cover

Live at Tralfamadore

Madrugada

2 x CD (2005) - EMI Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Spor:
Hard To Come Back
Majesty
You Better Leave
Strange Colour Blue
On Your Side
The Kids Are On High Street
Seven Seconds
Mother Of Earth
Running Out Of Time
Black Mambo
Sometimes I Feel Like a Motherless Child
Sail Away


Blood Shot Adult Commitment
Black Mambo (Terror Mix)
Only When You're Gone
Lift Me (Singelversjon)

Referanser:
Nick Cave
The Doors
The Gun Club
The Stooges
Joy Division
The Cure
R.E.M.

Vis flere data

Se også:
The Nightly Disease - Madrugada (2001)
Grit - Madrugada (2002)
The Deep End - Madrugada (2005)
The Deep End - Madrugada (2005)
Madrugada - Madrugada (2008)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


'Listen'

Eit livealbum med liv og meining langt utover julesalet 2005. Frå ein sjeldsynt scene serverer bandet låtar i oppgraderte eller klart forbetra former.

Eit så godt som samla norsk musikkmeldar-korps, samt sånn ca 100 000 nordmenn, var i 2005 einige om at The Deep End var ei særdeles skarpskodd og gjevande rockeplate. I fellesskap bar dei albumet fram til å bli ein suksess av rang i norsk rockemålestokk. Underteikna gratulerer, for sjølv om eg framleis står inne for min noko meir reserverte haldning til kva albumet faktisk hadde å by på, synes eg suksessen er velfortent. Madrugada er trass alt eit band som på sitt beste stadig leverer lyden av stor rockemusikk. På debuten i rikt omfang, på dei tre neste albuma i litt meir variert grad.

I konsertsamanheng har dei heilt sidan eg første gong opplevde dei (kort tid etter at Industrial Silence hadde grepe tak i meg) vore skaparar av eit suggestivt, dynamisk verknadsfullt og ryggradpirrande lydbilete. Dei har vorte skulda for ei litt vel introvert innstilling, men alle treng vel for guds skyld ikkje framstå som ein Mick Jagger, Bruce Springsteen eller Robbie Williams heller. Med utgangspunkt i sin blå og mørke tone har dei levert låtane sine i eit vidtfamnande spenn mellom det dempa og det frenetiske, og med ein aukande grad av nyansar etterkvart som dei har spelt på seg meir sjølvtillit. Prating utover korte meldingar, klovnefakter, og hyperaktive og breibeina rock'n'roll-opptrinn, har vore erstatta av ein avmålt, men fokusert og distinkt sceneopptreden der musikkformidlinga har vore det sentrale.

Det kan sjølvsagt seiast mykje om alt som går tapt frå den audiovisuelle og sanserike opplevinga ein konsert kan vere, og fram til det meir sanseribba og auditive dokumentet eit livealbum er. Det skal eg ikkje gjere her. Berre konstatere at musikkverda er full av unødvendige og trøyttande livealbum. Live At Tralfamadore høyrer ikkje med blant desse. Snarare har Madrugada nytta høvet til å komme opp med låtar som enten står fram i oppgradert, omforma eller klart forbetra form.

Albumet dukkar opp berre tolv dagar etter sjølve konserten (ikkje alle spora, men halvparten er nemlig henta frå Spektrum-konserten den 2. desember). Bak dette sveitte hastverket kan ein nok ane ei skjeling mot potensialet i julesalet. Det gjeld jo å smi medan jernet er varmt og lommeboka er vidopen. Kanskje derfor ekstra beundringsverdig at resultatet er blitt så solid. For her verkar det som om gjengen verkelig har lagt seg i selen for å finne fram til stoff det er meiningsfullt å presentere.

Seansen (som eigentlig er henta frå fire ulike seansar) kan nok ikkje vise til den same dirrande nerven og ekstravagante kommunikasjonsgløden mellom scene og sal slik legendariske opptak av typen Johnny Cash At San Quentin, James Brown Live At The Apollo eller The Who Live At Leeds kan gjere. Men den viser eit band i livaktig omgang med vellaga tonar. Det er slett ikkje verst det heller.

Det er herlig å høyre at når låtar som Hard To Come Back og On Your Side får kvitta seg med den litt glasserte lyden frå The Deep End, ja då står dei fram som dei skarpskodde og røskande rockarane eg har mistenkt dei for å vere. For ikkje å snakke om Running Out Of Time då. På The Deep End var det noko forsert og lunkent over den, medan her får den si store forløysing, og grev og sparkar seg fram som ein funky og hastande bluesfaen full av frenetiske gitarfakter, rungande koring og inntrengande melodiske krefter.

