cover

Great Lake Swimmers

Great Lake Swimmers

CD (2004) - Fargo / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Alternativ / Americana

Spor:
Moving Pictures Silent Films
The Man With No Skin
Moving, Shaking
Merge, a Vessel, a Harbour
I Will Never See the Sun
This Is Not Like Home
The Animals of The World
Faithful Night, Listening
Three Days At Sea (Three Lost Years)
Great Lake Swimmers

Referanser:
Songs: Ohia
Will Oldham
Nick Drake
Neil Young
My Morning Jacket

Vis flere data

Se også:
Lost Channels - Great Lake Swimmers (2009)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


'such a long swim'

Klangrike og triste tonar støttar opp vemodige skildringar og dei rir langsomt saman i gåtefull harmoni.

Great Lake Swimmers. Sei det ein gong til. Smak litt på orda. Kva ser du for deg?

Eg ser ein skikkelse. Fleire skikkelsar. Alle små og aleine i si ferd på den store sjøen. Eg anar lengsel og vemod. Men eg anar også sinnsro og fred. For i dei langsomme symjetaka på den store sjøen ligg det eit søk etter innsikt. Der uroen som herjar innsida får lov å møte harmonien som er å finne i dei svale bølgjene.

OK, eg skal være ærlig. Eg har nok litt meir enn dei tre orda å forhalde meg til i mitt syn. For i det eg skriv dette, har eg også gjort meg kjent med dei nesten femti minuttane med musikk gjeve ut under signaturen Great Lake Swimmers.

Terry Dekker er hans egentlige navn. Han lever og bur i den canadiske storbyen Toronto, midt innimellom dei, i geografisk skala, verkelige store sjøane. Her har han komponert og spelt inn eit debutalbum av stor nåde. Vakkert er eit ord ein ofte tyr til når ein prøver å omtale små og store musikalske øyeblikk. Og det er slett ingen grunn til å la dette ordet få kvile denne gongen heller. Klangrike og triste tonar støttar opp vemodige skildringar og dei rir langsomt saman i gåtefull harmoni.

Det er i enkelte kretsar vorte ein populær øvelse å sukke og bære seg når ein høyrer ord som einslig mann/dame med akustisk gitar, angst og tungsinn. I ein del tilfeller kan nok slike reaksjonar være på sin plass. Underteikna finn like fullt mange av desse dystre tonetuklarane interessante. Kanskje fordi det av og til gjer godt å gjeste sider av sjela ein ikkje ber utanpå kroppen til daglig. Desse litt mørkare og hemmeligare avkrokane. Der folk av Terry Dekker sitt kaliber finn saker og ting verdt nokre velvalgte ord, og samstundes kler det heile i utsøkt tonedrakt.

"Oh, wake me please when this is over". Slik lyder den aller første linja på albumet. Utan at lyttaren bør finne på å ta det bokstavelig. For då vil ein gå glipp av ei storveges stund i den lutrande melankolien sitt teikn. Ei stund med sine klare preferansar til andre som har helde ein gitar i henda og sunge eigenkomponerte saker. Likevel vil eg hevde at Dekker har funne sin eigen måte å forme tonane på. Den er tålsam og melodisterk, smertelig og intens. Og albumet er ikkje blitt til på ein stad der slikt vanlegvis blir til. Alt saman er nemlig spelt inn i ein forlatt kornsilo ute på den canadiske landsbygda. Ein stad ikkje eingong straumnettet har nådd fram til. Dekker og innspelings-ansvarlig Victor Szabo laut derfor ha med sitt eige vesle straum-aggregat.

På den instrumentelle sida klarte ein seg uansett nesten utan oppkobling mot straumgjevande kjelder. Litt piano, trommer og lap-steel spelt på av eit par innleigte musikantar, men i all hovedsak er det Dekker sin akustiske gitar som dominerer. Og med hjelp av gjenklangen frå siloveggane blir det ein fyldig og flott tone. Om det er ekkoet frå dei same veggane eller pålegg frå Dekker og Szabo si side skal eg ikkje seie for sikkert, men vokalen til Dekker har ofte karakter av både to og tre lag. Effektfull harmonisang blir det i alle fall. I tillegg spelar og korar cirka hundretusen sirissar i bakgrunnen.

Ikkje eit veikt spor. Men første halvdel er kanskje eit mikroskopisk milligram sterkare enn andre. Moving Pictures Silent Films styrer det heile varleg i gang. Gitaren trillar fram fine tonar og eit piano gjer seg såvidt gjeldande frå eit dunkelt hjørne. Dekker syng desperate linjer; "Is this the dream I've been saving, where the hearts beats slower, to almost nothing?". Vel, "the truth was unbearable". Etter denne tar han så føre seg The Man With No Skin, tonen er fortsatt sår, og vår mann finn etterkvart ut at "it's time to grow a second skin to keep the inside safe". Særlig meir optimistisk enn dette blir det ikkje. Likevel fortonar det heile seg langt meir som ei forsiktig messe, og som ein stemningsrapport frå dei mørke krokane, enn ein sytande og sjølvmedlidande seanse. Dermed blir albumet ei rensande og ingen infiserande oppleving. Også når han syng om "things better left unknown" i den Will Oldham-farga Moving, Shaking. Eller når han i tilnærma Jason Molina-stil tar føre seg mistak og død i Merge, A Vessel, A Harbour.

Tempoet blir auka litt og trommene dukkar opp i I Will Never See The Sun, men smerta blir ikkje mindre av den grunn. Trommene er også forsiktig tilstades i det episke og avsluttande tittelsporet. Her sjø og symjing blir metaforar for livet og alle dets harde kampar; "the shore is so far away, the finish line is out of sight, I won't give up without a fight".

Musikk for timen etter midnatt. Og mange andre timar også.

comments powered by Disqus

 



marve "besserwisser" valdemar
2004-11-22Litt slurv

Kjempefin plate, men mannen heiter Tony Dekker, ikkje Terry.

Oddmund Berge
2004-11-23Uffdå

Marve har sjølvsagt heilt rett. To gonger har eg visst klart å påstå at Tony heiter Terry. Den eine gongen hevdar eg endå til at hans egentlige namn er Terry Dekker. Men det er det altså ikkje. Vel, vel; ei høveleg straffelekse for slikt slurv bør kanskje være å finne fram eit A4 ark og skrive Tony Dekker hundre gonger. Jepp det trur eg det er, eg set igang med ein gong.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo