cover

Brothers and Sisters of the Eternal Son

Damien Jurado

CD (2014) - Secretly Canadian

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Folkrock / Psykedelia

Spor:
Magic Number
Silver Timothy
Return To Maraqopa
Metallic Cloud
Jericho Road
Silver Donna
Silver Malcolm
Silver Katherine
Silver Joy
Suns In Our Mind

Referanser:
Richard Swift
Crosby, Stills, Nash & Young
Curtis Mayfield
Larry Norman
Phosphorescent
Jonathan Wilson

Vis flere data

Se også:
I Break Chairs - Damien Jurado & Gathered In Song (2002)
Where Shall You Take Me? - Damien Jurado (2003)
Where Shall You Take Me? - Damien Jurado (2003)
Just In Time For Something - Damien Jurado (2004)
On My Way to Absence - Damien Jurado (2005)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Død, dans og oppstandelse

Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle.

Ååh Silver Donna, for ein godlåt. Og slett ikkje slik skjemaet seier at ein Damien Jurado-låt skal vere. Hadde eg for nokre veker sidan blitt utsett for ein blindtest av Silver Donna ville eg aldri klart å komme fram til kven det var som framførte den. Eit suggererande groove, funky basslinjer, bongos, dub, disig psykedelia, romklang, varme, Curtis Mayfield, eller kanskje noko Jim James kunne ha spankulert seg inn i. Falsettsong, men ikkje den reine og klare. Det er noko groms i kantane her. Det gjer den i grunn ikkje mindre attraktiv. Men at det var du Damien Jurado som var i midten av denne låta, nei det hadde eg nok ikkje gissa. At eg skulle sprette opp og danse til ein Damien Jurado-låt, nei det hadde eg ikkje trudd skulle skje. Men vent litt nå, burde eg ikkje ha trudd det? Har det ikkje vore slik på dei siste utgjevingane til Jurado at han har vist ei sterkt mangelfull interesse for å stivne fast i den der trubadurmelankolikar-båsen? Byrja han då ikkje si førre plate med eit psykedelisk nummer som ikkje hadde sin like i katalogen hans av eit titals plater? Jodå, men denne gongen går han lengre. Denne gongen er han i ein fridomsflyt av det verkelige slaget. Aldri så langt frå senter som på Silver Donna, men lengre unna enn på noko tidlegare plate.

Det var vel med Saint Bartlett at noko byrja å utvikle seg i ein annan retning. Plata der Richard Swift for første gong involverte seg i Damien Jurado sitt soniske virke. Soloartisten, multi-instrumentalisten, The Shins-tangentisten og plateprodusenten Richard Swift. Han har gjort Damien Jurado godt. Og aldri så godt som på Brothers and Sisters of the Eternal Son. Den tredje plata på rad han er involvert i.

Jurado har sjølv formidla at albumet reint tematisk er ein oppfølgjar til to år gamle Maraqopa. Ei plate han den gong hevda var inspirert av ein draum om ein mann på leit etter ein stad for kontemplasjon, og kanskje nokre svar på livets gåte. Maraqopa var namnet på staden. Ein liten jordisk idyll, eller eit utopia, eller kanskje noko endå meir svevande. Spørsmåla han stilte var fleire enn svara han kom fram til, med referansar til kristendommens Gud og hans son som eit vagt gjennomgangstema. Eg vil likevel ikkje seie at eg opplevde det som eit konseptalbum. Det gjer eg med årets album.

Eit tidleg spor er kalla Return to Maraqopa, albumtittelen refererar til bibelens Jesus, og både han og Gud sjølv har ei rolle eg opplever som hakket meir framtredande enn på førre album. Om enn ikkje klart og tydelig definert. Hangen til surrealistiske vinklingar, disige linjer og mystiske dialogar er den dominerande hangen. Ikkje ei heilt jordnær historie altså. Her er det nok fleire dimensjonar i virke samstundes. Den om ein fyr på leit etter meininga med det heile, og det å finne fred med seg sjølv, i etterkant av å ha omkomme i ei bilulukke, er vel den mest handfaste (om ein kan bruke eit slikt ord om det då?). Inn i denne historia flyt det så noko utanomjordisk og science fiction prega, og dette spirituelle, med eit utal referansar til bibelen. Skulle eg driste meg til å strekke ei lineær linje her, vil eg seie at det handlar om død, forvirring, oppstandelse, tvil, sakn, forsoning, og gjenkomst. Såpass ja (og meir til).

"Remove my nails when you find the time" er det ein som uttalar i først song. Er det han som nyleg har døydd i ei ulykke? Eller kanskje det er Jesus? "I was met on the road by a face I once knew" syng Jurado i Silver Timothy, og eg tenker at han her kan ha i tankane Jesus sitt møte med to av sine disiplar på veg til Emmaus, like etter at han hadde stått opp frå det døde. I Metallic Cloud snakkar Jurado om "resurrection signs" (teikn på oppstandelse). Og i songen som fylgjer er det ein som preikar om å få dokumentert sin "resurrection here on Jericho Road". Mot slutten av albumet vender hovudpersonen seg til ei kvinne med namn Katherine og formidlar at han har "seen Him, outside of Maraqopa". Ein fred senkar seg så over forteljinga i dei to siste låtane. "Let me sleep in the slumber of the morning ….. and be sure and wake me when eternity begins" lyder linjene songaren rammar den nest siste songen inn i. Før han avsluttar seansen med denne slutninga: "Over there beyond the words, we are all we dream of". Ein meir fredfull og lukkelig slutt kan eg ikkje minnast å ha høyrt på noko Damien Jurado album.

Eit album der det soniske som nemnt kjem i friare former enn kva denne karen har lagt opp til før. Der romklangen er veldig og mr. Swift serverer tangenttonar av ulik temperatur. Silver Donna er slett ikkje den einaste låta det kan dansast til. I all sin skakke psykedelia har Magic Number ein god groove den også. Medan Silver Timothy er låta med den kjappaste takten, og kombinerer det med ei melodisk drakt av det raffinert kledelige slaget, på eit vis som gjer at den står fram som eit av platas beste spor. Men det er det fleire som gjer. Metallic Cloud har kanskje ikkje det dansbare groovet, men til gjengjeld driv den ganske så inderlig inn i tonar eg ikkje har forsvarsverk mot. Medan Jericho Road duvar sonisk urein i eit klagande psykedelisk lende eg kjenner mykje godt for. I siste halvdel vert ting skrudd litt ned. Då dukkar det fram vakre viser som Silver Katherine og Silver Joy.

Ordet Silver går som de sikkert forstår att i mange av låtane på plata. Utan at eg har den ringaste aning om kvifor. Men eg skal fundere vidare over det. For eg har absolutt ikkje gjort meg ferdig med denne plata.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo