cover

Mexican Standoff

Michelle Shocked

CD (2006) - Mighty Sound / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Mariachi / Tex-Mex / Blues

Spor:
Lonely Planet
La Cantina el Gato Negro
Wanted Man
Picoesque
Match Burns Twice
Mouth of the Mississippi
Bitter Pill
180 Proof
Weasel Be Poppin'
Blackjack Heart

Referanser:
Flaco Jimenez
Los Lobos
Texas Tornados
Angela Strehli
Marcia Ball

Vis flere data

Se også:
Don't Ask Don't Tell - Michelle Shocked (2006)
Got No Strings - Michelle Shocked (2006)

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


I grenseland

Eit haltande oppgjer mellom mexicansk musikktradisjon og Texasblues, som berre har taparar.

Idet 2004 gjekk mot sin slutt fekk Michelle Shocked det fryktelig travelt med å spele inn musikk. I tidsrommet 12-31 desember spelte ho inn to plater, og ho spelte like godt inn ei tredje i januar (sjå teksten om "Don't Ask, Don't Tell for meir om dette).

Mexican Standoff er plata som vart til under januardelen av innspelingane. Uttrykket Mexican Standoff blir ofte nytta for å illustrere ein fastlåst situasjon der ingen av dei involverte partane kan komme sigrande frå det. Det finst songar på plata som skildrar menneske i vanskelige situasjonar, og som Michelle sikkert kan ha tenkt tittelen i forhold til. Likevel trur eg nok den kanskje vel så mykje prøver å seie noko om dei musikalske kjeldene albumet har sprunge utav av. Mexico vs. USA, mariachi og conjunto vs. country og blues. Tex-mex.

Grovt sett kan ein seie at første halvdel av albumet hentar sin inspirasjon frå mexicansk kultur, medan andre halvdel kastar seg over den elektriske Texas-bluesen. Første halvdel er den mest varierte, og for så vidt beste. Utan at den på nokon som helst måte står klar for å gå inn i historiebøkene av den grunn. Blueshalvdelen kunne ho like godt ha gravlagd i ein grøftekant mellom Austin og Dallas for min del. Den kjem i standardiserte og konvensjonelle former, og er gitarfundert og til dels orgelfyldig. Tar føre seg den veldige elva, knallhard medisinering og like knallharde hjerter. Men den blør aldri, den bit aldri, den er berre doven og grå.

Det opnar ikkje så bra i mexicana-avdelinga heller. Det spansktestlige og brass-borne opningssporet Lonely Planet minnar for mykje om ein middelmåtig Gipsy Kings sak, og for lite om sveitt mariachi-glød til å overtyde. Ein anar ei svak betring i conjunto-balladen La Cantina el Gato Negro, utan at Michelle er heilt på heimebane her heller. Når ho kjem til spor tre, sluttar ho å synge på spansk. Fornuftig. Ho verkar med eingong mindre maniert. Wanted Man er ei enkel og habil vise om ei lovlaus sjel.

Den sentrale (og beste) låta på albumet er Picoesque. Her Michelle til veksande nesten gospel-liknande tonar gjer eit forsøk på å skildre bygningane, livet, stemninga og luktene langs Pico Boulevard i Los Angeles. Ei gate som har fått namnet sitt etter den siste Mexicanske guvernøren i California, Pio Pico (California var ein del av Mexico i tidsrommet 1822-46). Gata er også fyldig illustrert, i svart og kvitt, i albumet sitt sjudoble utbrettscover.

Det smartaste ho sannsynlegvis kunne ha gjort var å putte Picoesque inn på Don't Ask-albumet, og latt resten av spora her gå i gløymeboka.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo