cover

Love's Come To Town

Olav Larsen & the Alabama Rodeo Stars

CD (2006) - Rootsy / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Americana / Bluegrass / Countryrock

Spor:
May the Sun Always Shine
Unhappy / Dreamer
You Can Call Me Baby
You're the Only One
Love's Come to Town
Ain't Got Time (Intermission)
We'll Never Loose Our Minds
Give Me Your Love
Like Daisies
My Town
The Sweet Saviour's Arms
Atomic Bombs and Wine

Referanser:
Home Groan
Guy Clark
Chip Taylor
Hank Williams
Dwight Yoakam
Rodney Crowell

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Sandnes, Alabama

Ein norsk countrydebutant med friske tonar og litt for floskeltyngde tekstar.

Det er mykje som fungerar bra på rogalendingen Olav Larsen sitt debutalbum. Den unge mannen har smidd saman eit dusin countrylåtar som alle fylgjer eit melodiske skjema ein vel neppe kan kalle så veldig originalt. Han kastar seg imidlertid over tonane med ei inspirert og oppriktig røyst og får det meste til å virke ganske så ferskt og sjølvkonstruert. Bandet hans, med det noko tvilsame namnet The Alabama Rodeo Stars, går også inspirert til verks, og yter definitivt sin skjerv for at Love's Come to Town har den friske tonen den har.

Det eg har litt problem med, og som gjer at opplevinga ikkje når høgare opp på skalaen, er det tekstlige. Hadde eg vore særdeles velvillig kunne eg kanskje nøydd meg med å seie at tekstane til Larsen er enkle og pretensjonslause. Men i mine øyrer låte det som eit kompliment, og eg synst ikkje Larsen fortener å få så altfor mange komplimenter for tekstane sine. Til det er dei for metta på klisjear og flate linjer.

Flatt er det derimot langt ifrå når Erlend Åsland, Øyvind Berekvam og Larsen sjølv lar strengane tale på friskt vis. Det vere seg gitar, mandolin, banjo, dobro eller steelgitar. Flatt er det heller ikkje når Vidar Kenneth Johansen smett innom med klarinetten, og slik fargar countrytonane med litt uvante nyansar. Alt dette, pluss godt skikka harmonisang, er med å gjere den litt Home Groan-slekta Unhappy/Dreamer til eit av albumet sine høgdepunkt. Eit anna er tittelkuttet, med sine insisterande og såre vers og sitt vakre harmonisterke refreng. Tematisk balar begge desse med tankar av det meir tungsindige slaget, og kjem frå det på habilt vis.

Det er når Larsen kastar seg i famnen på det meir håpefulle, og trør til med kjærleikserklæringar og truskapseidar at flosklane for alvor byrjar å komme vel tett. Låttitlar som May The Sun Always Shine, You're the Only One og Give Me Your Heart seier kanskje sitt. Han skal for all del få lov å synge om lykke og idyll, men det går vel an å gjere det i eit litt fiksare ordelag?

Til slutt kjem det to låtar som tematisk, og til ein viss grad også sonisk, trakkar i litt andre spor enn sine føregåande fetrar. Sweet Saviour's Arms er gospelcountry med ei fyldig brass-avslutning. Medan Atomic Bombs and Wine er både western swingande og whiskeyskrålande, og handlar om fulle menn sin trong til å løyse verdensproblem. Ein av desse mennene "runs a big country" og "loves country music and whiskey too". Kven kan det vere tru?

Om du neste gong, herr Larsen, kreerer tekstar etter like vitale mål som du skaper melodiar, ja då har du ei verkelig interesseskapande countryplate å by på.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo