonard Cohen, Simone de Beauvoir, Truman Capote, Norman Mailer, Arthur Lee og On the Waterfront. Her var ein som hadde lest bøkene, sett filmane og høyrt musikken. Og ikkje la han skjul på det. Og jaggu slapp han unna med det.

Han klarte vel aldri heilt å fylgje opp alle lovnadane som Rattlesnakes gav. Men han har vore her heile tida. Først nokre rundar til med Commotions, så berre under eige namn. Etterkvart ganske så aleine under eige namn. Som ein folksinger med gitaren, og i nokre samanhengar med computeren. Nå har han samla saman eit band igjen, og presenterer eit stykke folkpoprock av det ganske så gjennomsnittlige slaget.

Stemma har eit mjukare preg, og eit meir medtatt preg. Songane også. Det er loving & leaving, laughing & crying. Dei fleste illusjonar har gått tapt, fleire år har passert enn det det står att. Livet har fått grå kantar, og eit ikkje spesielt fargerikt innhald. Det er tomgang, velkjente reprisar, minste motstands veg, og tredje vers er identisk med første vers.

Med andre ord: "We're starting to sound like a broken record". Eller: to sjeler, under same tak, begge kjenner på noko, men ikkje det samme. "He sees a lover, she sees another man overboard". Kva om ein var ein song? "Could a song, just a song break you down?".

Det er songar komponert og framført i eit folkpoprocksegment. Stort sett i eit pluss/minus midtempo skikt. Dei er enkle, likeframme og har verda full av slektningar. Ingen er dårlige eller flaue. Fleirtalet er høgst gjennomsnittlige. The Flipside er vakker.

The Flipside, ein varleg, vemodig og mild song. Om to hutrande sjeler som møter morgonen ihop. Og der, like før sola fargar morgongryet, "in the last remaining moments
before the sunlight sends us home, we'll hear the flipside of That Gentle Melancholy Feeling". Den er verdt å høyre.

Men Broken Record, mannens tolvte studioalbum, er nok ikkje like vel verdt å høyre, sånn frå første til siste tone. Den har eit litt for preglaust vesen til at det blir spesielt interessant. Så bring on the Rattlesnakes heller. Og The Flipside, for all del The Flipside.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo