cover

Bubblegum

Clinic

CD (2010) - Domino / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Pop / Psykedelia / Folk / Garasjerock / Krautrock / Post-punk

Spor:
I'm Aware
Bubblegum
Baby
Lion Tamer
Linda
Milk & Honey
The Radio Story
Forever (Demis' Blues)
Another Way of Giving
Evelyn
Un Astronauta En Cielo
Freemason Waltz
Orangutan

Referanser:
The Velvet Underground
Pixies
Arcade Fire
Blur
XTC
The Beatles
The Zombies
Love

Vis flere data

Se også:
Walking With Thee - Clinic (2002)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ikkje så klinisk

Merseyside-kvartetten har tatt vegen frå det frenetisk forstyrra til det melodisk poppsykedeliske, utan å legge att gnisten.

Tre låtar inn i Bubblegum, og eg byrja fundere på om eg var komme feil. Men så kjem Lion Tamer, og er veldig Clinic. Stram, pågåande, lyssvak, forstyrra garasjerock/minimalistisk krautrock slik kjennemerket til Liverpool-kvartetten har vore, i over ti år. Men så, hei, kjem Linda. Ei akustisk vise, ei ganske så vennlig innstilt kjærleiksvise. Og om det ikkje akkurat er kjærleiksviser som dominerer Bubblegum, så er det ei lystigare innstilling her, eit vennligare hjerte, eit sonisk meir dempa preg. Mykje er akustisk basert, i eit psykedelisk bilde, frå eit 60-tal som bandet alltid har hatt ein hang mot.

Når det er sagt. Og visst eg tenker meg litt om. Det var litt meir popsong-preg over Do It! også. Deira førre plate. Meir enn kva som er å finne i det tette marginaliserte drivet som prega deira album frå Internal Wrangler og framover. Debultalbumet Internal Wrangler (frå 2000), tretti minuttar med rytmisk intensitet og manisk melodiåtferd. Ei fabelaktig plate i grunn.

Do It! var riktig så bra den også, i sitt litt meir konvensjonelle mønster. Bubblegum er endå nokre skritt i konvensjonell retning. Men det er stadig Ade Blackburn som syng, og han gjer det framleis på denne pasjonert angripande men samstundes lett snublande måten sin.

"In the dark you're never gone" syng han i I'm Aware. Den poppsykedeliske moderate og "oooh, oooh"-vakre førstesingelen. Og om den kanskje ikkje heilt har sine likemenn på plata, så har den i alle fall sine slektningar. Sterke slektningar, som Forever (Demi's Blues) med sitt fengande gitartema og subtilt eggande vesen, og Another Way Of Giving med sitt vagt austlege preg, og ja, eggande vesen.

For vel er det eit akustisk utgangspunkt her, men det blir omfamna av noko anna, og ikkje minst av ein verknadsfull rytmikk. Ikkje av den rabiate og sterkt åtakshungrige sorten, men ein meir sordinert sort. Sordinert, men eggande. Eller smått jazzig, med visper i hand i Freedom Waltz. Eller nesten fråverande i den fredsame visa om Baby.

Vennligare sa eg visst. Jo, men ikkje vennlig. Mjukare og rundare kunne eg også sagt. Ja, men ikkje utan angrepslyst, ikkje utan kantar. Dette foruroliggande, dette forstyrra som har vore ein del av Clinic sin eigenart er ikkje feid under teppet på Bubblegum heller. Det er i lufta, det svevar rundt, det skapar ein viss uro, ein nyttig uro. Det er berre ikkje så nærgåande og tydelig til stades lenger. På eit par unntak nær då. Eg nemnte Lion Tamer, og kjenner eit behov for å nemne den snerrande og Pixies-dynamiske Orangutan også. Resten, resten fører stort sett sine tonar i dei meir popmelodiske former.

Så kan ein kanskje seie at det er då fleire der ute som gjer sakene sine på denne måten, enn den måten Clinic skapte på Internal Wrangler. At noko av særpreget er blitt ofra på det melodiorienterte sitt alter. At ein søker Clinic for å få ein dose forstyrra garasjerock / minimalistisk krautrock / devoistisk postpunk, og helst det. Vel-vel, eg har nå likevel falt litt for denne plata eg. For eg likar melodiane eg finn her. Og då kjennest det i grunn heilt greitt at dei har gjort det på dette viset, denne gongen.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo