cover

Romantica

Luna

CD (2002) - Beggars Banquet / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Alternativ / Poprock / Indiepop / Drømmepop

Spor:
Lovedust
Weird and Woozy
Black Postcards
Black Champagne
Swedish Fish
Renée Is Crying
Mermaid Eyes
1995
Rememories
Dizzy
Orange Peel
Romantica

Referanser:
Galaxie 500
Television
The Velvet Underground
New Order

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Nesten fullmåne

Sjølv om Wareham ved enkelte høve også beskriv minussida på trivselsbarometeret, så oppheld Luna seg oftare på den hyggelige sida denne gangen.

Luna, som i sin tid blei starta etter at Dean Wareham hadde oppløyst slowcore bandet Galaxie 500, er ute med sitt sjette studioalbum, og på Romantica er det beskrivelsen av det bekvemme liv som står i sentrum. For sjølv om Dean ved enkelte høve også beskriv minussida på trivselsbarometeret, så oppheld Luna seg oftare på den hyggelige sida denne gangen. Tittelen skulle vel også seie sitt om årsaka til eit optimistisk syn på tilværelsen. Nå går ikkje Dean på nokon som helst måte særlig djupt ned under overflata, noko han vel egentlig sjelden har gjort. Det blir helst distanserte betraktningar, levert med hans karakteristiske tørre, men samtidig melodiske stemme. Det heile er makeleg og sommarleg, med slentrande og joviale melodiar. Sean Eden fyller inn med inspirerte, poetiske og vakre gitartoner, som ein skal være rimelig tjukkhuda for ikkje å bli fengsla av.

Luna er på ingen måte eit nyskapande band, dei lar seg påvirke av og stjel friskt frå fleire kjelder. Det er nærliggande å trekke fram Velvet Underground, som dei rett nok aldri har fjerna seg lengre frå enn på denne plata, men ein svak skygge finst ennå. Eit anna New York band som dei har høyrt meir enn ein gong er Television. Sean Eden har nok også fanga opp ein og annan idé frå Tom Verlaine sin særprega gitarstil. Dei to første sangtonane ("do I") til Dean Wareham i nydelige Mermaid Eyes er for øvrig identisk med dei to første i Televisions Guiding Light, men derifrå og ut er det ein heilt annan låt, bassist Britta Phillips kjem etterkvart med på vokal, og det utviklar seg til platas sensuelle høgdepunkt. Det er vel tvilsomt om Luna nokon gang har høyrt det norske bandet Sister Rain, men ved nokre anledningar fornemmer eg nokre likhetspunkt, som for eksempel i den lause, smidige og småfunky Black Postcard, eit anna høgdepunkt her. Ein etikett som og kan være passende for Dizzy, som låner meir enn eit element frå Van Halens Jump, men er ein betraktelig langsommere og meir bedagelig affære.

Dave Fridmann (Flaming Lips, Mercury Rev) har vore medprodusent, utan at han har sett sine tydelige merker, hvis me då ser bort frå den utsøkte balladen Black Champagne, som med strykarar og ein smule psykedelisk stemning kan få ein til å fornemme litt Flaming Lips klang.

Etter å ha eksistert i meir enn 10 år som band har Luna komme opp med ei plate som er heilt på høgde med det beste dei har prestert tidlegare (les: Bewitched, 1994). Romantica er blitt ei plate mest for det bekveme verandalivet, med selskap av eit glas Tequila Sunrise, ein varm sommarkveld.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #62: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 6

Det handler om gammelmodige heltefigurer i tegneseriene når vi vender blikket mot bladkiosken og det norske tegneseriemarkedet i nostalgiens syttitall.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

DRUMMER WANTED - NORGES TURN...
26.06.14 - 22:35

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo