cover

Pascal Pinon

Pascal Pinon

CD (2011) - Morr Music / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folk / Vise

Spor:
Undir Heiðum Himni
Árstíðir
Baldursbrár
Ósonlagið
Djöflasnaran
I Wrote A Song
New Beginning
Moi
Sandur
Kertið Og Húsið Brann
En Dú Varst Ævintýr

Referanser:
First Aid Kit
Mountain Man
Secret Sisters
Lay Low
Kate & Anna McGarrigle

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ungt og enkelt

Islandske tvillingharmoniar i enkel, heimelaga og truskuldig viseform.

Den første gongen eg høyrte om Pascal Pinon var han ein karakter i ei trist, oppskakande og nydelig lita bok av Per Olov Enquist med tittelen Styrtet Engel. Pinon var her ein plaga og kjærleikssøkande mann med ein utvekst, eit kvinnehovud. Enquist sin historie om Pascal Pinon er dikting, men det levde også ein mann i Texas for 100 år sidan med det same namnet, med ein utvekst i panna. Han var ein attraksjon på datidas freakshow, med eit ansikt teikna på utveksten.

Pascal Pinon frå Island er ikkje ein mann, det er eit band. Eit band med fire unge jenter i. Om det er Enquist sin Pinon, eller den verkelige Pinon som har vore inspirasjonen til bandnamnet veit eg ingenting om, men etter å ha høyrt gjennom plata deira nokre gonger veit eg at det tragiske og vonde i boka til Enquist og i freakshowet frå Texas ikkje kan sporast i plata frå Island. Det eg høyrer er eit tvillingpar i yndig samsong. Det må vere tvillingfaktoren som har gitt dei ideen til bandnamnet. Den og lite anna.

Jófríður og Ásthildur heiter tvillingparet, og er midt i tenåra. Saman med sine to bandvenninner spelar og syng dei ein enkel, sympatisk og truskuldig visepop. Dei syng litt på engelsk, men mest på sitt morsmål. Og sidan eg på langt nær er like lommekjent i gammalnorsken som i nynorsken har eg litt vanskelig for å oppfatte kva teksten fortel. Men tonen dei framfører den i gjer med ein idé om at det ikkje er dei mørkaste av skyer, og dei mest absurde tankar som ligg bakom, tvert imot.

Enkle akkordar frå eit par akustiske gitarar er det dominante instrumentale fylgjet plata igjennom. Elles får eit klokkespel ved fleire høve plass langt framme i det nakne bildet. Eit bilde som ikkje gjer plass til trommer, bass eller elektriske lydkjelder av noko slag. Uskuldsreine fløytetonar dukkar derimot opp litt her og der. Vel, kanskje ikkje alltid heilt uskyldige, for i tre-fire låtar skingrar det eg trur må vere såkalla slide-fløyter ut i litt desorientert terreng, og tar såleis på seg å vere den einaste vesle trusselen mot den rådande visefreden.

På Facebook-sida si oppgjer jentene heimstaden sin til å vere Múmíndalurinn. Mine detaljkunnskapar om islandsk geografi er ikkje 100%, men nett her mistenker eg dei for å tøyse litt med oss. For er ikkje det namnet islandsk for Mummidalen tru? Og i den dalen trur eg kvartetten ville blitt tatt vel imot. Den naive tonen deira ville der møtt djup forståing.

Når Pascal Pinon i haustlige omgjevnadar i låta Árstíðir syng "feeling so happy" (på engelsk ja) og tenker på graset som snart skal bli grønt att, kunne nokre vemodslune munnspeltonar frå Snusmumrikken veldig så naturlig fått sin plass i bildet. Noko dei òg kunne fått i jentene sin kommentar til den globale oppvarminga Ósonlagið (på islandsk denne gongen, men noko seier meg det er det låta handlar om). Ein munnspeltone hadde vel heller ikkje vore heilt bortkommen i den elles sonisk sett noko fyldigare Kertið Og Húsið Brann (den har keyboard i både symjande og bassgravande form).

Sjølv om her er nyanseskilnader kan eg vel vanskelig hevde anna enn at det soniske mønsteret på albumet er av det einsretta slaget, det same må vel seiast om det melodiske. Samstundes som eg ikkje har vanskelig for å innrømme at det er tufta på strofer eg kan finne hugnad i. Snille, måtehaldne og sjarmerande strofer.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo