cover

I Told You I Was Freaky

Flight of the Conchords

CD (2009) - Sub Pop / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Humor

Spor:
Hurt Feelings
Sugalumps
We're Both in Love with a Sexy Lady
I Told You I Was Freaky
Demon Woman
Rambling Through the Avenues of Time
Fashion Is Danger
Petrov, Yelyena, and Me
Too Many Dicks (On the Dance Floor)
You Don't Have to Be a Prostitute
Friends
Carol Brown
Angels

Referanser:
Monty Python
The Bonzo Dog Doo-Dah Band/Bonzo Dog Band
The Rutles
The Goodies
Roy Zimmerman
Bill Bailey

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


We're vincible!

Kiwiane er attende med meir heilsprø musikalsk humor. Og det funkar jammen som ei kanonkule!

The Flight of the Conchords gjorde det ikkje lett for seg sjølve då dei debuterte med ei plate som inneheld latterkuler som Bowie, den franske bossanovaen Foux Du Fafa, funky Hiphopopotamus vs. Rhymenoceros og, ikkje minst, smått legendariske Business Time. På I Told You I Was Freaky følger dei opp med stil og gjev oss 13 nye songar av høg standard.

Det som gjer bandet ganske unikt er det faktum at dei både meistrar det musikalske såvel som det tekstlege. Slik sett er dei på veg til same bås som den salige gamle meister Neil Innes frå The Rutles, Monty Python og Bonzo Dog Doo Dah Band. På I Told You I Was Freaky er det i det store og heile hip-hop formatet som blir harselert og kjælt med mest. Men også singer-songwriter tradisjonen står sterkt hjå New Zealenderane.

Opningslåta slår latterdøra på vidt gap med ein tekst om rapartistars kjensler, eit tema som tydelegvis ikkje blir teke opp alt for mykje.

Some people say that rappers don't have feelings
We have feelings
We have feelings
Some people say we are not rappers
We're rappers
That hurts our feelings
That hurts our feelings when you say we're not rappers
Some people say that rappers are invincible
We're vincible


Dette er sjølvsagt musikk og tekstar som er meint å gå hånd I hanske med det visuelle, nærmare bestemt ein sesong av The Flight Of The Conchords på HBO. Men, det fantastiske er at dette funkar som ei kanonkule når ein kun har plata å forhalde seg til også. Det suverent beste sporet må vere den funky, discoinspirerte Too Many Dicks (On the Dancefloor). Her snakkar me om eit spor som burde bli ein gjengangar på alle klubbar frå Ibiza til New York. I reine Village People-stilen blir me servert ei historie om korleis det går dersom det er for mange "herremenn" på dansegolvet på ein gong. Det er slettest ikkje å spøke med, skal me tru Flight of the Conchords.

Eit anna klart høgdepunkt er reggaen You Don't Need To Be A Prostitute. Denne låta inneheld eit av dei raraste, men samtidig mest fengande refrenga i året som snart er omme.

You Don't Have To Be A Prostitute
No No No No No
You can say no to being a Man-ho, a male gigolo
You Don't Have To Be A Prostitute
No No No No No
You can say no to being a night looker, boy hooker, rent boy, bro ho


Det er stor fallhøgde og ei stram line ein skal halde balansen på når ein driv med musikalsk komedie. Det kan lett bli plumpt og pinleg. Denne plata står derimot som ein påle og har både briljant komedie i seg, samt tilløp til stor musikk som gjer at det heile blir ein uimotståeleg miks. Alle som likar musikalsk komedie av høg kvalitet har noko å glede seg til med denne. I Told You I Was Freaky er ei trygg investering på alle måtar.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


The Streets - Original Pirate Material

(Warner Music)

The Streets er et aldri så lite stykke fysikk. Original Pirate Material rommer, om ikke nye, så i det minste egne lover.

Flere:

Tanakh - Dieu Deuil
Throw Me the Statue - Moonbeams