Madrugada har alltid henta mykje frå bluesen. Ein av deira olmaste og mest svartmuskete i så måte er Black Mambo frå andreplata Nightly Disease. Med giftige gitartonar, nokre velplasserte dråpar Doors-preg, stikkande strykarinnslag av Bodø Sinfonietta, og Sivert i intens vokalkamp, voggar den seg fram på ufint og endå betre vis enn i studioforma (både som spor ti i hovudseansen, og som terror-mixa ekstranummer på bonus discen). Blues er også ramma rundt den tidlegare uinnspelte You Better Leave, blues i Nick Caveske strøk og med skarpt ringande gitartonar frå Burås. Medan Seven Seconds kjem i sitt velkjente Dylanske bluesbilete, men med eit meir øredøyvande instrumentelt fylgje enn på originalinnspelinga. Noko som faktisk fører til at den tappast for litt energi. Saman med Blood Shot Adult Commitment er denne den einaste av låtane her som taper seg litegrann i forhold til studioversjonen. BSAC er rett nok ikkje med i første tolvaren, den innleiar derimot ekstranummer-avdelinga. I utgangspunktet ei prioritering eg stussa litt over. BSAC er trass alt Madrugada sitt mest groovy og suggerande spor (og eit definitivt høgdepunkt når eg har sett dei live). Når eg no har høyrt den ein del gonger i Tralfamadore-tapping, kan eg kanskje likevel akseptere at den må nøye seg med plassen på reservebenken. På gitarfronten får Burås stormfull hjelp av Kid Congo Powers, så det skortar for så vidt ikkje på barsk nok lyd. Likevel manglar det litt før låta kjem opp på det same desperate og skarpe groove-planet den hadde på Grit, utan at eg heilt klarer å finne ut kor det er temperaturen sviktar.

Kid Congo ja, med ei fortid som gitarist i The Cramps, som ein av Nick Cave sine Bad Seeds, og ikkje minst som ein glødande faktor i Gun Club. Så når Madrugada gjer Jeffrey Lee Pierce klassikaren Mother Of Earth ei blåstemt handsaming er Kid og hans slide-gitar veldig til stades, og medverkar til at det lengtande ørkensuset får ein særs autentisk tone. Minst like superb er dei sju minuttane bandet har sett av til juvelen Strange Colour Blue. Ja det er magi i lufta når bandet som ein langsamt brennande flamme sitrar seg oppover mot eit klimaks dirrande av undertrykt desperasjon. Der Sivert si essensielle erklæring "this is how we do it, we are nearly there" vert overhøyrt, og låta fell tilbake i det varlege moduset den starta opp i. Vi kjenner den igjen, samstundes som blåtonen er mørkare, meir mystisk og sterkare enn nokon gong. Opptaket er henta frå ein Brussel-konsert i 2003.

Frå Øyafestivalen i sommar har dei henta fram eit varmblodig opptak av Sail Away. Den blir strekt utover 10 levande minuttar og skiftar ham fleire gonger. Frå melodiske balladeparti til hektisk gitarelektrisitet. Låta som har blitt deira mest kjente, og høgast elska i det breie lag av folket, er utan tvil den mektige balladen Majesty. Her er den å høyre i noko eg vil karakterisere som ei meir smygande og utfoldande form, der eit avsluttande rastlaust rytmeparti og vakker fiolindrapering frå Lise Sørensen berre er to av momenta som gjer den til ein enda meir medrivande versjon enn originalinnspelinga. Hit-låta frå The Deep End, The Kids Are On High Street, verkar på si side eit hakk meir vemodsfull, samstundes som den brenn atskilleg kraftigare enn studioutgåva. Bodø Sinfonietta er sentrale i den korte og gnagande versjonen av velkjente Sometimes I Feel Like A Motherless Child. Dei er også nennsamt men sterkt til stades i ein bevrande og næringsrik versjon av den dramatiske balladen Only When You’re Gone (på bonus discen). Heilt sist på bonus-CD’en kan ein så nok ein gong få høyre den etterkvart svært så velkjente Ane Brun duetten Lift Me. I same versjon som på Ane Brun plata. Det kunne kanskje ha vore endå kjekkare å heller fått ein konsertversjon. Om ein slik er å oppdrive då?

Forresten eit særdeles artig påfunn å titulere albumet etter den fiktive planeten som Kurt Vonnegut har skapt, og mellom anna nytta i sin fabelaktige roman Slakterhus 5. Det manglar vel berre at dei har med ein gnistrande versjon av Come Back Billy Pilgrim for å gjere ideen heilt komplett. Uansett, her har Madrugada sannsynlegvis komme opp med den beste norske live-plata underteikna har høyrt sidan deLillos sin Mere.

"Poo-tee-weet?"

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo