cover

Grand Hotel

Christer Knutsen

CD (2006) - Frode / C+C

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Country / Singer/songwriter / Folk / Americana

Spor:
Next One's On Me
Wait For Him
She Said
Bicycle Tires
Could Have Been the One
Waiting to Be Heard
Down
Better Than Last Time
Right This Time
Anything But You

Referanser:
Vidar Vang
Tumbleweed
Ryan Adams
John Mellencamp
Neal Casal
Jesse Malin

Vis flere data

Se også:
Would You Please Welcome - Christer Knutsen (2005)
Now Breathe - Christer Knutsen (2009)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Korridormusikk

10 medium melankoliserte og countryfriserte songar frå eit alldeles middelmåtig hotellopphald.

Det skjer ikkje allverden i første etasje på Grand Hotel. I alle fall gjorde det ikkje det i den tida då Christer Knutsen var innkvartert der. 10 passelig melankoliserte skildringar av mellommenneskelige og tilbakeskodande karakter er kva Knutsen har å by på denne gongen. Det var vel omtrent det same han hadde på hjerta sist også. Det soniske bilete er også mykje det same. Ei passelig hås røyst syng ein passelig mikstur av countryrock med popfiksjonar. Og sluttresultatet blir, tja, sånn passelig.

Skulle ein komme i skade for å legge frå seg låtane til Knutsen i den store haugen av gjennomsnittleg countryrock, ja så er eg ikkje så sikker på om ein vil klare å finne så veldig mange av dei att. For han er ikkje ein kar som prøver å skila seg ut. Ganske så traust traskar han gjennom korridoren, og viser tilsynelatande liten interesse for uvesenet i etasjen over, eller den hudlause samtalen i bakgarden ved sida av.

Bakom anonyme saker som Next One's On Me og Wait For Him finn vi likevel ei og anna låt som ein kan føle at i det minste er på sporet av noko interessevekkjande. Bicycle Tires med sine diskrete lån frå Lowell George sin Willin' tar føre seg oppvekstminner på eit høvelig melodivis. Den djuptsøkande tonebygginga, den tunge pulsen og det vemodsvakre refrenget hjelper balladen Could Have Been the One til å stå fram som plata sitt kanskje beste augeblikk. I refrenget får Christer god vokalhjelp av Hilde Marie Kjersem. Ei dame som er med på fleire av låtane, og som burde ha fått komme til enda lengre framme i miksen. Det trur eg Christer og songane hans hadde tent på.

Blåsarar meir enn melodisk velstand gjer at ein merkar seg Down, og ditto eit fruktbart strykearrangement i avsluttande Anything But You. Medan eit dugande melodisk mønster, med eit par små Wilco anno Being There treffpunkt, løftar den skjøre Better Than Last Time opp frå haugen.

Så mykje meir frå Christer Knutsen sitt hotellopphald treng vi vel ikkje dvele ved. For vi snakkar nok om eit tidsperspektiv av ein dramatisk kortare art enn Hamsun sine kjente 100 år før dette her er gløymt.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo