cover

Vol. 1: Frozen Ropes and Dying Quails

The Baseball Project

CD (2008) - Yep Roc / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Folkrock

Spor:
Past Time
Ted Fucking Williams
Gratitude (For Curt Flood)
Broken Man
Satchel Paige
Fernando
Long Before My Time
Jackie's Lament
Sometimes I Dream of Willie Mays
The Death of Big Ed Delahanty
Harvey Haddix
The Yankee Flipper
The Closer

Referanser:
The Minus 5
Golden Smog
The Posies
The Byrds

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Slåball og sprudlande pop

Balleik og andre sportslege aktivitetar har aldri vore eit særlig smart utgangspunkt for ein bra song.

Det eg visste om baseball når eg fekk denne plata i henda kan vel knapt fylle tre tekstlinjer. Slåball kalla vi noko som likna i min barndom, vi synst det var for femi, og sparka fotball i staden. Sånn elles: Eg har sett eit par home run på TV, og høyrt tale om Joe DiMaggio og Willie Mays.

Det eg veit om baseball etter å ha høyrt Scott McCaughey og Steve Wynn i rett så attraktive former spreie bodskapen gjennom sitt Baseball Project, kan nok verken skrivast bøker eller ordrike artiklar om. Er likevel freista å seie som Bruce Springsteen; "I've learned more from a three minute record than I ever learned in Sportsrevyen".

Etter at Scott McCaughey oppløyste bandet Young Fresh Fellows på midten av nittitalet, er det slett ikkje hans innsats som andregitarist i eit stadig dovnare REM ein skal minnast. Han burde derimot få seg ein aldri så liten bauta for alle sine framstøyt under signaturen Minus 5. Der han har gjort det til ein vane å invitere med seg kjente og ukjente til små feststunder i den sprudlande popen si teneste.

Steve Wynn hadde sine aller beste stunder i dei tidlege Dream Syndicate-dagane. Etter at den gjengen vart oppløyst har han stort sett figurert under eige namn. Med vekslande resultater, men stort sett på den gunstige sida av kvalitetsskalaen.

McCaughey og Wynn møttest for første gong tidleg på nittitalet, og oppdaga raskt kvarandre si utstrakte interesse for baseball. Wynn hadde då allereie flagga dette litt forsiktig gjennom å namnedroppe eit par baseballstjerner (Mickey Mantle og Stan Musial) på solodebuten sin Kerosene Man.

Dei to herrane byrja så smått å leike med tanken på eit musikalsk baseballprosjekt. Men først i fjor byrja tanken å materialisere seg i form av låtar. Når låtane så tok til å likne på noko ein kunne gjere plate av kontakta Wynn trommeslagaren i bandet sitt (Miracle 3), Linda Pitmon. McCaughey pikka førstegitarist og Minus 5-kollaboratør Peter Buck på skuldra. Og vips var dei ein kvartett.

Eg kan ikkje garantere at du vil elske dette sjølv om du skulle ha eit lidenskapsfullt forhold til baseball. Har du derimot eit godt forhold til Minus 5 og Wynn sine sololøp kan eg ikkje skjønne anna enn at The Baseball Project vil bli omfamna med eit smil om munnen, sjølv om dine baseballkunnskapar er lik null.

Wynn og McCaughey har delt låtskrivaroppgåva jamt mellom seg. Standarden vert spikra på veggen med det popsmittande McCaughey-opuset Past Time, om hine tider vs. nye tider, utan at det vert tatt stilling til kva tider som er dei beste tider. Deretter fylgjer tolv portrett av vinnarar og taparar, føregangsmenn og juksemakarar, svarte og kvite.

Vi får servert ein saftig Wynn-rockar om skrytepaven Ted Fucking Williams. Dei tar ein Wynnfronta Byrds-sving når Jackie Robinson, den første svarte som fekk spele i Major League, får uttale seg i Jackie's Lament. Medan McCaughey i kraftpopaffæra The Yankee Flipper fortel om Black Jack McDowell som var ein våt tur på byen saman med songaren, Dennis Diken og Mike Mills altfor nær opp til ein kamp. Han missa, vart pepen ut, viste fingeren til 50 000 fans og "filled every front page of the morning editions" dagen etterpå.

Til "ooh"-harmoniar og i countryslekta former fortel Wynn historia om Harvey Haddix, som spelte den perfekte kampen heilt til det avgjerande augeblikket, då missa han, og laget tapte. Dei gjer seg om til Los Lobos når dei på spansk fortel om Fernando Valenzuela. Medan Traveling Wilburys lurer i bakgrunnen når historia om eit fall frå stjernestatus til å bli audmjuka som dopjuksar vert fortalt i Broken Man.

Ei låt svever like fullt på ei florlett psykedelisk sky litt over alt anna her. McCaughey sin vakre popdraum Sometimes I Dream of Willie Mays. 11 år gamle Scott var der, saman med faren, på ein legendarisk kamp. Som han skriv i innleiinga "seemed like the best day ever at the time. Seems even better now".

Dette er stoff gjort med kjærleik, med glød, og med ei intens lyst til å formidle. Det er ikkje fritt for at ein blir reven litt med gitt.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo